søndag 29. august 2010

Gamlestøylen ved Eimhjellen, 410 moh.

Søndag morgon blues, Michael kravla i senga og maste at no måtte eg stå opp. Klokka nærma seg 10, og joda, eg skulle stå opp, etterpå.....

Temperaturen i rommet var fin, hmm, er det fint vær ute? Michael sjekka og sa det var litt skyer og litt blå himmel. Yes, perfekt turvær! Eg ringte til mi gode tante Oddrun frå senga, spurte om ho ville vera med på tur. Jo det ville ho, men kor skulle me gå? Valget sto mellom Skitnevatnet i Breim, Haugsvarden på Nordstranda eller Gamlestøylen i Eimhjellen langt inne i Hyen. Etter litt rådslag vart me einige om Hyen. Ho var midt i frukosten men kunne vera klar om 45 minutt. Så då var det å hive seg rundt, få i oss frukost og pakke sekk.

På Hestenesøyra sto ho kjære mor å venta, eg hadde ringt ho og invitert ho og med på tur. No var det berre å køyra i veg! Vegen er kronglete og frå Sandane brukte me ca 50 minutt. For å komme til Eimhjellen må ein køyre til Hyen og vidare mot Storebru på RV 615. Ved Heimseta svingar ein av til Eimhjellen. Etter å ha passert ein bom som kosta 15 kroner køyrde vi i 5 minutt til så var me ved parkeringsplassen. Ohh yes, dette skulle bli ein flott tur! Me rekna ein time opp, men brukte ein og ein halv. Går ein i normalt kjapt tempo seier dei at ein brukar 30 minutt.
Der er god sti og lett terreng å gå i. Ypperlig både for Michael på 6 og tanto på 84. (Og oss to andre midt i mellom.)
Ein liten pust i bakken
Fin rås å gå på.
Blåbær på eit strå...
Besto hjelper Michael med å legge fine steinar i sekken.

Æsj, støvelen full i myr...skulle jo berre sjekke kor djupt det var...

Michael og tante Oddrun.
Gamlestøylen.
Sigrunn skriver seg inn i ei turbok.

Eg og Michael gjekk litt forbi støylen og fann Turborev posten medan mammo og tanto gjekk ned til elva og lagde bål. Å fy fader, bålkos på tur er topp! Og i all fall når tante Odrunn har med svart kjelen og kokar kaffi! For ei lykke!!!
Michael skriver namnet sitt i Turborev boka.

Utsikta. I den andre enden av vatnet var eg og ungane saman med tante Oddrun når Victor var omlag 6 år. (ca 2002) Det regna omlag heile tida og me fiska mykje. Ein flott tur det og! Men eg huskar ikkje kva det heiter der...

Michael tenner bålet medan tante Oddrun passar på.
Svartkjelen = lykke!

Alle hadde med diverse niste; skriver, kjeks, pølsesnabb, muffins som eg og Michael laga i går, sjokolade, epler, bananer, aprikoser og anna snop. Så med nykot kaffi hadde me da riktig godt! Bananene opna eg og la sjokolade inni, la dei på bålet til sjokoladen var smelta. Mmmm!

Banan med sjokolade i, pluss ein pølsesnabb.
Idyll ved vatnet.
Michael og tanto studerer kartet.


Lykke
er å sitta ved elva
på ein støyl
dra inn lufta
frå friske fjell

kaffien kokar
røyken treff akkurat meg
eg knip att augo
ventar litt
så vert koppen fylt
og fjell luft møter kaffi luft

så set me der
takknemlige over stunda
me saman får dela
i moder jord sitt paradis

heim att me går
lykke plassen i vårt indre
skin med eit vakkert minne

me ser ut over det vakre
ein siste gong
paradiset vil altid vera her
me er snart borte


 Gamlestøylen ligg ved Rambergvatnet, 410 moh. Herifrå kan ein gå vidare til Vikastøylen og ned til andre enden av vatnet (som eg framleis ikkje huska namnet på) og vidare ned til Ronkleiva. Ein kan og gå over til Hyvatnet i Naustdal, 344 moh. Der kjem ein inn på skogsveg. Oddrun har gått der ein gong. Då var vegen stengd med bom og dei måtte gå ned til Ullaland i Naustdal. Det er ein fin, forholdsvis lett, men litt seig tur.


Tante Oddrun fortalde at i gamle dagar hadde dei stemne mellom Gamlestøylen og Hyvatnet. Tenker det var litt av eit "sjekketreff". Trur nok uansett det var eit høgdepunk for alle dei som måtte tilbringe sommaren på støylane med hard jobbing.

 
Etter omlag to timar i fullkomen lykke tok me fatt på vegen ned att. Sola skein og berga og steinane var tørre så det gjekk radigt ned til bilen. Når me begynte å køyre vart eg ein smule bekymra over tankmålaren som lyste og lyste. What?? Tenka seg til å gå dieseltom her, langt inn i aude?? Med ein smule spenning i bilen køyrde me mot Hyen. Eg trilla bilen der eg kunne (ganske mykje det sidan det er svingete og nedover bakke mot Hyen) Med eit lettelse sukk nådde eg bensinstasjonen, ja eller rettare sagt drivstoff pumpene i Hyen "sentrum". Men bankkortet var uleselig og sidan ein kun kan fylle med kort i Hyen var me like langt. Men lykka sto oss bi og freidig som eg er spurte eg ei som kom å skulle fylle diesel om eg fekk låne pengar med ho til ein skvett på tanken. Og ei vennleg Hyetaus sa ja. Så tusen takk til Solfrid i Hyen!! Me kom oss heim! :)

Dette var ein fin fin tur som varmt kan anbefalast som ein familietur. Er litt langt å køyre inn til Eimhjellen om ein vil ta det som ein trim tur.... Det er vakkert i Hyen området og flott at Barnas turlag i Gloppen har slike avsides krokar som ein post. Hadde nok ikkje komt meg inn her om det ikkje var for Turboreven.
Neste gong vil eg planlegge litt betre og gå over til Naustdal, den turen freistar!

torsdag 19. august 2010

Kleivane til Austrheimstøylen

I dag gjekk eg frå Kleivane til Austrheimstøylen. Me parkerte på parkeringsplassen på Kleivane i fint solskin. Der er skilt som syner kor stien starta. I begynnelsen er der vått, men seinare er der stort sett fin sti.
Og no veit eg omsider kor dei vatna eg har sett frå Svinestranda høyre heime henne i terrenget. Utruleg fint å gå forbi dei!

Me gjekk innom Gloppestadstøylen på veg bort. Ein fin støyl det og!

Etter ca 30 minutt var me framme med Austrheimsstøylen. Ein veldig velholdt og sjarmerande støyl! Kjekt med elva som renn forbi kor ein kan bade og fiske eller brenne bål, slik som me gjorde:)

Turen var lett å gå og anbefalast for både små og store føter!

Dette er nok ein tur som mange går om vinteren. Så eg får prøve igjen då og sjå om turen er like flott og lett å gå med ski på beina.