Eg går over skuleplassen, lengtar etter at klokka skal verte 13, då er eg ferdig for dagen og skal gå med ein gong. Eg veit eg trenge tida, dagane er korte.
Ein rask tur heim om for å hente Theo og Princess så er eg klar. Eg køyrer til Traudalen og kl 14.45 er eg klar. Tankane er allerede på, om eg rekk opp før månen stig bak fjella på hi sida av fjorden.
Omlag halvvegs, utsikta mot Sandane og fjella ikring er som vanlig flott.
Det er lett å gå, god sti som er hard å gå på. I tillegg har eg Theo som dreg.
Lufta vert kaldare, uvant for lungene mine. Eg har akkurat passe med kle på; ull innerst, tynn fleece og vindtett jakke, og ikkje minst hue. Men ved kvart stopp vart det kaldt, så foto pausene vart få. Men nokon bilder måtte eg ha!
Sol, såvidt.....
Vi kom herlig nær denne vinterkledde rypa. Lett å sjå mot barkledd fjell. Den ventar nok på snøen som vanlegvis brukar ligge her på denne tid.
Yes!! Endeleg opp, i strålande sol!
Vakkert vakkert! I alle retningar!
Mot Eikeneshesten.
Er SÅ fornøgd! Dette har vore eit mål i 20 år!
Ein gong før var eg og Elizabeth nesten på ein av toppane her i Sørstrandsfjella, men måtte snu pga vind og kulde.
http://helenepaatur.blogspot.no/2011/12/skitur-nesten-til-morafta-pa-arets.html?m=0
Men idag klarte eg endelig å kome opp!
Eg takka Gud atter ein gong for at eg har så frisk og sterk kropp at eg kjem meg opp på fjelltoppar og kan nyte vår vakre natur i fugleperspektiv.
Men no måtte eg gå ned att, sola hang såvidt over fjellkammen. Ville eg rekke ned att før månen kom? Burde jo strengt tatt ha venta på toppen for å sjå fullmånen kome, stor og vakker! Men all fornuft sa at det var nok ikkje så lurt!
I just made it! Nede på støylen att og månen kom stigande, akkurat så stor og vakker som berre månen kan være!
Her kan du lese litt meir: http://ut.no/tur/2.7051/