søndag 26. februar 2012

Vikingtur til Arnanipa, 456 moh

La meg berre seia det med ein gong, dette er ein skrytetur for vikingar på tur i ukjend terreng.
Opp var greitt, då følgde me ein godt merka sti eit stykke, så gjekk me rett opp, tvers gjennom ein granskog. På denne måten sparde me oss ein omveg på grusveg.

Været var flott og det var mange folk i alle aldrar på turen. På toppen stoppa me ei dame og spurte om ho ville ta bilder av tre staute vikingar. Klart ho ville det! (Sjølvsagt sa eg ikkje akkurat dette, då hadde ho vel trudd me var nokre galne utleningar så.... og ja, igjen var eg som nordmann i mindretal, det begynner visst å bli ein normalitet i min kvardag)

På toppen såg me innover mot Osterøy og sørfjorden, kva fjella omkring heiter veit eg ikkje endå, men kanskje finn eg det ut ein dag.

Bjørgheðin, Hjalmar og meg hadde gode filosofiske historiske og menneskelege diskusjonar på veg opp.
På toppen kvila me litt før Bjørgheðin ville visa oss Arna. Då måtte me gå fram på kanten. Utsikta var så fin den berre kan bli her i Arna. SÅ var det viktingtokta tok til. Me ville gå i ukjendt og utrakka fortspor nett som våre forfedre. Dermed tok me til å følgja nokre hjortefar eit stykke før me vende nasene rett unnabakkar. Ein kan vel trygt seie at her har ingen gått før. Bjørkeskogen var tett og bakken var dekka av mose og urskog. Nokre stykker gjekk vi i småelvar og andre gongar klatra me ned små bergskrentar. Eg kan vel trygt seia at me kjende det godt i kroppen i enkelte parti nedover. Men me vikingar hadde det løje på ferda og etter omlag ein halvtime - time var me glade og fornøgde i det me kom på grusveg att.

Alle bør gå i villmark av og til, i ukjend terreng. Når du vågar det, vågar du kjenna litt på dine ukjende sider i deg sjølv. Anbefalast!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar