24. juli. Berre datoen minnar meg om at dette i mange år har vore ein god dato....bursdagsfeiring, bløtkake med masse krem og jordbær....men i år ville dagen verte ein vanleg, litt trist dag....men så feil kan eg ta.
Tre skjønne damer hadde nemlig funne ut at akkurat idag skulle me på tur til Skjerdalsbotnen, med påfølgande Baccalao og god dessert hjå Evelyn. Steikje, dette måtte berre bli ein god dag! Eg kjende da på meg!
Evelyn henta oss på hamnen med "Lynet". Den tregaste båten i Skjerdalen, derav det passande namnet. Det var meldt store nedbørdmengder denne dagen så me gjekk oppover bakkane med ein gong. Michael, som idag fekk vera med på skikkeleg dametur (til hans fortviling) synes dei fyrste bakkane var laaaange. Men straks me nådde støylen gjekk det mykje lettare.
Støylen
Ved hytto til Evelyn og Jens i Skjerdalsbotnen
Her møtte me vakre hestar, personleg er eg ein smule forelska i ein vakker "pippi hest" (kjem ikkje på hverken namn eller rase i farta)
Dalen opp mot botnen er vakker med bratte fjellsider og ei buldrande magisk elv. Skogen er frodig og innimellom jobbar mauren hardt på sine 11 små og store tuer. Men i det ein kjem til vatnet, det er som Moder Jord syner oss det vakraste ho har.
Kan ein få ein vakrare bakrunn??
Eg kjenner lykka over å vera her atter ein gong, og ekstra kjekt å få dela Skjerdalsbotnen saman med min kjære son og tre flotte damer. Sist me gjekk på tur var det frå Hope, via Gjegnabu, Gjegnalunden og ned i Metteneset. Så dette var ein heilt annan type tur, men vakkert, akk så vakkert og ikkje minst super trivelig!
Ladies mountain hiking
Michael, Evelyn, Eli og Jorunn
Tusen takk damer for ein flott tur til himmelriket Skjerdalsbotnen, Takk til Bella som drog meg både opp og ned og takk M for at du holdt ut med tytinga til oss damer. Du er ein tolmodig liten kar :-)
Michael og Bella
Versågo litt bensin til deg.....
Bella vil og smaka
Nydelig god bacalao i den koselege stuo til Evelyn
Skerdalsbotnen anbefalast virkelig! Til og med om du skal gifta deg, men vil du vera fyrst ute til å gjera det, ja då er du forsein, nokon har nemlig gjodt da før.
Stopp i tunet til Evelyn og Jens og sjå den vakre hagen på vegen, Evelyn har verkeleg skapt ein "park" rund husa.
Her MÅ ein berre vera lukkeleg!! Vakkert!
Så flott å sjå dei fine bilda. Takk for ein kjempefin tur i særdeles yggeleg selskap. Eg kjenner meg heldig som får gå ilag med dåkke!
SvarSlettTusen takk for alle lovord ! Det var ein serdeles kjekk søndagstur:) Du er flink å blogge,Helene !
SvarSlettKjenne misunnelsen breidde seg i kroppen, så difor måtte eg ein tur over i dag, og det er ikkje tull, det er berre vakkert, blomstrande fint i tuna te ho Evelyn, og trur du ikkje skøyteledninga var so lang at me sat i hagen og steikte vafler mens me anga inn duften og synet av vakre roser mm. Tjuvsmaka på både solbær, bringebær, sukkererter og jordbær. Og jammen vart det ein brokkolli og hovekål i taska på heimveg. Sistnevnte vart forvella til middag då eg kom heim. mmmm so godt (smørdampa med grov pepar)Så ved eit anna høve håpar eg at eg kan vera med og, sidan det ikkje passa den gongen.Og takk te Evelyn for kjekt selskap og deilig servering :)
SvarSlett:) Fin historikk om turen Helene :)