søndag 26. september 2010

Ettermiddagstur til Eikeneshesten, 1093 moh.

Atter ein dag med nydeleg fint haustvær. Kom igjen Evelyn, bli med ein tur på Eikeneshesten. Det er einaste målet me ikkje har nådd i år av planlagde felles "toppturar".

Evelyn er sporty og stiller opp som vanleg! Så kom eg til å tenke på alle dei som seier "kvifor sa du ikkje frå at du gjekk?" Eg sendte nokre meldingar og inviterte dei og, og heldigvis passa det for Eva (etter at ho droppa komparmiddag for tur)

Me begynte å gå litt over kl 14, litt seint på dag, men dette er jo ingen lang tur....tenkte me....

Me nådde Eikenes støylen, og hadde den fyrste pausen ved det nydelige vatnet over støylen. Ein flott gapahuk var der, så med ein kaffi skvett på termosen synes vi livet var godt!! (Men likevel undrar eg meg over at dei ikkje laga dette fine vatnet nærare støylshusa...sikkert ein god grunn men....)
Eva ved det nylaga støylsvatnet.

Me traska oss vidare oppover mot Spøtanakken. Merkinga var ok, men kan bli betre. Det gjeld eigentleg heile vegen opp.
Motbakke motbakke.... Skjerdalen i bakrunn.

Utsikta er slåande vakker!! Mi kjære heimbygd, Hestenesøyra låg så vakkert der nede ved Nordfjordens bredde! Kan ein bu på ein vakrare plett på jord? Jo sjølvsagt, på Lote er det litt finare, dei har jo verdas beste utsikt!!

Utsikt ned på Hestenesøyra.

Eg undra meg fleire gongar på kvifor eg aldri hadde gått opp her før. Eg budde jo 27 år på Hestenesøyra så eg hadde jo god tid....

Ingenting er så godt som rennande fjellvatn!

Når vi nærma oss toppen synes me at "me har berre litt igjen". Men det stykket var drygt. Det var bratt og glatt, faktisk is fleire plassar. Eg var klissvåt på føtene, og mot den kalde bakken vart eg etterkvart ganske så kald på føtene. Men det var berre å halde stimen oppe. Skulle vi rekke ned igjen før månen kom på himmelen var det berre å gje på. Etter ein liten "kle på kroppen og fyll den med sjokolade pause" steig energien.

Eit oppmuntrande smil på vegen.

Ohhh yes!! Ved varden på Eikeneshesten!!


Eva, Chico og Princess. (Princess stjeles Evelyn sin pizza...)

Endeleg sto me på toppen!! Nydelig utsikt og glad for å ha nådd nok eit mål! Frå 0 til 1093 moh på 3, 5 timar, veldig nøgd med den!! Underleg å sjå rett over til Hyeneshesten, fjella ser litt annleis ut når ein kjem i same høgd. Me såg ned til Hesteneøyra, Skjerdalen, Hyeneset, Hyen,  Lote, Gloppen og Blakset. Me såg til og med nesten heilt til Skåla! For ei utsikt!!!
Brodd IL har poeng bok på toppen. Turen er verd sine 10 poeng!

Utsikt mot Sandane.


Me ser ned i Skjerdalen og Hyeneset.

Etter ein liten rast med chilli sterk pizza og mykje fotografering begynte me på heimturen. Fargane på lyngen var flotte og når sola gjekk ned og farga fjella raude, DÅ var det flott å vere på tur!

Ved vatnet på Eikenesstøylen

Princess kviler litt medan me skreiv oss i boka på Eikenesstøylen. Eikeneshesten høøøgt der oppe.

Idet me kom til bilen sto månen så rund og fin og skrein over tretoppane, ein betre slutt på ein kjekk og flott tur kan ein neppe få!

Takk for turen Evelyn og Eva, eg er så glad for at de ville vera med og dele turopplevinga med meg!

lørdag 25. september 2010

Veslevatnet, rett oppi høgget her..

Kva er vel finare enn ein haust morgon med duggvåte og frosne bakkar og sola som sprenger fargeskalaen?? Eg berre MÅTTE på fotojakt i dag! (Trossa frykta for hjortejegarar som ikkje ser forskjel på hjort og ku)

Medan heimen sov gjekk eg og Princess ut i den klare morgonen. Haustlufta var kald og klar.

