torsdag 29. august 2013

Middag for deg og meg :-)


Rastafisk, kvalspekk og poteter til Hjalmar

Gryte med blomkål "ris" a la Elaine til meg :-)

søndag 25. august 2013

Himmelsk heilsteikt lammelår med verdens beste poteter til!!!

http://m.klikk.no/mat/spise/article474669.ece

Her kjem oppskrifta på verdens beste!!! ovensbakte poteter. Hugs å lage mykje - for det går mykje meir en kva ein trur. 10 stk for 2 personar. 

Skrell poteter og del dei opp, store nypoteter deler eg i 3 bitar, middels store i to, osv. Legg dei i ein kjele og fyll på med vaten så det sovidt dekker og ha over salt, kok opp og la potetene koke i 10 minutter - sett ovnen på 200 grader.
Når potetene har kokt i 10 minutt, heller du av alt vatnet og legg på loket igjen, so skal du riste litt i kjelen - slik at potetane byrjar å ''flasse'' - dette vil gjere at potetene vert ekstra sprø, gjer ingenting om nokon av dei vert øydlagt.

Vidare har du eit par alternativ, enten har du ein solid klatt med skikkelig smør i ei stor ildfast form (30 - 40 gram) og lar dette stå i omnen eit minutt, slik at smøret smeltar, so heller du potetene over i forma, krydrar med grov pepar og havsalt. 

Eller du brukar ein god olivenolje (jada, eg kan neste høyre deg no der du sitter å seier at eg er snobb 😃 Men maten blir ikkje betre en råvarane vi bruker - og billig olivenolje smakar gymsokk!) Då har du olivenolje i forma, heller over potetene, ringlar over meir olivenolje og krydrar med salt og pepper - no skal dei stå midt i ovnen i 30 minutt. Pass på at du brukar ei litt stor form, ligg dei for tett, syntes eg det er vanskligare å få dei skikkeleg sprø.

No tek du ein heil kvitlauk og deler den opp i fedd, men ikkje skrell desse, ha dei over i ein bolle. So har du rikelig med finhakka rosmarin eller timian - eg syntes rosmarin er best, men det er ein smakssak. So har du over ein god klunk med olivenolje og ein liten klunk med eddik eller balsamicoeddik. 
Og etter 30 minutt tek du ut potetene, og so brukar du ein potetstampar og klemmer potetene forsiktig, slik at dei vert flate, so fordelar du over blandinga av urter og olje og steiker vidare i 30 - 40 minutter

http://www.youtube.com/watch?v=mqTNicYsG9o




Torsk a la svigerson

Torsk: Skinn og beinfrie biter av torsk eller sei (gjerne litt strl på fiskestykka) krydrast med salt og pepper, før ein steker dei i steikepanna i litt olivenolje på sterk varme - eit minutt pr side og legg fisken over i ein ildfast form.
Salsa: Del cherrytomater i to og hakk opp chalottlauk, fres i same panna som fisken vart steikt i, ha over ein god neve med grovhakka basillikum (frisk plante) mot slutten og legg det over på eit fat for å kjøle seg ned.

Brødcrust: skjær 4 grove loffskiver i mindre treninger og ha dei i ein foodprosessor - der har du også ein neve med persille (eller bruk basilikum) og rikelig med reven parmesan. Køyr alt sammen til det er små smuler.

Legg tomatsalsa oppå fisken, og ein ''dunge'' med brødsmuler på toppen og steik i omnen på 200 grader i 6 minutt.

grønnsaksmos: skrell 5 store poteter og del i 2 cm biter. Ta stilken på ein brokkoli (men skjer vekk den heilt nederste delen som er tørr) og del den i mindre btier og kok sammen med potetane i lettsalta vaten, duskane på brokkolien og frosne erter har du oppi når potetane byrjar å verte møre - og det gjennstår eit par minuttar med koketid.
Hell av vatnet, tilsett ein god klatt smør og 2 ts med myntesaus eller gele (setter kanonsmak), salt og pepper. Mos til ønska konsistens og juster med salt og pepper.

Server med ruccolasalat

Eg lager også ein tartarsaus attmed, som er 3 små sylteagurker som eg køyrer i foodprosessor sammen med 1 ss kapers, ein bunt frisk persille og olivenolje. Før eg rører det sammen med 1/2 pakke majones og krafta frå ein lime - dryss over paprikapulver når du har rørt alt det andre sammen.

Følger du oppskrifta - får du eit kanonmåltid som oser av smak. Eg vil understreke at det er litt vesentlig at ein følger den, og ikkje unngår enkelte ingredienser.

Håpar du vågar å prøve den - og lukke til 😉

Resultat av sjølvforsynings hagen :-)

Ein sprø sukkerert :-) nam nam

Til Lomvatnet med Michael, Princess og svigermor.