onsdag 28. juli 2010

Gjegnen 1670 moh. 26. -27- juli.

Kven kan seia nei til ein tur til paradis?? Ikkje eg, så igjen bar det i veg til Gjegnen.
Ein kan lure på kvifor ein vil kroppen sin so ilt, men steikje kor deilig det er å få ei bekrefting på at den virkar godt!!

Denne gongen skulle eg gå med 3 andre spreke damer, og som dei 2 andre gongane eg har vore til topps er broderen guide. For det seier eg dykk: GÅ ALDRI ALEINE HIT!!

(foto: Evelyn)
Me starta frå Hope. Parkerte nede i ein sving og gjekk den fyrste timen på ein skogsveg. Bratt og fint å gå.
Så kom ein bratt time i lauvskog. Det var både hett og tungt så det passa perfekt med ei pause ved Lavesteinen. Ca halve turen var unnagjort no, men reste skulle gå på berg og fjell så dette såg me lyst på. Me følte vel alle (håpte i allfall) på at det verste var unnagjort på etappen til Gjegnabu. Og det stemde det!

Turen er ikkje merkt og for å seia det rett ut, eg hadde ikkje peiling på kor eg skulle gå. Umulig å gjenkjenne seg i dette ville og vakre landskapet. Men Martin peika og forklarte; me skulle gå mot den toppen og den den varden. Me gjekk rett opp bratt berg og klatra over steinar og ur. Takk og pris for at det vart tørre berg!


Utsynet er så vakkert at ord er vanskeleg å finna. Ein formeleg kjenner lykka i sjela når ein stoppar og ser ut over alt. Og når me i tillegg fekk besøk av ei ørn som sveva bortanfor oss, ja kva kan eg seia....? LYKKE!

Etter 4 timar nådde me Gjegnabu. Mitt paradis nr 2. Her er det så fantastisk vakkert og stiligt! Hytta, plasseringa, utedoen, fjellet, breane, vatna, utsikta Gjegnen..... ALT er storslått her!

Martin henta vatn og Evelyn koka god gamaldags kokekaffi, og gitt om den smakte!

Jorunn og Eli hadde kjøpt god middag, pasta med spekeskinke til. Kvitvinen som eg hadde på lur i sekken smakte perfekt til maten. Alle kjende vel på lykka i denne stund. SÅ godt me har det!

Me vart etterkvart litt segne og nokre ville legga seg. Og sidan det er berre eitt rom i hytta så måtte me alle legga oss. Der er ei stor seng der så ei hadde fått melding om at me måtte vera greie med Martin ;) Men han visste råd, la ned benken og vips var der to sengeplassar til. Me Mettenesane kapra dei.


Himmelen, fjella og Ålfotenbreen endra farge og gjorde alt om til eit maleri av dei sjeldne når kveldssola gjekk ned bak ein Gjegnen.  Eg stilte meg opp på berg kanten og prøvde meg på litt Tai Chi, fekk da ikkje heilt til, men sugde all energi til meg og kjende eg var eitt med alt. Kven kunne legge seg i slikt eit landskap. Eg kunne sove med haka i glaskarmen og berre sett......Vakkert! (Og så var det tre andre damer som måtte ut å sjå på fullmånen midt på natto, men kom dei i hug å ta bilete...? Nei...

Neste dag kom smygande i solskin. Martin var fyrstemann opp. Han koka kaffi og vaksa opp medan me åt og traska ut og inn. Ikkje lett oppgåve det, men me vart no ferdige. Eg for min del hadde ei stille stund med frukost ute på berget før eg pakka, vaska golvet og vart klar til å gå.

Me hadde bestemt oss for å gå ned i Metteneset så me visste turen ville verta lang, men me glada oss til toppen. Me brukte ca ein time til brefallet. Det gjorde inntrykk å sjå det Litauiske flagget stå der og vite at det kanskje berga livet til mannen som gjekk seg vill i fjor. Atter ein gong takka eg for at me hadde kjentmann med oss. Frå brefallet gjekk me over ei ur og over nokre småbreear som låg i ei fjellhylle. Det var greitt å gå, men eg synes det var skummelt fordi det såg så grådig skummelt ut frå hytto.

Etter 2 timars gange var me komt opp til den store ura som fører inn til toppen av Gjegnalunden. Her sette me frå oss lit utstyr og ting og tang. Me såg skyer kome i vest så gjekk i fin fart inn til toppen. Etter ein time var me oppe og FOR ein topp! Det var klårt og fint i dei fleste himmelretningane! 3 lykkelege damer hadde nådd toppen for fyrste gong. Gratulerer! Det er faktisk ei bragd!



Mine tankar gjekk til far min når eg sto der. Eg takka for alt han var for meg og for alle fortellingane han har delt med meg om turar i desse fjellområda. Dette var hans område, her var han i barndomen og i vaksen alder, her ferierte han og arbeidde han. Det var turane i dette området han mimra om når han viste at livet var over. Det var så uendeleg godt å stå der på toppen og føle at eg var i hans rike. Akkurat her og no.

Martin nyt maten og utsynet!

Me tok bilde, åt og skreiv oss inn i boka. Alle med same lykka over å vera her. Det bles godt så etter ein halvtime var det over, me måtte begynne å gå ned att. Skodda og skyene kom stadig nærare og Martin ville helst få oss over breen før den nådde oss. Eg var førnøgd med at fineværet som eg hadde lova damene holdt. Kontakten med værguden på mitt fjell er god :) Dette var min 3. tur hit for meg og fjellskoa mine og været har vore godt alle gongane!
Ved brekanten tok me selar og tau på oss. Det var behagelig å gå i snøen nedoverbakken. Me gjekk over fleire sprekker så det var med ei viss skummel - fryd me gjekk der.

Sjekk den fantastiske steinen!
Mitt paradis! (foto: Evelyn)
(foto: Evelyn)

Me pausa når me kom over og gjekk deretter ned til Skarvevatnet. Der tok me av oss skoa og vassa over. Å Gud det var deilig å få kjølt ned føtene i isvatnet! Nett som eg fekk litt ny giv etter det. Me pausa der, på toppen av mitt paradis nr 1, for under fossen ligg Gullsmedhytta. (Mitt fyrste bilde i denne bloggen er teke der når eg var ca 2-4 år.)

Frå vann kanten her er stien merka med raude T'ar heilt ned til skogkanten. Det var utrulig kjekt å igjen å gå over Mettenes hesten og ned til Metteneset. Knea brann men det måtte eg berre prøve å oversjå eller overkjenne. Me pausa nede i skaret og på Tobrasmyra. Utsikta er fabelaktig herifra.

Følelsen når eg såg huset i Metteneset gav meg flashback til barndomen, til alle gongane eg sto i tunet og folk kom slitne og glade for å ha vore på Gjegnen. Denne gongen var det eg som kom i tunet og var akkurat så glad, lykkelig og sliten etter å ha vore på ein fantastisk flott tur på Gjegnen!

Etter 10.5 timar var me endeleg på kaia i Metteneset. For ein tur! Verd slitne kne og gangsperren som kjem dei neste dagane!

Takkar Evelyn, Jorunn, Eli og Martin for at de ville dele denne turen med meg!

fredag 23. juli 2010

Svinestranda med Michael og Evelyn 23.07.10

Idag passa det omsider for både Evelyn og meg å gå på tur. Valet falt på Svinestranda. Eg har jo vore der 2 gongar før denne sommaren, men sidan det er ein relativ lett tur er det berre kjekt å gå dit. Michael fekk og vera med sidan han er SÅ flink og villig til å gå! Han sankar poeng til Turboreven. Den var ikkje der, men han får likevel med seg 10 poeng i STIL boka som ligg der.

NB! Til alle dei som går dit, ta med jakke! Må pinlig berørt seia at eg tok ikkje med meg jakke og måtte dermed låna Evelyn si reserve jakke. Det var nydelig vær, men vinden var kald.

Fy fader, Evelyn ser ut som en fjortis! Lure på kor ho har fått sine gener frå!!
Du er heldig du Evelyn!

Å så godt der var å kome til toppen!! Mat frå Bakaren smakte deiligt!

torsdag 22. juli 2010

Solastrando

Ikkje akkurat ein fjelltur men definitivt eit himmelrike!
Var heldig og kom forbi desse som sto klare til fotografering...

Eg måtte berre prøva og kjenna den mjuke sanden og det kalde vatnet...

Der var fleire som "kita", nokon fekk da til og andre ikkje...

onsdag 21. juli 2010

Seterdalsheiane 13. - 17. juli

Etter å ha sjekka yr.no fann me ut at det finaste været i sør noreg var i Seterdalsheiane. Me droppa planen om å gå i Stølsheimen og reiste dit.
Utgangspunktet var Dunsen. 2.5 time frå Stavanger.
Med sekkar på 16 og 17 kilo må eg innrømme at det var tungt å gå til den fyrste hytta Kvinen.
Hytta ligg i nordenden av Kvifjorden ca. 300 m frå Kvinen gård som blei nedlagt i når Kvifjorden vart neddemt. Hytta har 37 sengeplasser fordelt på 1. og 2.etg.

Den vart bygd i 1970 og var dårlig vedlikehalden. Det var bonden på gården som dreiv Kvinen før, men no er det Kristiansand og Opplands turistforening (KOT) som eig og driv den.
På Kvinen hadde me selskap eit eit par frå tyskland, eit par frå Stavanger og far og son. Alle desse (minus tyskarane) skulle gå same rute som oss til Josepshbu og vidare til Gaukhei.


Me hadde fint vær fyrste dagen, om natta regna det men 2. dagen var det sol frå skyfri himmel!!
På denne strekninga gjekk me over Vardehei, som var turens høgaste punkt med sine 920 moh. Der på toppen hadde me lunsj pause med flott utsyn til alle kantar!
Etter 5.5 timar var me endeleg framme med Josephsbu. Ei flott hytte 880 moh.

Sidan sola skein nytta me høve til å ta oss eit forfriskande bad i vatnet. Kaldt men godt!
Me lagde suppe til middag og hadde hermetiske fersken til dessert, nam nam!!
På denne hytta var dei same som på Kvinen pluss ein far som var på tur med tenårings sønnene sine.


Me våkna opp til skikkelig regnvær og tvilen kom sniklande, skulle me snu?? Men tanken på ferske rundstykker til frukost på Gaukhei freista og var me ikkje vikingar som tålte litt regn? Klart me var så me tok sekken på ryggen og tasla i veg. Etter 3.5 time var me framme. Torden braka i det me fann rommet men me hadde gått nesten utan å ha fått ein dråpe :)

Her var det folk frå ulike hytter, nokon var nett begynt og nokon skulle avslutte turen sin her.
Kl 18.30 fekk me elg gryte med deilig dessert. Her var skjenke løyve så eg kjøpte meg ei kald øl til maten. Himmelsk godt!



                
Gitt om det smakte godt med ferske rundstykker til frukost langt inne i fjellheimen!! mmmmmm
Været vasr igjen usikkert men denne gangen tok me ein omveg slik at me kor rett tilbake til Kvinen. Men for ein flott dag!! Me brukte 8 timar inkl pause. Men været var stort sett bra, minus den siste 1.5 timen. Det begynte med yr og den siste halvtimen plaska det det ned! Men kva gjorde det når hytta var innanfor synsvidda!

Må ta med at det er lemen år i år! Me såg flust av dei! Artige små skapningar, nokon gongar sinte som fly og andre gongar sprang dei redde mellom føtene når me gjekk. Me såg og mange ryper med ungar.









fredag 9. juli 2010

Langtur i nærområdet; Svinestranda til Haugsvarden.

Svinestranda, 1074 moh
Nonstuva, 1140 moh
På veg ned mot Kvanndalen, me ser Svinestrandstoppen bak.
På veg ned Skredene, Haugsvarden ser ein såvidt i bildet.
Ved Moldatjønna Choco fekk teften
at han gjekk i band det ikkje heft'n
han sprang så lang han var
når Eva fekk han fanga var ho gla'
eg innrømmer det gjerne
eg sto igjen og lo til eg var mo i knærne
Endeleg framme ved Haugsvarden, 862 moh
Me sanka poeng idag, 5 her og 10 (?) på Svinestranda
Kan ein ha betre utsikt?
Kjekt med hund på tur!!

onsdag 7. juli 2010

Impulstur; Fitjestøylen til Gjengedalsstøylen 07.07.10

Kjem meir info... men kan no seia at me brukte 9 timar.... og store delar av den "merka turen" var umerkt :(
Men ein fin fin tur! :)

tirsdag 6. juli 2010

Breidalen 663 moh. 6. juli

Eg og Helen ville gå til ein stad me ikkje hadde vore idag og. Sidan det var regn og skodde falt valget på Breidalen.
Me køyrde opp til Gimmestadstøylen. Sidan der ikkje var skilt til Breidalen måtte me spørre nokon kor råsa gjekk vidare innover.
 Her er me nesten oppe. Ikkje altid like lett å kome seg over ei elv med to hundar.
Oppe med varden. Me brukte ca ein time opp frå støylen og då gjekk me i eit bedageleg tempo.

Ved elveutløpet står dette naustet. Her er og BRODD si poengbok. 4 poeng for å gå hit. Dei skal ha skryt for for å ha laga ei flott bok!


Desse har eg ikkje sett før, nokon som veit kva dei heiter?

Nydeleg!! Fjellfloraen er fantastisk! Tenk kor dei klamrar seg fast i uvær og vind. Skundar seg å vekse, bløme og så frø før årstida er over.

Ingenting å seia på utsikta! Frå Gimmestadstøylen ser ein store delar av Rygg og over fjorden til Vereide.

Når eg var komen heim frå turen var eg rett på O.K. Henden og kjøpte meg turkart for Gloppen.
(Hææ? Burde eg kjøpt det før??)
I boka "Dagens tur" er der ein tur som går Breidalen rundt. Den freista!! Då går ein opp over Svarthammaren, til Salen, følger ryggen til Blåfjellet, over til Busperraksta og ned att i Breidalen.

Når eg studerar turkartet kan ein gå frå Breidalen opp på Svineryggen (1320 moh), Vidstøylegga (1245 moh) eller ein kan gå frå Svineryggen til Salen og vidare til Byrkjeneset i Gjengedalen. På Byrkjeneset er (var i all fall) ein villmarskcamp som er er verd å besøke) Derifrå kan ein anten gå til Gjengedalsstøylen eller gå vidare til Måsevatnet og Fagredalen. I Fagredalen går ein anten til Fitjestøylen eller til Longvasshytto i Jølster.

Ein litt kortare tur er å gå frå Breidalen, over til Ångsdalen og ned til Langedalsvatnet. Turen er umerkt.
Kva kan eg seia? Her er mykje natur som ventar. Ynskjer meg merka løyper i dette området!!

mandag 5. juli 2010

Svinestranda, 1140 moh. 5. juli

"Meteorologens varsel 05.07.10:
Sogn og Fjordane mandag og tirsdag: Sørvest liten kuling 12 m/s, ved Stad liten storm 22, seint i ettermiddag minking til bris, ved Stad stiv kuling 15. Regnbyger. I fjellet lokal tåke".
Det var akkurat slik me følte det når me kom på toppen. Vinden var så sterk at det var såvidt me klarte å stå på beina! Og me meinte begge to at me skulle hatt både hue og vottar på!
Men "so what"? Me var endeleg på Svinestranda!
Me gjekk frå Austrheimsstøylen. Råsa er veldig tydeleg, går nok mykje folk her. Me brukte 1 time og 20 minutt opp og då syntes me at tempoet var bra! På slutten var i all fall min hund så sliten at eg måtte dra ho med meg opp. Er ein viss mulighet for at hundane syntes det var uvant med so sterk vind.

Utsikta frå toppen var flott. Gloppen er vakker sjølv i regn og skodde.
Både Fjellhug Vereide og STIL har bøker på toppen og desse måtte me jo naturlegvis skrive oss inn i.
Her er me komt ned att til Austrheimsstøylen. Svinestranda i bakrunnen.
Princess og Panco er så forelska fortida så det var eit strev å holde dei frå kvarandre...
Kita og Helen
Og så måtte me stoppe på Utsikten og forevige Gloppen.

Turen til Svinestranda anbefalast!
Er det finare vær eller ein har meir kle på kan ein gå ein heil dag i desse traktene. Ein rundtur kor me startar på Tysdadstøylen, går til Haugsvarden, gjennom Kvandalen til Svinestranda må vera toppers!
Ein kan og gå til Dimma, Svarthamrane, Dunheia og Blånibba.
Er nok mange som går i desse traktene om vinteren og.