onsdag 21. desember 2011

Skitur "nesten" til Morafta på årets kortaste dag, 1145 moh.

 
Eg sto opp klokka 8 idag for i dag skulle eg endelig på Morafta. Ikkje det at eg veit kor det er henne sånn heilt ekstakt men det er no på det lokkande fjellet på sørstranda. Men til min store skuffelse var det snøbyger i lufta så eg gjekk beint å la meg igjen. (Vel, eg slepte ut hundane og tende fyr i begge omnane, så la eg meg)


Etter to timar fann eg ut at det var på tide å stå opp igjen, og kva hadde skjedd med været?? Det var blå himmel og sola skein, og etter nok ein time skein sola såvidt på mitt mål; toppen av sørstrandfjellet. Eg berre MÅTTE gå. skunda meg inn på OK Henden og kjøpte eit par fellar til Elizabeth. Ho ville vere med, den sporty jento. Ho skryter av at ho trenar så mykje så eg var litt betenkt; ville eg klare å halde følgje med ho??

Klokka 12 sto me på Rauset, klar for å erobre det kvite glinsande fjellet langt oppe i horisonten. Det var nokon som hadde gått før så det var lett å gå. Puddersnø. Stille.  Kun fellane som laga lyd. Og praten til meg og Elizabeth sjølvsagt.

Rett før Rauset støylen og utsikta er utruleg flott!!

Etter ein time nådde me Rausetstøylen, 526 moh. Veldig bra!
Like lang tid som eg og Michael brukte når me gjekk ein sommarsdag for nokre år sidan.
Utsikta er slåande! Kanskje er dette ein av dei vakraste plassane i Gloppen?? Vanskeleg å seia sidan heile Gloppen er eit einaste stort vakkert eldorado!!

Rausetstøylen.

Så var det å sige oppover etter ei aldri så lita fotopause.
"Mamma, eg trur ikkje dette går eg". Elizabeth var bekymra for dei store snømengdene, og "kor skal me eigentleg gå?"
Eg visste eigentleg ikkje, berre at me skulle gå oppover. Men me fann spo og me gjekk over Kvanndalsbrua. Og steikje kor takknemlig eg er for at det var 3 stykker som hadde gått der i går og laga løype. Det gjorde til at me kunne sige leikande lett oppover. Etter 40 minutt var me over skoggrensa og me vart overasska over kor langt me var komt. Då skulle me klare å kome langt på eit par timar, trudde me!

Men toppen var laaaangt oppe og Elizabeth var stadig meir sliten (Hmmm, var det ikkje ho som trena fleire gongar i veka??) Men eg fekk no pressa ho litt til, berre litt til. Og ja, eg stoppa kvart halvminutt og pausa i 15 sekund, skikkelig intervall trening. Spora til dei 3 frå dagen før var blåst igjen, og det bles kraftig, og det vart kaldt.

Me var komen til omlag 1000 moh og me var nesten opp, men me bestemte oss rett og slett for at her var vår topp idag!

Kva anna kan ein seia at her var det vakkert!! For eit himmelrike!!

Og så var det ned att då. Veldig bratt,  glitrande skiføre og ute av trening, ein passe bra kombinasjon så litt knall og fall vart det ja. Trøysta var at me landa veldig mjukt :-)


Dette er ein tur eg anbefalar alle som er glad i å gå på ski. Det er strålande for telemark køyring ned att for dei som likar det. Sommar som vinter er dette ein tur eg anbefalar! Eg har seriøse planar om å ta med meg telt og godt selskap og utforske desse fjella ein vakker sommarveke! :-)

fredag 14. oktober 2011

Gapahuken ved Veslevatnet.

Det er haustferie og då må me finna på noko gøy saman med ungane, og kva gjorde me då, me køyrde til Veslevatnet og åt middag i gapahuken! Utvalet i kjøleskapet var dårlig men me fann no litt kjøttdeig. Den laga eg karbisar av før me reiste og me laga pinnebrød deig. Og i går hadde Cherie laga deilig sjokoladekake, dermed hadde me dessert og.


Gutta boys fann noko kjekt å gjera på i vannkanten.

Elio i vogna, Elaine, Carlos og Cherie kosa seg inne i gapahuken.

