søndag 10. juli 2016

Myse til fermentering

I myse er det såkalla gode naturlege bakteriar; probiotika. 

Det er ikkje kasein i myse og difor tåler dei som har intoleranse mot melk myse. 

Kan oppbevarast 6 månedar i kjøleskap

Kan brukast til fermentering, mjølkesyregjæring, blautlegging og konservering. 

Eg tok surmjølk i kaffifilter (sette dette i ein sil, elles sprekk filteret) og lot det stå i kjøleskapet til dagen etter. Og ja, brukte kjøpt melk, noko som ikkje er å anbefale, men akkurat no hadde eg ikkje tilgang til fersk melk, og eg er jo på testingens veg så....her brukar vi det vi har....

Eg tok osten som vart til overs og laga to mjuke ferskostar. Ein med oliven og ein med hermetisert kvitlauk. 

Gode?? Tja, litt sure etter min smak, men gode som saus på cheroso pizza!

Kjelde og meir informasjon om myse: http://m.unesmat.blogg.no/1376137317_myse__hvordan_og_hvor.html



søndag 3. juli 2016

Askrova, besøk til Torunn og mamsen



For ei fin utsikt!!

Gode Torunn!!
Klar ferdig posér....







Glade "Storda-damer" !
Å så utsikt!
Selfie må til-sjølvsagt. 
Litt yoga måtte til. Solhilsen og namaste.

Der baki er Norddalsfjorden. 

Så takknemlige for at Torunn tok oss opp til Skaret. 
Vakkert mot vest
Fin lyng. 
Litt led måtte vi gjennom. 
Kart over Askrova.