Øyeblikket varte akkurat so lenge at eg mista ein sluk på fyrste kast, blei klissvåt i regnet og fekk (sjølvsagt) ingen fisk...
onsdag 30. mars 2016
tirsdag 29. mars 2016
Blodgiver
Eg prøvar å gje blod, eg er den perfekte kandidat, med god helse, høgt jernlager og store blodårar å stikka i.
Eg får ikkje betalt, anna enn at eg set att med ei god kjensle av at eg kan vera til hjelp for nokon som treng da.
DET ER TAKK NOK!!
Men så har dei ei lita gåve, i Florø; du får ein Mummikopp kvar gong du gjev blod.
Og idag skulle eg få min fyrste kopp. Men dengang ei, eg var nemlig ikkje "frisk nok"! Ein må vere 110% frisk og absolutt ikkje ha vore saman med ungar med snott i naso dei siste dagane!
SKUFFA forlet eg den kjekke damo. Var inga trøyst at ho hadde avvist nesten alle idag...
Men eg syntes eg fortjente ein kopp likevel. Så på butikken eg gjekk og kjøpte meg min fyrste "du-får-dessverre-ikkje-gje-blod-idag-kopp".
Valget fall på kjærleikskoppen. Passa ekstra godt sidan eg saknar min halvdel som er på den a der sida av kloden, men som endeleg kjem heim dinna veko 🙃
Abonner på:
Innlegg (Atom)