onsdag 15. juni 2011

Gloppestadstøylen

I Gloppen er det mange fine støylar å gå til, kva du vil sjå og evt gjere der avgjer kva for ein du bør velge. På Gloppestad er det ei god og roleg stemning, med beitande husdyr rundt hyttene. Det er kort å gå så enkelt å kome dit både for skrale kne og små barneføter.

I kveld var eg der på elevavslutning. Det var kaffi, kaker, pølser og brød og høg stemning. Elevane leika diverse leikar medan me vaksne for det meste benka oss i ein superduper mjuk sofa, kaffi og koseleg prat inne i ei veldig fin hytte.

Michael koste seg ute saman med dei andre elevane.

Nokre "tjønn" like i nærleiken, mot Kleivane.

For å kome dit køyrer ein E 39 og tek av opp i Fjellbygda, hold til høgre og køyr forbi Utsikten.
Ved den øvste garden er der ei kasse med bompengar, kostar 30 kroner.
  
Køyr vidare til der står skilt Gloppestadstøylen. Herifrå er det fint å gå vidare til Svinestranda eller Haugsvarden.

Om vinteren er det fint å køyre opp til Kleivane og gå på ein passeleg kort skitur til Gloppestadstøylen.
Frå Utsikten ser ein ut over heile Gloppefjorden, her ser ein Sandane og Mardal.

Kleivedammen og Åsen, Mardal bak til høgre.

lørdag 4. juni 2011

Dagstur til spissen av Noreg

"Det er i grunn litt rart at vi berre bur nokre timar frå spissen av norge" sa Ola då me sto ytterst mot havgapet på Kråkenes fyr. Og det er sant! Og endå verre, i 30 år har eg budd berre 3 timar frå denne vakre plassen på jord, likevel var dette fyrste gongen eg var her. Bortsett frå at eg har vore i havet her med båt.

Kråkenes fyr ligg omlag så langt vest ein kan koma i Noreg. Ein køyrer forbi Måløy og Raudeberg, forbi ein vindmøllepark og vakker storslått natur, nokre sauer og hus ute i øyde og så er du der.

"Kråkenes fyr ble opprettet i 1906, og ligger helt ut mot det åpne Stadthavet, lengst nordvest på øya Vågsøy i Vågsøy kommune, Sogn og Fjordane. Fyret har en egen værstasjon som sender dataene sine til Meteorologisk institutt.
Kråkenes fyr ble ødelagt/bombet under andre verdenskrig. Nytt fyr stod ferdigbygd i 1950. Fyret ble automatisert i 1986 og avfolket i 1991.
I 1997 ble det åpnet en kafé i fyret, og det er også mulig å leie «brudesuite» her. Kråkenes fyr er et av de viktigste turistmålene på Vågsøy.

På Kråkenes fyr ble det målt vindhastigheter på 36 meter i sekundet 29. og 30. august 2005. Vindstyrken tilsvarer orkan etter Beauforts skala. I løpet av tiden det er gjort observasjoner på Kråkenes, er det registrert om lag 150 orkaner. Nyttårsorkanen i 1992 ble dessverre ikke registrert på Kråkenes, fordi det ble skiftet observasjonssystem det året. På Svinøy ble det imidlertid registrert godt over 32,9 m/s, og på flere steder på Nord-Vestlandet ble orkanen vurdert til styrke 15 på Beauforts skala".
(Kilde: Wikipedia)

  
Cherie nyter utsikta.
Her var det vakkert!
Gjengen på tur pluss fotografen. 


Når det bles godt slår bølgene opp her som eg set, 40 moh.

Her er ein film frå youtube som viser Kråkenes i storm og stille:


 
Elisabeth


Elisabeth, Michael og Ola klatra opp på ein topp ved sida av fyret.


To gode venner

Jepp her er me, ytterst i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane.
På fjellet ved Mehuken vindpark

Mehuken vindpark
er et vindkraftverk i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane. Mehuken ligger tett ved Kråkenes fyr og toppen av fjellet er på 433 moh. Byggetrinn 1 stod ferdig i 2001, med 5 vindturbiner av typen Vestas V52-850 kW, hver på 76 meters høyde. Installert effekt er 4,25 MW og årsproduksjon er på 12 GWh. Mehuken I var i 2001 Norges største vindpark.

I 2010 ble parken utvidet med 8 nye vindturbiner av typen Enercon E-70 2.3 MW. Totalt er årsproduksjonen på ca. 65 GWh, noe som tilsvarer energiforbruket til de ca. 6000 innbyggerne i Vågsøy kommune. Turbinene på Mehuken II er 64 meter høye og har en rotordiameter på 71 meter.

Anlegget ble offisielt åpnet 29. oktober 2010 av fylkesordfører i Sogn og Fjordane, Nils R. Sandal.
Anlegget eies av Kvalheim Kraft AS, som igjen eies av Østfold energi og Vardar".
(Kilde: Wikipedia)

 
 Gutta likte veldig godt vindmølleparken.


Eg synes det var flott med vindmøllene, sjølv i dette robuste kyst landskapet.

Refviksanden
"Refviksanden ligger i Refvik i Vågsøy kommune. Den er en naturlig hvit sandstrand dannet av skjellfragmenter og er omtrent 1,5 kilometer lang. På folkemunne kalles den bare Revikja.

Refviksanden er et yndet utfluktssted for lokalbefolkningen, såvel som et populært turistmål for både norske og utenlandske tilreisende. Ettersom stranden er langgrunn er den også godt egnet for mindre barn. I tilknytning til stranden er det også en liten campingplass. Tidligere kommunalt driftet, men i 2008 tok innbyggere i Refvik over den daglige driften av anlegget.

Da campingplassen ble driftet av Vågsøy kommune, var det ingen restriksjoner med tanke på parkering. Biler stod parkert der det passet, også på selve sanden. Det hendte at biler ble stående fast i sanden og måtte trekkes/dyttes løs. Det er ikke lenger anledning til å kjøre ut på sanden og det har i stedet blitt opparbeidet rudimentære parkeringsområder som kan avnyttes mot et mindre gebyr i sommersesongen.

I tilknytning til campingplassen finnes kiosk og et sanitærannlegg med dusj og toalett, i tillegg er det etablert tømmestasjon for bobiler.

Refviksanden ble i 1988 kåret til Norges fineste badestrand av Dagbladet. I 2001 fikk den tredjeplassen. Samme året kåret Nitimen og NRK den til den nest fineste. Også i 2010 ble den kåret til Norges fineste badestrand, av nettstedet klikk.nos lesere".
(Kilde: Wikipedia)
 
Å hjælp, den bølga er stor....

spring!!!! bølga kjem! begge guttane sprang så fort ein gong at dei landa på magen, lange som dei var i sanden, kliss blaute vart dei.....



kontaktannonse ;-) "Helene elskar havet, viss her er ein flott ungkar så berre ring......."

Ikkje langt frå Kråkenes fyr ligg Skongenes fyr. Der er leigd/eigd av DNT så her kan alle som vil overnatte.
Då må ein gå ein time, i motsetning til her kor me køyrde omlag til døra.
Les meir på DNT sine heimesider:


Arnestadnakken, 771 moh, med Barnas turlag 29.05.11

Sesongen med barnas turlag opna idag. Det var på nippet at me vart heime sidan det var kaldt og reg i lufta, men Michael ville så gjerne gå og då let eg meg overtale.

Me køyrde forbi Veslevatnet og opp til Fitjestøylen. Der møtte me dei andre som skulle på skattejakt. Det var opplett når me gjekk og Michael han forsvann opp bakkane. Men etter ca 30 minutt starta det å regna og blåse og når me nådde toppen snøa og hagla det om ein annan. Men me fann turboksane, skreiv oss inn og fann ei lun hole kor me åt maten i ein rasande fart. Det var kaldt og surt, men me kosa oss likevel.

Sidan me er så heldige å bu på Mardal kunne me gå strake vegen heim. Det blei mykje betre å være ute når me kom oss ned frå toppen. Dermed hadde me stopp i skogen før Veslevatnet, ved veslevatnet og når me var nesten nede på Mardal. Ein fin tur.



Michael

Cherie May

Det er mange som likar å gå på Arnestadnakken, det er lett terreng å gå i og utsikta på toppen er flott. Om ein vil kan ein gå over og gå ned på Arnestad.