onsdag 25. juni 2014

Traudalsnibba, 1175 moh.




Når knea mine brann og hjartet holdt på å spretta ut og Lene pusha på, for vi hadde tidsfrist på når vi måtte vere nede, er Lene så elskverdig og spør om ho skal leia meg. Ja, NO kan eg le av det.... Eg takka nei, men ho kunne få lov å skubba meg! (Å kor eg sakna Theo, som dreg meg opp bakkane!)

Etter ei stund tok Lene sekken min, wow, privat sherpa! Eg burde jo klare det sjølv men ho fekk ta den....
Så plutselig var vi oppe på Nibba og Nibbe hytta, men det var jo ikkje toppen....! 800 meter til, klarte eg det?Måtte jo det!
Det var fint å gå på toppen, snø, steinar, berg og moselyng. Variert underlag med andre ord. Djupe stup nokre plassar gav sug i magen!

Endeleg på toppen, 1175 moh! Herlig!!


Og når vi var der ville vi gjerne gå lenger, men tida..... Så vi snudde og gjekk ned att til hytta. Der åt vi, skreiv oss inn i bøkene som ligg der, sjekka skatten og nyhetene. Jammen vert det lærarstreik! :-(

Utsikta frå Traudalsnibba er storslått. På den eine sida ser vi Traudalen og Klypa mot Gjengedalen i Hyen. Myklebustbreen og Breim mot aust, og sjølvsagt vakre Gloppefjorden. 

Ryggjakyrdalen. 

Min sherpa. Anbefalar ho til andre ;-)

Varierande tempo, god stigning!

Vi gjekk 7.47 km. Veldig bra. (Klappar meg sjølv på skuldera) :-)

Takk til Lene for ein flott tur! Godt selskap, god rås, godt merkt og vakkert vakkert!

Dette biletet er henta frå boka til Jan Nik Hansen, Dagens tur-året rundt. Viser råsa opp til Nibba. 

Neste gong vil vi gå Breidalen rundt. Då føl ein ryggen på Nibba til Geitsvorskaret-Salen. Eller kanskje vi svingar av ved Salen og går til Storevatnet i Gjengedalen...? Tida vil vise....
Spørs om Lene vil vere sherpa for meg fleire gongar..... 😊

Vakkert vakkert! Skikkelig flott panoramautsikt!








Frå Rauset til Hestenesøyra via Hestedalen






Ruta....

Princess og Theo

Ved støylsvatnet på Hestenesstøylen rasta vi, eg og hundane....


Avslutta med besøk hos mamma; koselig prat, kaffi og vafler 😄