Nedturen kom allerede etter 5 minutt. Når siste gard var passert overtok skuggeland. Eg måtte snu meg og sjå over mot Nordstranda, der skein sola og alle fotomotiva mine låg der....

Men men, idag skulle eg berre ein snartur så eg traska meg vidare i skugge skogen.
Vakre detaljar var det flust av likevel! Hadde eg no berre hatt meir batteri på kameraet!! Nokon som kjenner seg igjen?? Er frustrerande å måtte spare på motiva men eg får lagre dei i min egen harddisk i staden for. Her er likevel nokre få øyeblikk frå dagens tur.


Ut
Kjenne haustens friske ande
Fylle min kropp med liv
Skillet eg når
På kanten eg står
Sol
Skugge


Eg går i skugge
Under olivengrøne tre
Duggvåt lyng
Spindelvev med regndropar i
Mørke blå bekkar
Lydar i moll
Kulde


Skuggen
Spelar på strengar
I mitt liv
Treff mine val
I fotspora eg lagar
Tankane spør
Skugge eller sol


Eg tek eit steg tilbake
Vel på nytt
Sol
Varme
Lyset spelar
I edderkoppens nett
Fargane glinsar i haustfarga tre
Fossane glinsar med små diamantar


Så godt det kjennes
I sola gå
Kjenne paradiset
Varme hjarte
Med glede





Frå gamleskulen på Mardal brukar ein ca 30 minutt å gå i roleg tempo. Der er skogsveg litt over halve vegen og elles lange slakke bakkar. Her er det fint å gå heile året! Om ein vil kan ein køyre opp til vatnet via Fitje. Vil ein høgare opp går der bomveg til Fitjestøylen. Det er eit fint utgangspunkt om ein vil høgare i fjella eller gå over til Langedalen.

lørdag 11. september 2010

Utvikfjellet, ca 550 moh.

Kommunen har ei hytta som heiter Sørli på Utvikfjellet som dei leiger ut.
Hmm spennande, den må me sjekka ut!



For 3 veker sidan sendte eg ein mail til kommunen og tinga hytta i helgo. Michael har gleda seg i fleire veker til turen og Victor, ja han har eg mast på i like lenge! Den eine vil og den andre vil ikkje, men tilslutt klarte eg å få med begge to:) Og kjekt da hadde me da!!

Victor og Princess

Me spelte "Idioten" til langt på natt

Michael fann seg ein stein å stå på, den ligna faktisk litt på Eggenipa, som en ser i bakrunnen.

Hytta ligg på omlag 600 moh, rett før skitrekket. Ein kan køyre heilt fram til hytta, noko som kan ha sine fordelar, spesielt når eg måtte ut i mørkenatto for å henta Victor på Byrkjelo og det knaka i buskene rett nedforbi hytto. Og eg var akkurat like veldig lite høg i hatten når eg måtte lufte Princess. Det blei fem meter frå hytto! Ikkje berre berre å vera mørkeredd i svarte skauen!

Men til gjengjeld:

Eg er så nær
Himmelriket
Med blinkande lys
Som seier
Kom kom

Augo synker inn
Langt inn i Melkevegen
Eg vil dit
Vite kva som er

Ei stjerne reiser
Frå nord til sør
Kor skal du hen?
Eg vil vera med

Eg kjenner meg så liten
Likevel så nær
Eg strekk ut handa
Plukkar deg ned
Held deg varsamt
I mi hand

Legg deg over mitt hjarte
Kjenner ditt lys
Fylle mitt liv
Eg veks
Er overalt
Universet og meg
Ei skiljast kan


Hytta er eit fint utgangspunkt om ein vil gå turar i Breimsfjella. Der er ulike støylar i nærleiken som er korte å gå til, blant anna Støyvastøylen.
Frukosten på verandaen før me reiste vidare.

søndag 5. september 2010

Skåla opp, 1848 moh.

Kom igjen Evelyn, me går på Skåla i måro! Eg var nett ferdig på jobb og fekk SÅ lyst og gå på Skåla i det nydelige haustværet! Ho jubla og blei med, endeleg hadde eg teke til vet og funne ut at me måtte gå no, før det vart forseint på hausten.

"Skåla er et fjell ved Loen i Stryn kommune, Sogn og Fjordane. Fjellet er det 371. høyeste fjellet i landet av fjellene med primærfaktor på minst 50 meter. Skåla ligger på 1843 moh, mens den nærliggende Stryneskåla er 1848 moh.

(Primærfaktor er et mål på hvor mye en fjelltopp hever seg i forhold til terrenget omkring. Primærfaktoren til en fjelltopp er den minste vertikale avstanden (høydeforskjellen) en først må gå ned for å kunne gå opp til et høyere punkt enn den fjelltoppen man startet fra.)


På toppen står Skålatårnet (Kloumannstårnet), står et tårn murt i stein med 22 sengeplasser, som ble oppført i 1891 av doktor Hans Henrik Gerhard Kloumann, doktor av utdanning, med rekreasjon for kropp og sjel.
Frisk høyfjellsluft skulle være helsebringende for tuberkulosen som var en stor folkesykdom på slutten av 1800-tallet. Dette argumenterte doktor Kloumann i Innvik med då han klarte å skape interesse for å få bygd et tårn på Skåla, 1848 moh. Samtidig så man at dette kunne være interessant for et økande antall turister. De to hotellene i Loen støttet med 100 kr hver og i alt ble det samlet inn 1100 kr. Det ble bestemt at det skulle lages en en-meter bred ridevei opp, sånn at folk kunne fraktes på hesteryggen. Grunneierene avstod fri grunn og fikk som kompensasjon enerett til føringen.
Tårnet har over metertykke vegger og er på to etasjer. I andre etasje er det tre køyer over hverandre, i en halvsirkel, med plass til i alt syv i hver seng. Tårnet blir drevet som selvbetjent turistforeningshytte av Bergen Turlag.
I alle år har dette vore eit populært fjellmål, og mange har sprunge opp bakkane for å slå rekordane som går på folkemunne. Skåla er rekna som Norges høgaste fjelltopp som har foten i sjøen.
Hvert år blir motbakkeløpet Skåla 1848 meter rett opp arrangert. Det går fra dalbunnen og opp og er på 1823 høydemeter. Bakkene fra Tjugen til Skålatårnet er Norges lengste sammanhengende motbakke".
(Kilde:
http://www.skaala.no/default.asp?page=758
http://no.wikipedia.org/wiki/Skåla_(Stryn )

Sjekk linkane før du les vidare:
http://www.skaala.no/default.asp?page=755
http://www.skaala.no/default.asp?page=778


Laurdag morgon køyrde me til Loen, parkerte og begynte å gå. Me skulle opp og ned same dag så me visste at me hadde ein strevsam dag framfor oss. I tillegg var Michael med, så ei viss spenning var knytt til om han klarte det eller om me måtte snu før toppen.

Sola skein og me gjekk og me gjekk. Me beundra arbeidet "sherpa folket" hadde gjort med råsa opp gjennom bakkane.

Der nede er Skålavatnet, biletet er teke ca 30 min etter at det er passert.

Klokka gjekk farleg fort og klokka 3 var me ved Skålavatnet. Eit nydeleg vatn!
Men kan tru me blei ein smule motlause når me fekk høyre at me var litt over halva og det verste partiet var igjen. Ville me kome oss ned igjen før det vart mørkt? For opp visste me at me ville kome, formen var fin og Michael fekk så mykje skryt av oss og folk me møtte at han formeleg sigla opp igjennom fjellsida!

Halvannan time før toppen kom me til den berømmelege ura, og for ei ur! Verre enn Gjegnen! Men det var berre å gå på! Michael var begynt å bli trøtt og lei av at toppen aldri kom, "snart oppe" sa me fleire gongar. "Ja det sa du i sta og" fekk me beskjed om, som sant var!

Klokka 17 var me oppe, kjempeglade over å ha nådd endå eit mål! Og Michael, jo han var det berre å ta av seg hatten for! For ein uthaldenhet!


Me diskuterte litt fram og tilbake kva me skulle gjera, men fann ut at me måtte overnatte til søndag. Elles risikerte me å mørkne ute! Mat og kle hadde me. Eg måtte berre avlyse søndagens avtale om å gå på Eikeneshesten og ringe til besto og få ho til å passe Princess og Victor som var aleine heima. Når det var i boks slappa me av og verkeleg kjende kor glade me var for å vere her og me gledde oss til ei natt i det berømmelege tårnet.
Eg må seie eg blei overraska når Anne Marie og Jarle kom, endå meir overraska vart eg når Ingunn med familie kom!
At Michael skulle vere her høgt til fjells og oppleve at Amalie som går i same klasse skulle kome opp her og, nei det var ikkje til å tru!! Og gitt om dei koste seg! Der var og to andre 6 åringar på Skåla frå Volda. Og jammen trur eg ikkje det er ofte at der er FIRE 6 åringar i Skålatårnet samtidig!

Folk støymde på og når sistemann var komen var me 31 stk. Der er sengeplass til 22 så her kom det til å verte trongt om plassen, men ingen bekymra seg over det, her skulle me få plass til alle.




Michael som hadde fått sukkersjokk etter all sjokoladen på veg opp hadde problem med å roe ned, så nokon sette han til å bære inn ved, eit smart trekk! Sjølv etter å ha gått i 6, 5 timar (inkl pausar) sto han på og bar ved til den store gullmedaljen! Etterpå leika han med dei andre ungane.

Det er stupbratt på begge sider av Skålatårnet så ungane måtte passast på.
Dei lagde vardar i ulike fasongar.

Me vaksne sette oss utforbi hytta og naut solnedgangen. Eit vakkert skue å sjå sola gå ned over Nordfjorden!
Evelyn vart ekstra nøgd med ein liten Brimi i koppen.








Klokka 21 var folk flest ferdige med å lage seg mat og folk å legge seg. Ikkje lenge etterpå var det ro i hytta. Alle hadde funne ein plass å sove. Me var 9 stykker i senga så det var trangt om plassen ja! Me pakka oss inn i dyner og ulltepper for ryktet sa at det kunne bli opp mot 6 minus ut og iskaldt i hytto. Men trur nok dei fleste oppe i sovesalen hadde det varmt og godt.

Klokka 06.10 ålte eg meg ut av senga. Når eg for ein gong skuld var på Skåla skulle eg ha med meg soloppgangen og. Eg var ikkje den einaste som hadde tenkt det, me var 3 stykke som sto ute og sugde inn inntrykket av sola som våkna og vekte liv i fjellheimen i Nordfjord! Vakkert!!
I omlag 2 -3 grader pluss og vindstille venta eg på soloppgangen
Gjegnen og Hyeneshesten.
Å Nordfjord Nordfjord når eg ser deg slik.....

Sjekk skuggen av Skåla i fjella bak i der.

Dette var prikken over i'en! Men no vart eg raskt klar til å starte turen ned att. Me åt frukost og kl 8 var eg, Evelyn og Michael klar for turen ned. Var faktisk nokon som gjekk ned 06.30. Det var nok dei som måtte ligge på gulvet. Dei hadde nok frøse slik i natt at dei var glade for å røre på seg..




Me skal heilt ned der.. (sukk)

Steinrøysa kvidde me oss mest til, men den gjekk overraskande bra. Ved Skålavatnet pausa me lenge, åt og fylte flaskene med vatn. Vel me ombestemte oss faktisk med omsyn til det å fylle vatn i flaskene sidan nokon bada der....
Ved Skålavatnet.

Me ser Loen laaaangt der nede.

Michael spretter nedover råsa... verre med meg og Evelyn

Der har eg vore!!

Formen var fin, men så.....når me hadde ca 1/4 igjen begynte knea å få nok. Og eg kan love deg at når eg kom ned att til bilen etter å ha brukt 5 timar ned, så var ikkje knea mykje verd! Så ilt har eg aldri hatt i knea før! Eg kjende meg som ei blanding av onkel H og Pinoccio.

Men takknemligheten for at kroppen er så frisk at eg kan gå ein slik tur kan eg ikkje beskrive!
TAKK TAKK TAKK!!

Vil og takke Michael og Evelyn for at dei ville vere med meg på nok ein opplevelsesrik tur!
Takk og til alle dei andre på vegen som gjorde turen til den den var:

EIT MINNE FOR LIVET!