lørdag 14. desember 2013

Christmasholiday in the Rainbow Nation, South Africa 🎄


Så er juleferien begynt, skal bli spennande og få ein smakebit av julo i 4 land, men mest av alt jul i Sør Afrika. Blir vidunderlig å møte Afrikas to gode sønner, Bjorn og Sven, igjen ❤️

Julepakkar 1.juledag. 🎅Julemiddag=grillmat. Antrekk=bikini. 👙Einaste juleflesket i år heng rundt min eigen buk. 🐷Men "samma det" (som ungane seier) EG GLEDAR MEG!! :-) :-)😍

Big Ben
Pariserhjulet og Westminister. Heldig m utsikta!!


Juletre i London, i all fall ikkje frå Norge! :-)

Shop till u drop :-)

Deilig å setta seg litt!

Deilig italiensk kaffi....på Heatrow :-)

Her har vi vore på Billabong og shoppa. 

Sven og Bjorn ❤️

Her skal vi på vei t stranda på Cape St. Francis. 

Huset til Joy og Robert Sherman (xsvigers t Hjalmar)

No har nissane vore her og alt er klart til ein spennande morgon for Bjorn. 
I ettertid må eg seia at det var veldig kjekt og koselig å feira juledag saman med Sven, Bjorn, Angela, Joy, Robert, Allan, Nicole, Poul, Terry og sjølvsagt Hjalmar, Rooney og Peppermint ❤️



(Sjølv om eg sakna ungane og mammo, dei skal liksom vera med meg når d er jul! Heldigvis hadde jentene og Leon teke turen t mammo på Øyra. Victor og Michael var med papen t Thailand)



søndag 8. desember 2013

På besøk hos Harald og Sonja

Vi tenkte vi skulle banke på å spørre om me fekk ta eit kjapt kaffi besøk men moter svikta 
Men eg fekk no eit fint bilde. 

Vi rusla oss ein tur til ein av verdas kvitaste opera. 

Var grådig kaldt og surt nede i vannkanten der operaen stiger opp av sjøen. 

Eid og Bjørkedalen ein vakker vinterdag

Ein treng ikkje reise langt for å finne vakker natur. På vei til Volda tok eg desse bilda. Huset, fordi eg synes det er steikje kuult. Det står så majestetisk og "feilplassert" bak Statoil på Eid. 


Så kom vi til Bjørkedalen. Der var ein del folk som hadde teke skia på og luffa seg på skitur. Eg synes denne plassen var så fin. 


tirsdag 3. desember 2013

Dagens lykkeligaste!!


Endelig er siste kvalp levert og mammo får sove i senga igjen, nokon timar på morgonkvisten. *happy happy*

Hugsa eg å seia at H&H og er superglade for å få eit normalt "familieliv" igjen!?!

Å ha to hundar føles som og ha ti, å ha 11 hundar ER som og ha hundre hundar! I tillegg kan du berre gløyme alt sosialt liv utanom! Men moro, yepp! :-) :-)

søndag 24. november 2013

onsdag 20. november 2013

fredag 11. oktober 2013

Hausttur til Svinestranda 1074 moh



På vei opp

Svinestranda er et fjell i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane, med en topphøyde på 1074 moh. Fjellet er med sin karakteristiske form et landemerke i Gloppen kommune. Fjellet ligger mor sør i forkant langs en fjellrygg fra SkarshammereneNonstuva er fjellryggens høyeste punkt med 1140 moh, enprimærfaktor på 170 meter og ligger på grensen mot Stryn kommune.

Adkomst

Turer til Svinestranda går oftest fra en av stølene i området. Vanligst utgangspunkt er Austrheimsstølen, og herfra er stien godt merket. Traséen fra stølen starter i jevn stigning gjennom løvskog, og går deretter gjennom myrlendt område i overgangen ved skoggrensen. Ved foten av fjellet er det stein og åpent fjell i bratt stigning til toppen.

Kilde Wikipedia 




Snakk om fin oktobertemperatur!


Elizabeth skriv i boka








Eit hundaliv!


10 kvalpar er ikkje berre berre, men akk så søte dei er <3

torsdag 10. oktober 2013

Bananpannekaker og Yogi Tea

Herlig sein frukost i nydelig haustvær saman med Elisabeth og Michael 

torsdag 29. august 2013

Middag for deg og meg :-)


Rastafisk, kvalspekk og poteter til Hjalmar

Gryte med blomkål "ris" a la Elaine til meg :-)

søndag 25. august 2013

Himmelsk heilsteikt lammelår med verdens beste poteter til!!!

http://m.klikk.no/mat/spise/article474669.ece

Her kjem oppskrifta på verdens beste!!! ovensbakte poteter. Hugs å lage mykje - for det går mykje meir en kva ein trur. 10 stk for 2 personar. 

Skrell poteter og del dei opp, store nypoteter deler eg i 3 bitar, middels store i to, osv. Legg dei i ein kjele og fyll på med vaten så det sovidt dekker og ha over salt, kok opp og la potetene koke i 10 minutter - sett ovnen på 200 grader.
Når potetene har kokt i 10 minutt, heller du av alt vatnet og legg på loket igjen, so skal du riste litt i kjelen - slik at potetane byrjar å ''flasse'' - dette vil gjere at potetene vert ekstra sprø, gjer ingenting om nokon av dei vert øydlagt.

Vidare har du eit par alternativ, enten har du ein solid klatt med skikkelig smør i ei stor ildfast form (30 - 40 gram) og lar dette stå i omnen eit minutt, slik at smøret smeltar, so heller du potetene over i forma, krydrar med grov pepar og havsalt. 

Eller du brukar ein god olivenolje (jada, eg kan neste høyre deg no der du sitter å seier at eg er snobb 😃 Men maten blir ikkje betre en råvarane vi bruker - og billig olivenolje smakar gymsokk!) Då har du olivenolje i forma, heller over potetene, ringlar over meir olivenolje og krydrar med salt og pepper - no skal dei stå midt i ovnen i 30 minutt. Pass på at du brukar ei litt stor form, ligg dei for tett, syntes eg det er vanskligare å få dei skikkeleg sprø.

No tek du ein heil kvitlauk og deler den opp i fedd, men ikkje skrell desse, ha dei over i ein bolle. So har du rikelig med finhakka rosmarin eller timian - eg syntes rosmarin er best, men det er ein smakssak. So har du over ein god klunk med olivenolje og ein liten klunk med eddik eller balsamicoeddik. 
Og etter 30 minutt tek du ut potetene, og so brukar du ein potetstampar og klemmer potetene forsiktig, slik at dei vert flate, so fordelar du over blandinga av urter og olje og steiker vidare i 30 - 40 minutter

http://www.youtube.com/watch?v=mqTNicYsG9o




Torsk a la svigerson

Torsk: Skinn og beinfrie biter av torsk eller sei (gjerne litt strl på fiskestykka) krydrast med salt og pepper, før ein steker dei i steikepanna i litt olivenolje på sterk varme - eit minutt pr side og legg fisken over i ein ildfast form.
Salsa: Del cherrytomater i to og hakk opp chalottlauk, fres i same panna som fisken vart steikt i, ha over ein god neve med grovhakka basillikum (frisk plante) mot slutten og legg det over på eit fat for å kjøle seg ned.

Brødcrust: skjær 4 grove loffskiver i mindre treninger og ha dei i ein foodprosessor - der har du også ein neve med persille (eller bruk basilikum) og rikelig med reven parmesan. Køyr alt sammen til det er små smuler.

Legg tomatsalsa oppå fisken, og ein ''dunge'' med brødsmuler på toppen og steik i omnen på 200 grader i 6 minutt.

grønnsaksmos: skrell 5 store poteter og del i 2 cm biter. Ta stilken på ein brokkoli (men skjer vekk den heilt nederste delen som er tørr) og del den i mindre btier og kok sammen med potetane i lettsalta vaten, duskane på brokkolien og frosne erter har du oppi når potetane byrjar å verte møre - og det gjennstår eit par minuttar med koketid.
Hell av vatnet, tilsett ein god klatt smør og 2 ts med myntesaus eller gele (setter kanonsmak), salt og pepper. Mos til ønska konsistens og juster med salt og pepper.

Server med ruccolasalat

Eg lager også ein tartarsaus attmed, som er 3 små sylteagurker som eg køyrer i foodprosessor sammen med 1 ss kapers, ein bunt frisk persille og olivenolje. Før eg rører det sammen med 1/2 pakke majones og krafta frå ein lime - dryss over paprikapulver når du har rørt alt det andre sammen.

Følger du oppskrifta - får du eit kanonmåltid som oser av smak. Eg vil understreke at det er litt vesentlig at ein følger den, og ikkje unngår enkelte ingredienser.

Håpar du vågar å prøve den - og lukke til 😉

Resultat av sjølvforsynings hagen :-)

Ein sprø sukkerert :-) nam nam

Til Lomvatnet med Michael, Princess og svigermor.