søndag 29. april 2012

Søndagstur til Holvikfossen

Det er nydelig vår vær og det må nyttast, men kor skal me gå? Eit blikk på området rundt og turmåla er mange, her er berre å velge å vrake her i Gloppen. Me køyrde til E 39, parkerte rett over Holvik gard på ein tømmerplass. Stien er godt merka og me brukte 40 minutt opp. Det er litt bratt mot slutten men stien er trygga med tau i dei brattaste partia. Utsikten på toppen er upåklagelig.