På tur med Liv Randi og Evelyn til Norges tak, Galdhøpiggen!
Stolt står eg her på Galdhøpiggen som er Norges, Skandinavias og Nord-Europas høgaste fjell. (Om ein ikkje regnar med Jøkulkyrkja på 3148 moh. i Dronning Maud Land). Fjellet ligg i Jotunheimen i Lom kommune i Oppland fylke.
Dei vanligste rutene til toppen er frå Spiterstulen (1104 moh.) (mykje stigning) og frå Juvasshytta (1841 moh.) (krysser Styggebreen). Ruta frå Juvasshytta tar om lag tre timer opp (pluss ca. 45 minutter med førebuing for kryssing av Styggebreen) Me stoppa ein time på toppen og brukte omtrent tre timer ned. Eg brukte ca 30 minutt lenger tid ned enn dei to andre eg gjekk saman med.
Å køyre til Juvasshytta tek om lag 40 minutter frå Lom sentrum kor me overnatta i ei campinghytte.
(15 minutter langs riksvei 55 og deretter 20 – 25 minutter opp grusveien (bomveg) til Juvasshytta. Dette er Norges høystliggende bilvei).Om ein ynskjer det kan ein overnatte i Juvasshytta.
Om ein vil gå frå Spiterstulen tek det ca. fem timer opp og tre timer ned. (Legg på ein time med mitt tempo:)
Her står Evelyn og Liv Randi framfor ei solid steinhytte på toppen av Galdhøpiggen, den tredje i rekka (dei to fyrste blei tatt av uvær). Her er det om sommeren ein liten kiosk, men obs obs! Ingen do!
Geologisk sett høyrer Galdhøpiggen til under Den kaledonske fjellkjede, i likhet med dei fleste fjellkjeder sør i Norge. Fjellet består hovedsakeleg av den magmatiske bergarten gabbro, som er i store deler av Jotunheimen. Det var under istidene at fjellet fikk si nåværande form.
Galdhøpiggen blei bestegen fyrste gang i 1850 av lærar J. Arnesen, kirkesanger J. Flaatten og gårdbrukar Steinar Sulheim, alle frå Lom.
Over Styggebreen bør ein gå i tau. På Juvassbu kan ein berre møte opp og betale 150 kr (trur eg) så får ein gå saman med ein breførar. Det kjentes trygt ut sidan me gjekk rett ved sida av fleire sprekker i breen.
På nedturen blei me sittande på kanten av breen og venta på 3 stk som var kjempeslitne! Litt kaldt i snøkava, men samtidig godt å vite at alle blei passa på!
Me hadde ein flott tur med alle årstider! Fekk ikkje sett so mykje på toppen, men kva gjer no det, me har vore på norges tak!!
(Kilde om faktaopplysningar: http://no.wikipedia.org/wiki/Galdhøpiggen )
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar