onsdag 30. juni 2010

Veten, 632 moh. 13. juni.

Ein fin søndagstur til Veten.
Me parkerte bilen i Valborgskleiva og følgde råsa nesten opp til Leirstøylen. Der tok me av mot Veten.
Der er god rås og fint terreng.

Ned att gjekk me om Røsskleivvatnet. Her var det brattare å gå enn den andre vegen opp. Men kjekt å gå ein rundtur.

Rauset støylen, 525 moh. 30. juni 2010


Rauset støylen. Kor mange gongar eg har gått frå Sandsstøylen til Hestenesstøylen og sett opp på denne støylen som ligg høgt opp i fjellsida. Det er som om ein nesten ikkje orkar tanken på å begynne å gå eingong!
Men idag, etter å ha lest gjennom "Opptur" to gongar fann eg ut at det var ein passeleg tur å gå idag.

Me køyrde til Rauset, gjennom bommen, og køyrde mot Sandsstøylen. Men nokre hundre meter etter bommen sto der skilt Rausetstøylen. Eg tok av og parkerte. Skulle vel egentleg berre parkert på Rauset, litt lenger å gå men så slepp en å betale 30 kr i bomvegavgift.

Der er laga traktorveg til støylen og me gjekk den. Om ein vil gå råsa, følger ein traktorvegen til led nr 2. Rett etter det kjem ein inn på råsa om ein er litt observang. Kan sikkert gå inn på råsa lenger nede og.

 Me brukte 50 minutt frå bilen og opp, men då gjekk me seint og tok oss tid til å gje sauene litt kjeks :)



Sørstranda, Bukta og Sandane i bakrunnen.


Både BRODD og Barnas turlag har bok. Ein får 3 poeng for turen hit.
Michael skreiv namnet sitt i Turborev boka :)


Når me gjekk råsa ned att kom vi forbi denne trolske elva.

Me gjekk siste del av råsa ned igjen, og den anbefalast! For ei flott rås! Den er steinbelagt og i trappetrinn nesten heile vegen! Idag var steinane var glatte sidan det regna. Ein ide er å gå råsa opp og vegen ned att.

Turen var til mi store overrasking lett å gå og anbefalast på det varmaste!

Utsikta er formidabel, sjølv på ein dag med regn! Michael synes det var artig å gå så høgt opp at me gjekk i skyene :)

Om ein likar å gå på ski seier dei at her er eit eldorado om vinteren, men det må eg venta med til.....vinteren....

Frå Rauset støylen kan ein gå vidare til Morafta, Holsegga, Daudalen, Osmundnesskaret med meir. Mulighetane er mange!

torsdag 17. juni 2010

Ryssdalshornet, 1201 moh. 9. juni 2010













Denne turen har me snakka om i all fall i 2 år. Gitt om eg gleda meg i det eg spratt ut av sengo, sjekka været og utsikta mot hornet, og såg at det var blå himmel og ingen skoddedott rundt toppen!



Evelyn hadde invitert med to kjekke trønderdamer så dette skulle bli bra!






















Her er me på toppen, glade og litt slitne ;)















Her set me og kosar oss før nedturen.






Turen opp var bratt, men ikkje så bratt som "alle hadde sagt". Nokre få parti var det litt klatring på alle fire. Elles synes eg det var fin sti og fint å gå.


Når me kom opp gjekk me heilt inn på det høgaste punktet. Måtte jo det sidan me fyrst var her!

På sjølve Ryssdalshornet skreiv me oss inn i turbøkene som ligg der. Derretter åt me god niste og feira med ein kaffi og baileys ;) Måtte jo feira litt :)

Me gjekk ned igjen same vegen, ned til Ryssdalsstøylen og bilvegen ned til Ryssdalen. Det verste partiet ned var bilveien. Den er bratt og med verkande lårmusklar og eller kne, virka det som om veien aldri tok slutt.

Men vel nede var me godt nøgde med dagens tur!

Neste gong har eg lyst å gå opp same vegen men over hornet og ned på Reed støylen eller ned i Kandalen.

Heia, 800 - 900 moh. 30. mai 2010





Ein liten søndagstur blei til ein litt lang tur til Heia. Me køyrde opp til Fitje støylen, så langt vegen gjekk. Deretter gjekk me mot skaret kor ein kan gå ned til Langedalen. Der gjekk me rett opp til me kom til ein varde. Var fint å gå og hadde me hatt betre tid skulle me gått over Heia og ned i Jardalen. Det får me gjera ein annan gong :)




80 års dag i Øksnelvedalen. 2008





mandag 14. juni 2010

Svartekari, 1220 moh. 2009







Feira dotter mi sin 18 årsdag med å gå på skitur til Svartekari på ski aleine.
Brukte to timar å gå frå Jardalen og opp. På tilbaketuren gjekk eg om Heia, litt lenger men ikkje fult så bratt. Gjekk litt feil, kom i eit bratt heng, var så bratt at eg ikkje så bakken under meg. Måtte snu og gå opp igjen og litt lenger ned så brukte to timar ned igjen og.
Lærde at fjellet ser ulikt ut når ein står oppe på det enn når ein er nede ved foten og ser opp på det ;)
14.03.09

Diverse småturar i 2009

Arnestadnakken.


Lomvatnet
Her gjekk me frå Tystadstøylen og opp til Lom vatnet. Ein flott tur å gå med små barn. om ein er riktig så sporty er det fint å overnatte i telv ved Lom vatnet.
Frå Lomvatnet kan ein gå vidare til Haugsvarden.


Terrenget er oversiktlig så her er fint å gå aleine sjølv om ein ikkje er kjent.






















Tystad støylen er ein flott plass å gå om ein vil sjå storslått natur utan å gå for langt! Ypperlig når me som her hadde Amerikabesten på besøk. Me hadde ein superfin tur kor me kokte suppe på stormkjøkkenet. Det hadde ikkje amerikabesten gjort sidan han var liten gutt sjølv.
Me håpar han snart kjem på besøk igjen slik at me får fleire slike "gode stunder" saman!










Familiemiddag ved Veslevatnet














..
Hestenesstøylen















På Hestenesstøylen er det superfint å bade om sommaren. Etter ein liten varmeperiode vert støylsvatnet lunka. No er der komt badebrygg med stige og stupetårn. Her er kjekt å vera for store og små badenymfer.

Ofte tek me med oss stormkjøkken eller anna mat og tek turen som ei halvdagsutflukt.





Det er fint å køyre opp støylsvegen frå Hestenes. Om ein vil kan ein køyre opp til Sandsstøylen og gå gjennom Hestedalen. Ein lett spasertur.
Om ein vil gå til Eikeneshesten er Hestenesstøylen eit greitt utgangspunkt.




På denne turen var Michael, Emily, Christopher , Victor og meg. Når ein skal vise fram det vakraste i Gloppen er Hestenesstøylen eit "must".






Kleivane. Eit lite ski-eldorado oppforbi Fjellbygda.


Skitur på Kleivane med Frode, Michael og Victor




















På norges tak! Galdhøpiggen, 2469 moh. August 2009

På tur med Liv Randi og Evelyn til Norges tak, Galdhøpiggen!


 


 
 
 
 
 
 

 

 
 
 
 
 
Stolt står eg her på Galdhøpiggen som er Norges, Skandinavias og Nord-Europas høgaste fjell. (Om ein ikkje regnar med Jøkulkyrkja på 3148 moh. i Dronning Maud Land).  Fjellet ligg i Jotunheimen i Lom kommune i Oppland fylke.



Dei vanligste rutene til toppen er frå Spiterstulen (1104 moh.) (mykje stigning) og frå Juvasshytta (1841 moh.) (krysser Styggebreen). Ruta frå Juvasshytta tar om lag tre timer opp (pluss ca. 45 minutter med førebuing for kryssing av Styggebreen) Me stoppa ein time på toppen og brukte omtrent tre timer ned. Eg brukte ca 30 minutt lenger tid ned enn dei to andre eg gjekk saman med.

Å køyre til Juvasshytta tek om lag 40 minutter frå Lom sentrum kor me overnatta i ei campinghytte. 
(15 minutter langs riksvei 55 og deretter 20 – 25 minutter opp grusveien (bomveg) til Juvasshytta. Dette er Norges høystliggende bilvei).Om ein ynskjer det kan ein overnatte i Juvasshytta. 

Om ein vil gå frå Spiterstulen tek det ca. fem timer opp og tre timer ned. (Legg på ein time med mitt tempo:)















Her står Evelyn og Liv Randi framfor ei solid steinhytte på toppen av Galdhøpiggen, den tredje i rekka (dei to fyrste blei tatt av uvær). Her er det om sommeren ein liten kiosk, men obs obs! Ingen do!
















Geologisk sett høyrer Galdhøpiggen til under Den kaledonske fjellkjede, i likhet med dei fleste fjellkjeder sør i Norge. Fjellet består hovedsakeleg av den magmatiske bergarten gabbro, som er i store deler av Jotunheimen. Det var under istidene at fjellet fikk si nåværande form.

Galdhøpiggen blei bestegen fyrste gang i 1850 av lærar J. Arnesen, kirkesanger J. Flaatten og gårdbrukar Steinar Sulheim, alle frå Lom.
Over Styggebreen bør ein gå i tau. På Juvassbu kan ein berre møte opp og betale 150 kr (trur eg) så får ein gå saman med ein breførar. Det kjentes trygt ut sidan me gjekk rett ved sida av fleire sprekker i breen.
På nedturen blei me sittande på kanten av breen og venta på 3 stk som var kjempeslitne! Litt kaldt i snøkava, men samtidig godt å vite at alle blei passa på!

Me hadde ein flott tur med alle årstider! Fekk ikkje sett so mykje på toppen, men kva gjer no det, me har vore på norges tak!!

(Kilde om faktaopplysningar: http://no.wikipedia.org/wiki/Galdhøpiggen )

Skitur mot Haugsvarden


Fin dag og fint skiføre. Køyrde opp til Kleivane, tok på skia og gjekk rett opp. Nydelig tur som tok alt for lang tid sidan der var så mykje fint å fotografere!
Når sola gjekk ned og månen kom opp snudde eg. Var ukjed i terrenget og tok ikkje sjansen på å mørkne ute, ville vore litt flaut....
Men ein nydeleg tur som skal gåast igjen!
Desember 2008

Eggenipa, 1338 moh


Evelyn ville på Eggenipa og det kunne eg jo ikkje seia nei til!
22.08.08

Siggjo på Bømlo, 474 moh.

Ein flott trimtur med ei fantastisk utsikt!












Utsikt mot Røyksundkanalen og Moster i vest.
I nord ser me Trekantsambandet, Spissøy og Føyno.











Siggjo er med sine 474 m.o.h. det høgaste fjellet i Bømlo kommune. Fjellet har en karakteristisk fasong og er synlig fra store deler av Sunnhordland. Siggjo er også synlig fra fjellene rundt Bergen.


Fjellet er et populært turmål, og mange tusen besøker det hvert år. Det er god sti fra P-plass ved rv 542 opp til toppen. Det første stykket følges en traktorvei. Stien er 1,8 km lang og har en høydeforskjell på ca 300 høydemeter. Flere steder er det anlagt mindre bruer. Det går også en sti på vestsiden fra Åreiddalen. Fra parkeringsplassen førlges gårdsveien det første stykket inn til Sletta, før man fortsetter på sti opp gjennom lia i tett løvskog langs et elveløp. Videre går stien opp det bratte skaret kalt "Kyrdalen".

Herfra er det flott utsikt vestover. Stien fra vestsiden benyttes av få og er derfor ikke så synlig i terrenget. Fra toppen av Siggjo har man vidt utsyn mot Bømlos tusen øyer. Ytterst i sørvest sees Utsira, i nord Lyderhorn i Bergen, i øst Folgefonna og i sør Haugesund. På toppen står televerksmasten. Her ligger også en Televerkshytte hvor turgårere kan registrere seg. I 2003 hadde over 8000 skrevet navnetrekket sitt i turboken.


(Bildene og fakta har eg lånt av Wikipedia)