Etter ein shoppingtur til Spar Eikefjorden, måtte eg berre ta ein kjapp stopp, midt på Norddalsfjordbrua, for å forevige denne vakre dalen vi bur i.
Idet eg kom til Haukå krysset, inngangen til Norddalsfjorden, vart det eit nytt stopp.
Myr og vatn i fargesprakane, nydelige haustfargar.....vakkert! (Mangla berre hjortane, som ofte går her)
På impuls stoppar eg ved kyrkjegården, skal eg ta ein trimtur til Likkjevatnet? Ser nokre damer allerede er på veg, så freistinga vart for stor. Eg sendte mld til gubben og sa at måtte berre....
Damene nådde eg att, medan dei konstanterte at her var nokre fine julatre.
Eg foreslo at dei kunne ta med eit heim og sjå om det sto seg til jul....
Nesten oppe.
Eg tok av frå vegen for å kome bort til nausta, antakelig Nordalingane sine.
Hjorteråser er tingen, dei ledar ein plass.
Hit.
Lufta, så klar og frisk, med eit hint av mint. Elva som sildrar og fosseduren i det fjerne. Lyden av fjell. Så nær livet ved fjorden, men likevel så magisk ensomt. Som om eg er langtvekkistan inni fjellheimen!
Elveutløpet. Her må det vel vere fint å fiske? Ein annan gong, for stanga var dessverre ikkje med....
På ein liten stein, ut i der, sat ein fugl og fulgte meg, men han visste nok at han var trygg...
Eg måtte berre...heiv av meg klea, og lot vatnet kjøla skrotten.
Skal ikkje skryta på meg noko, det var ei kjapp avkjøling!
Men septemberbad!
Herleg!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar