Faktisk skulle vi til Trøndelag for å hente oss nokre viking høner og då tok vi det i ei helg slik at vi fekk oss ein tur samtidig. Vel, no meinar no eg at livet er ei reise uansett anten eg er heime eller utanforbi husets vegar, men rånere til Sverige freista no litt da!
Vi køyrde til Otta, overnatte nokre km før sentrum.
Dagen etter køyrde vi E6 til Stjørdal. Så bar der i veg mor grensa.
Kan ein ete frukost i vakrare omgjevnader ein tidlig morgon??
Fyrst måtte vi kome oss forbi dette 17.mai toget på EUROPAVEGEN!
Når vi kom dit fortalde det oss at vi bur i eit fredelig land; ikkje ein tollstasjon å sjå, ingen bom og ingenting anna heller. Berre ein skog med ca eit 10 meter skogfritt belte og eit skilt som sto Sverige på-fantastisk eigentleg!
Men så kom tollstasjonen og nokre km innforbi kom den fyrste og einaste butikken-billige varer for ein Nordmann!
Vi køyrde vidare til Årø, ein vinterbilde. Men no var d sommar og fint vêr så vi camperte ved ein flott camping som hadde ei stor elv som buldra forbi.