Dette er moro!

"Kom igjen då tante, kom nærare!"

Snart grillklar bålpanne.

Carlos og Michael eter pinnebrød.

Karbis og pinnebrød. Nam nam.

Jepp, dette ser godt ut, og da va da!

Fjellburger a la Elaine.

Litt moro med slegga......

Strå i vatnet.

Vakkert, vakkert!

Så la vi litt ved til tørk i panna før me gjekk heim.

Så til alle i  Bukta 4 H og andre som har vore med på dugnad; det er berre å GRATULERE! De har sett opp ein flott gapahuk! Og jammen trur eg at den kjem til å verte nytta ofte!

tirsdag 23. august 2011

søndag 7. august 2011

Samestadhølen eller kulpen som me kallar den, Mardal.

Ein treng ikkje gå langt for å finna eit paradis, me har eit rett bort i høgget her. Samestadhølen eller kulpen. Det er, ja, ein kulp i ei akkurat passe stor elv som det er fint å bade i. Vatnet som renn forbi her kjem frå Veslevatnet. Der vert det oppvarma av sola (viss sola skin litt oftare enn kva den har gjordt i sommar) og antakelig litt varme får vatnet medan det renn forbi oppvarma steinar på veg nedover elva. I all fall er det ofte godt og varmt i denne kulpen om sommaren.

Idag tok eg med stormkjøkenet og kokte middag ved vann kanten, herlig! Ungane syntes maten smakte fortreffelig!









Eg får seia som Patrik sa idag, "kulpen er mitt paradis"!

søndag 24. juli 2011

Skjerdalsbotnen

24. juli. Berre datoen minnar meg om at dette i mange år har vore ein god dato....bursdagsfeiring, bløtkake med masse krem og jordbær....men i år ville dagen verte ein vanleg, litt trist dag....men så feil kan eg ta.
Tre skjønne damer hadde nemlig funne ut at akkurat idag skulle me på tur til Skjerdalsbotnen, med påfølgande Baccalao og god dessert hjå Evelyn. Steikje, dette måtte berre bli ein god dag! Eg kjende da på meg!

Evelyn henta oss på hamnen med "Lynet". Den tregaste båten i Skjerdalen, derav det passande namnet. Det var meldt store nedbørdmengder denne dagen så me gjekk oppover bakkane med ein gong. Michael, som idag fekk vera med på skikkeleg dametur (til hans fortviling) synes dei fyrste bakkane var laaaange. Men straks me nådde støylen gjekk det mykje lettare.
Støylen


Ved hytto til Evelyn og Jens i Skjerdalsbotnen

Her møtte me vakre hestar, personleg er eg ein smule forelska i ein vakker "pippi hest" (kjem ikkje på hverken namn eller rase i farta)

Dalen opp mot botnen er vakker med bratte fjellsider og ei buldrande magisk elv. Skogen er frodig og innimellom jobbar mauren hardt på sine 11 små og store tuer. Men i det ein kjem til vatnet, det er som Moder Jord syner oss det vakraste ho har.

Kan ein få ein vakrare bakrunn??

Eg kjenner lykka over å vera her atter ein gong, og ekstra kjekt å få dela Skjerdalsbotnen saman med min kjære son og tre flotte damer. Sist me gjekk på tur var det frå Hope, via Gjegnabu, Gjegnalunden og ned i Metteneset. Så dette var ein heilt annan type tur, men vakkert, akk så vakkert og ikkje minst super trivelig!

Ladies mountain hiking

Michael, Evelyn, Eli og Jorunn

Tusen takk damer for ein flott tur til himmelriket Skjerdalsbotnen, Takk til Bella som drog meg både opp og ned og takk M for at du holdt ut med tytinga til oss damer. Du er ein tolmodig liten kar :-)

Michael og Bella

Versågo litt bensin til deg.....

Bella vil og smaka




Nydelig god bacalao i den koselege stuo til Evelyn

Skerdalsbotnen anbefalast virkelig! Til og med om du skal gifta deg, men vil du vera fyrst ute til å gjera det, ja då er du forsein, nokon har nemlig gjodt da før.

Stopp i tunet til Evelyn og Jens og sjå den vakre hagen på vegen, Evelyn har verkeleg skapt ein "park" rund husa.

Her MÅ ein berre vera lukkeleg!! Vakkert!

Skjerdalsbotnen er ein relativt lett tur å gå, me brukte vel eit par timar inn....huskar faktisk ikkje heilt, me gløymde å sjå på klokka....

tirsdag 19. juli 2011

Stølsheimen 14. - 18. juli

Årets fjelltur. Berre orda smakar godt og gjev ei kjensle av forventning og glede.
I år som i fjor ville eg og Sonja gå frå hytte til hytte der været var finast. Det peika seg ut to alternativ, Tafjordfjella eller Stølsheimen. Den endelege avgjerda fall på; "Kven ville me tilbringe tid saman med? Møringar eller Bergensarar?" Det blei Bergenserane som vann :-)

På kartet under har eg teikna inn kor me gjekk.
Midt mellom Vik i Sogn og Voss, på toppen av Vikafjellet går der ein annleggsveg inn til Bjergane. Der parkerte me bilen. Forventningsfulle og i godt vær rusla me oss inn til Selhammer hytto med "svintunge" sekkar.


Selhammerhytto i bekrunnen, den ligg flott til mellom to vatn. Me brukte 3.5 timar hit frå Bjergane.
Hytto ligg 880 moh. Det er lov å ha hund inne i sikringsbuo.

"Selhamarhytten er Bergen Turlags største hytte i Stølsheimen. Den ligger ved utløpet av Selhamarvatn og nås fra Eksingedalen og Vikafjellet. Hytten er stor og egnet til opphold over flere dager for skoleklasser og større grupper. Det er fine turmål både for barnefamilier og de som ønsker lengre turer i området. Det er også mulig å padle kano inn til hytten.


Bergen Turlag anbefaler Selhamarhytten for turer med barn. Selv om man ikke er fjellvant, er det lett å komme seg inn hit, og man får gode tur- og naturopplevelser i flott høyfjellsterreng. Og om man er fjellvant, er Selhamar alltid en grei hytte å komme til, den ligger høyt i terrenget med god utsikt over landskapet. Hytten er godt egnet til fast opphold over noen dager, og man behøver ikke bestille på forhånd.


Hytten er åpen og ulåst hele året. Det er mulig å kjøpe proviant som hermetikk, posemat, pålegg osv - på hytten. Det finnes knekkebrød, havregryn og ingredienser til baking." (Kilde: http://www.bergen-turlag.no/cabin.php?ca_id=151 )

 
Dagen etter gjekk i dalane rundt fjella, nedforbi Røbergfjellet bla. Me gjekk langs vatn på superfine "rekkjer", so dei seie i Sogn. (stiar) Været var fint idag og so me tok oss god tid med lange pausar og god niste. Utruleg kor godt det er å være langt inn i fjellheimen i uberørt, vakker natur. Alle vatna som spegla seg i små brear som låg att etter vinteren gjorde det heile ekstra vakkert.

På Åsedalen var der allerie ein familie. Dei hadde komt dagen før og ville vere på denne fine plassen i nokre dagar til. Utruleg kor me kosa oss om kvelden med god mat og drikke.
Åsedalen ligg 822 moh og ligg i hjartet av Stølsheimen. Me brukte 5.5 timar hit. Me gjekk den lengste vegen sidan me ville spare den kortaste turen på tilbakevegen. På denne hytto sette eg igjen litt proviant. Typisk meg å ta med for mykje mat. Dette letta sekken litt før me skulle ta til på den lengste etappen over til Solrenningen.


Åsedalen ligg i Vik kommune.

Hyttene i Åsedalen bak. På desse hyttene er det ikkje lov å ha hund.

Her er me på veg opp til Uranipa. Me gjekk i skaret rett nedforbi og på det høgaste gjekk me på 1100 moh.


 
Laaaangt der nede ser me Solrenning støylen og hytto.

Ålrekstølen er verneverdig og ei "severdighet" med sine mura hytter.


Litt ekkelt å gå over "gyngete" hengebru.
Frå Ålrektstølen til Solrenningen var der myrete i stien, men elles flatt og fint.
Me brukte omlag 6 timar mellom Åsedalen og Solrenningen, pluss pauser.

På Solrenningen var er to Bergensarar som tydeleg hadde gått mykje i fjellet. Når dei til og med jobba med ein Gloppar me visste kven var, ja då var praten i gong og me hadde ein triveleg kveld. I 12 tida kom der eit par og som hadde berekna litt feil tidsbruk. Solrenningen ligg 645 moh.

"Lenge før det oppsto organisert turvirksomhet på Vestlandet, var Solrenningen et attraktivt turområde. Her var fast overgangssted fra Modalen til Sogn, og seterdriften begynte tidlig.



Sommeren 2010 ble det bygget ny hytte på Solrenningen. Den gamle fra 1965 ble revet pga. dårlige grunnforhold. Den nye hytten står i 2011 klar til å ta i mot mange besøkende gjennom hele sesongen, med god plass til store og små fjellturister. Hytten er egnet for barnefamilier, grupper, tradisjonelle fjellvandrere og alle som vil prøve det enkel hyttelivet under gode forhold. Etter at anleggsveien kom, er der ingen stigninger frem til hytten. Det er en tur i et grønt og vennlig landskap der er mye vann og mange bekker. Fra parkeringen ved Stølsdammen, tar det knapt 2 - 3 timer å gå til Solrenningen. Et litt lenger men litt tørrere trasevalg er å gå opp og inn Blådalen, der man møter t-merkingen fra Norddalen, som man følger ned til hytten.


Solrenningsstølene ligger 5-10 minutter fra turisthytten. Selene er i hovedsak bygd i stein, og tre, og er godt vedlikeholdt." (Kilde: http://ut.no/hytte/solrenningen )

 
Her set me klar på Solrenningen dagen etter, klare for å gå tilbake til Åsedalen. Karane skulle gå til Modalen, ein tur på omlag 2 timar. Me hadde 4.5 timar framfor oss og i dei to siste gjekk me i plaskregn og vind. Me var glad me gjekk i dalane idag og ikkje over høgfjellet.

Det var superdeilig å kome fram til ei varm hytte. # tyskarar hadde kome litt før oss og sat der i berre trusene medan dei sprengfyrde i omnen med klea hengande til tørk. Ein kan seia at lukta i hytto var ikkje den beste, men lykka over å vere framkomne gjorde at sånne bagatellar.....ja det må ein rekna med og det gjer absolutt ingenting. Litt seinare kom det ein Nordlening og dotter hans. Så når me ut på kvelden tok til å spele eit kortspel eg ikkje skjøna fanari av, ja då vart det mykje latter i hytto.

 Åsedalen ligg i Høyange kommune. Her stå eg og ser ned på Åsedalen hytto og vatnet ved Hallsetstølen.
Når me gjekk over fjellet ved Tindafarangen (1197 moh) såg me over til Raudbergfjellet som me tidlegare både hadde gått på baksida av på veg mot Selhammer og ved foten av på veg til Åsedalen.
"Raudberget ved Selhamar er en attraksjon i Stølsheimen. Når fjellet bader i kveldslys er det skinnede rødt. Selv i overskyet vær ser du tydelig rødfargen som kommer av høyt innhold av serpentenitt, og skiller fjellet fra alle andre fjell i Stølsheimen. Raudberget nås lett fra Selhamar både sommer og vinter."
(Kilde: http://ut.no/tur/raudberget-og-gryteberg-%C2%96-verdt-aa-oppleve-i-stoelsheimen ) 



Mykje flott flora.

Pause


Å gitt om me gleda oss til desse "pinnane" frå Bakaren på Sandane. Dei har eg draksa med meg og spart heilt til siste dagen. Kake og Cola i den nest siste pausa i Stølsheimen. Det er då ein veit kvifor ein elskar slike dagar med mykje gåing, sliten kropp, vakker natur og godt selskap.

Typisk Stølsheimen! Her kviler nokre uredde sauer på Rappen støylen.

Rappen støylen.


Det var fine og gode stiar det meste av rundturen. Godt merka var dei og.

Eit siste blikk innover i Stølsheimen. Eit vakkert fjellområde som eg anbefalar alle å gå. Der er mange portar inn til dette himmelriket, så her er noko for alle!

Takk til Sonja som ville dele denne turen med meg! :-)