lørdag 10. desember 2016

På tur med Princess og Lucky

Lørdag og fri, ein god dag å gå ein liten tur på, medan dagsljoset endå er på. 

Eg og Princess tok med Lucky på tur. Inga bandtvang på hestar, så han gjekk rundt oss, nesten heile vegen. 

Dei bygger skogsveg bak øya opp mot Nordalsstøylen. Vi gjekk nesten til endes. 




Når vi skulle heimatt, sprang Lucky. Han ville heim. Litt sjokkerte vart to skogsarbeidarar lenger nede i vegen, når Lucky kom springande. Dei trudde han var på rømmen. 

Skimtar gården såvidt midt i bildet. 
Litt meir innover dalen. Kan vel kalle det nedre Solheim. 

Mot Gruvlevatnet. 
Bilde teke på brua. Så mykje vatn at Solheimsvatnet og Gruvlevatnet går i eitt. 
Mot Solheimsvatnet. 

Ein flott laurdagstur. 

lørdag 12. november 2016

mandag 7. november 2016

Litlavatnet i Norddalsfjorden


For å kome hit parkerer ein ved gravplassen på Norddal. Vi køyrde opp men bilen er 4x4 og høg under. 

Det er fin skogsveg opp til vatnet og ein fin familietur på litt over ein kilometer. 

Hugs å kjøp fiskekort og ta med fiskestanga! Sikkert mykje fin fisk her!
Eller ta med god turmat og fotoapparat! 
Dette er ein fin plass og rett og slett berre nyte livet og øyeblikket!

onsdag 17. august 2016

Heimelaga myggmiddel som ikkje skadar huda.


Kopier lenkja og de får ein YouTube film med oppskrift! Veldig lett å lage sjølv, med kun 2 ingredienser! Perfekt!

https://m.youtube.com/watch?v=fcsVuLxQsRY

søndag 14. august 2016

Blåbærsylte

Mmmm, Sundt og godt-blåbær!

søndag 10. juli 2016

Myse til fermentering

I myse er det såkalla gode naturlege bakteriar; probiotika. 

Det er ikkje kasein i myse og difor tåler dei som har intoleranse mot melk myse. 

Kan oppbevarast 6 månedar i kjøleskap

Kan brukast til fermentering, mjølkesyregjæring, blautlegging og konservering. 

Eg tok surmjølk i kaffifilter (sette dette i ein sil, elles sprekk filteret) og lot det stå i kjøleskapet til dagen etter. Og ja, brukte kjøpt melk, noko som ikkje er å anbefale, men akkurat no hadde eg ikkje tilgang til fersk melk, og eg er jo på testingens veg så....her brukar vi det vi har....

Eg tok osten som vart til overs og laga to mjuke ferskostar. Ein med oliven og ein med hermetisert kvitlauk. 

Gode?? Tja, litt sure etter min smak, men gode som saus på cheroso pizza!

Kjelde og meir informasjon om myse: http://m.unesmat.blogg.no/1376137317_myse__hvordan_og_hvor.html



søndag 3. juli 2016

Askrova, besøk til Torunn og mamsen



For ei fin utsikt!!

Gode Torunn!!
Klar ferdig posér....







Glade "Storda-damer" !
Å så utsikt!
Selfie må til-sjølvsagt. 
Litt yoga måtte til. Solhilsen og namaste.

Der baki er Norddalsfjorden. 

Så takknemlige for at Torunn tok oss opp til Skaret. 
Vakkert mot vest
Fin lyng. 
Litt led måtte vi gjennom. 
Kart over Askrova. 

tirsdag 21. juni 2016

Fisketur til Storevatnet 21.06.16


Rette tida for Myrull. Veldig fint å gå over myrene når desse blømer. 

Mjuk og fin
Her er eg komen til Svanevatnet. Det ryktast at her er lite fisk, så idag passerer eg og tek min aller fyrste tur forbi og vidare til Storevatnet. 

Fint når det er godt merka!!

Mellom trea ser eg vatnet! Steikje kor vakkert her er!!



Jippi! No skal eg prøve fiskelukka!
Utstyret i orden. Skulle nok hatt makk og dupp, men eg klarar ikkje å tre makken på ångelen....gale nok å drepa fisken...
Vakkert, vått (da veit eg for eg sklei rett uti og blei våt til rumpa!! Men men, ingen skade då eg må berre tåla da....)

Eg må berre seia da; på det aller aller fyrste kastet fekk eg den blanke ørreten!!! 
Magisk!! Den fiskehistoria kan ingen ta frå meg, og Storevatnet vil alltid ha litt magi over seg!!
Sluken

Stilig berg! Ser ut som USA!



Ååå såååå fiiiiiin! Nett som ein Lotus!

Ser heim.... Så koselig!!
Runkeper seier 5 km. Flott tur!!