Eg og Princess tok med Lucky på tur. Inga bandtvang på hestar, så han gjekk rundt oss, nesten heile vegen.
Dei bygger skogsveg bak øya opp mot Nordalsstøylen. Vi gjekk nesten til endes.
Når vi skulle heimatt, sprang Lucky. Han ville heim. Litt sjokkerte vart to skogsarbeidarar lenger nede i vegen, når Lucky kom springande. Dei trudde han var på rømmen.
Bilde teke på brua. Så mykje vatn at Solheimsvatnet og Gruvlevatnet går i eitt.
Ein flott laurdagstur.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar