fredag 15. oktober 2010

Hagevandring ein tidleg morgon

Vinteren er på veg, ingen tvil om da. Det er kaldt når eg våknar, men endå skin sola her på Mardal. Snart forsvinn den bak fjella og vert borte nokre månadar, så no må eg nytte tida og putle på i hagen, gjere siste innspurt før da vert for kaldt og hustre.


 Frosen og kald er du der
Iskrystallane har lagt seg rund
Det glitrar og skin
Vakker er du.

Sola når deg såvidt
Varmar deg litt
Tinar vekk glitter og stas
Vanndråpen heng på din spiss

Fargen din lyse mot meg
Eg vil varma deg litt
Slik du varmar mi sjel

Eg legg deg på minnet
gjennom vinteren lang
Snart, ja snart
Er kulda borte
Varmen gir deg då livet på ny


 
Lupinene blømer endå.

Ikkje ein rhodondendron men ein....?

Bladverket er nesten like fargerikt som blomane var i mai.

Plukka inn dei siste tomatane idag.

Princess kosar seg med eit frose bein.

Da er mykje fint å sjå ute på denne tida av året og, så ein treng ikkje gå så langt for å finna himmelriket...


søndag 10. oktober 2010

Søndagstur til Jardalen, 10.10.10.

Sola skin og haustfargane glinsar i blikket når ein ser ut. Elisabeth har haustferie og vil gå på tur. Flott tenker eg og klarte å lokka med meg Frode og Michael og. Etter litt rådslaging blei det Jardalen idag og. Er jo berre nokre dagar sidan sist, men idag ville eg ha med fotoapparatet og ta fine bilder. Er jo flust av fine motiv på veg opp til støylane. Samtidig visste eg jo at nabo Lene var der, kjekt for Michael og Olle (klassebamsen) og få møta Ola på støylen.
Flott elv



Fin sti langs elva

Mange fine tre å klatra i

Nam nam, litt godt må me ha med på tur

Kaffikos utforbi selet til Lene & Svein Ove

Me går over brua til Søreidestøylen

Flott utsikt frå Søreidestøylen mot Sandane

torsdag 7. oktober 2010

Kveldstur til Mardalsstøylen.

Eg stakk naso ut på verandaen for å rope inn Michael. Då høyrer eg frå eit hushjørne: "kom igjen og bli med på tur!" Jammen sto Lene klar til å gå på støylen. Eg kjem, replya eg kjapt. Etter 3 minutt var eg og Princess klar til tur!

Me køyrde bil til parkeringa i Jardalen. Derifrå gjekk me i stien opp over. Det er rett og slett vakkert og storslått å gå langs elva.
Endeleg oppe på Mardalsstøylen. Lene framfor hytta deira.

Å no har me da fint!
Godt med ein kaffi skvett!
                                     
                                                                    Idyll på støylen.

Jardalen er eit fint utgangspunk for turar i området. Ein kan gå til Svartekari, Jardalen rundt eller gå inn i botnen til eit vatn som ligg der. Det er fint terreng å gå i sommar som vinter. Som ein trimtur synes eg det er fint å gå opp til Søreide støylen og ned på Mardalssida eller omvendt. Brukar ca ein time. Ja om ein ikkje skal stoppe og ta masse bilder, slik som eg altid må gjera på denne turen.




søndag 3. oktober 2010

Tur gjennom Grasdalen

Grasdalen. Ei ukjend turløype for meg. Men steikje for ei flott turløype!
Ein går ned langs med E39 og inn i skogen bak Eide. Der er ein gamal veg ein følger. Nesten litt eksotisk å gå mellom høge tre på ein fin nedlagt veg.

Eg veit ikkje kva det heiter i området men ein kjem i all fall ned til ein stor foss og ein kraftstasjon. Derifrå kjem ein inn på golfbana på Eide og opp til Mona.

Ein rundtur som me brukte omlag 2 timar på, men så gjekk no me veeeldig seint! Er jo sann når me ikkje har sett kvarndre på ei stund, då har me mykje å dela :)