søndag 25. august 2013

Torsk a la svigerson

Torsk: Skinn og beinfrie biter av torsk eller sei (gjerne litt strl på fiskestykka) krydrast med salt og pepper, før ein steker dei i steikepanna i litt olivenolje på sterk varme - eit minutt pr side og legg fisken over i ein ildfast form.
Salsa: Del cherrytomater i to og hakk opp chalottlauk, fres i same panna som fisken vart steikt i, ha over ein god neve med grovhakka basillikum (frisk plante) mot slutten og legg det over på eit fat for å kjøle seg ned.

Brødcrust: skjær 4 grove loffskiver i mindre treninger og ha dei i ein foodprosessor - der har du også ein neve med persille (eller bruk basilikum) og rikelig med reven parmesan. Køyr alt sammen til det er små smuler.

Legg tomatsalsa oppå fisken, og ein ''dunge'' med brødsmuler på toppen og steik i omnen på 200 grader i 6 minutt.

grønnsaksmos: skrell 5 store poteter og del i 2 cm biter. Ta stilken på ein brokkoli (men skjer vekk den heilt nederste delen som er tørr) og del den i mindre btier og kok sammen med potetane i lettsalta vaten, duskane på brokkolien og frosne erter har du oppi når potetane byrjar å verte møre - og det gjennstår eit par minuttar med koketid.
Hell av vatnet, tilsett ein god klatt smør og 2 ts med myntesaus eller gele (setter kanonsmak), salt og pepper. Mos til ønska konsistens og juster med salt og pepper.

Server med ruccolasalat

Eg lager også ein tartarsaus attmed, som er 3 små sylteagurker som eg køyrer i foodprosessor sammen med 1 ss kapers, ein bunt frisk persille og olivenolje. Før eg rører det sammen med 1/2 pakke majones og krafta frå ein lime - dryss over paprikapulver når du har rørt alt det andre sammen.

Følger du oppskrifta - får du eit kanonmåltid som oser av smak. Eg vil understreke at det er litt vesentlig at ein følger den, og ikkje unngår enkelte ingredienser.

Håpar du vågar å prøve den - og lukke til 😉

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar