søndag 10. juli 2011

Skongsnes fyr, 9. - 10. juli.


















Her kjem ein tur eg ikkje hugsar kor gjekk.....

Ronbergstøylen i Hyen, 24. - 25. juni 2011

I ein avkrok i Gloppen ligg Ronbergstøylen, og for å seia det som sant er, eg hadde nok ikkje funne den hadde det ikkje vore for at eg hang på slep etter kjentfolk.

For å koma di må du køyre til Hyen, ta av opp Ommedalen, køyre til det står Ronbergkleiva på eit skilt, hald høgre. Køyr gjennom nokre tun og vidare opp lia, ja så opnar det seg nok eit Himmelrike. Ja for det er det det er, Ronbergstøylen. Eit lite vatn med nokre hytter og naust i kring, vakkert!

Eg besøkte min kjære veninne Liv Kristin, frå Stord på støylen. Ein underleg kombinasjon? Nei ho har onkel og tante herifrå, mange syskjenebarn på farssida pluss eit syskjenebarn på morssida, så Liv Kristin er ein nesten Hyar. (Når eg blei kjend med ho, før eg hugsa kva ho heitte, ropte eg altid på "du hyen" når eg såg ho. Altid like glad for å sjå ho og altid like glad for å sjå nokon frå Gloppen.)

Og i godt selskap tok me med oss fluktstolar, musikk og godt drikke og sette oss i vannkanten.
Og Ronbergstøylen har vel adri vore ein betre plass å vera på en akkurat den kvelden!!

(Bilder kjem)

onsdag 15. juni 2011

Gloppestadstøylen

I Gloppen er det mange fine støylar å gå til, kva du vil sjå og evt gjere der avgjer kva for ein du bør velge. På Gloppestad er det ei god og roleg stemning, med beitande husdyr rundt hyttene. Det er kort å gå så enkelt å kome dit både for skrale kne og små barneføter.

I kveld var eg der på elevavslutning. Det var kaffi, kaker, pølser og brød og høg stemning. Elevane leika diverse leikar medan me vaksne for det meste benka oss i ein superduper mjuk sofa, kaffi og koseleg prat inne i ei veldig fin hytte.

Michael koste seg ute saman med dei andre elevane.

Nokre "tjønn" like i nærleiken, mot Kleivane.

For å kome dit køyrer ein E 39 og tek av opp i Fjellbygda, hold til høgre og køyr forbi Utsikten.
Ved den øvste garden er der ei kasse med bompengar, kostar 30 kroner.
  
Køyr vidare til der står skilt Gloppestadstøylen. Herifrå er det fint å gå vidare til Svinestranda eller Haugsvarden.

Om vinteren er det fint å køyre opp til Kleivane og gå på ein passeleg kort skitur til Gloppestadstøylen.
Frå Utsikten ser ein ut over heile Gloppefjorden, her ser ein Sandane og Mardal.

Kleivedammen og Åsen, Mardal bak til høgre.

lørdag 4. juni 2011

Dagstur til spissen av Noreg

"Det er i grunn litt rart at vi berre bur nokre timar frå spissen av norge" sa Ola då me sto ytterst mot havgapet på Kråkenes fyr. Og det er sant! Og endå verre, i 30 år har eg budd berre 3 timar frå denne vakre plassen på jord, likevel var dette fyrste gongen eg var her. Bortsett frå at eg har vore i havet her med båt.

Kråkenes fyr ligg omlag så langt vest ein kan koma i Noreg. Ein køyrer forbi Måløy og Raudeberg, forbi ein vindmøllepark og vakker storslått natur, nokre sauer og hus ute i øyde og så er du der.

"Kråkenes fyr ble opprettet i 1906, og ligger helt ut mot det åpne Stadthavet, lengst nordvest på øya Vågsøy i Vågsøy kommune, Sogn og Fjordane. Fyret har en egen værstasjon som sender dataene sine til Meteorologisk institutt.
Kråkenes fyr ble ødelagt/bombet under andre verdenskrig. Nytt fyr stod ferdigbygd i 1950. Fyret ble automatisert i 1986 og avfolket i 1991.
I 1997 ble det åpnet en kafé i fyret, og det er også mulig å leie «brudesuite» her. Kråkenes fyr er et av de viktigste turistmålene på Vågsøy.

På Kråkenes fyr ble det målt vindhastigheter på 36 meter i sekundet 29. og 30. august 2005. Vindstyrken tilsvarer orkan etter Beauforts skala. I løpet av tiden det er gjort observasjoner på Kråkenes, er det registrert om lag 150 orkaner. Nyttårsorkanen i 1992 ble dessverre ikke registrert på Kråkenes, fordi det ble skiftet observasjonssystem det året. På Svinøy ble det imidlertid registrert godt over 32,9 m/s, og på flere steder på Nord-Vestlandet ble orkanen vurdert til styrke 15 på Beauforts skala".
(Kilde: Wikipedia)

  
Cherie nyter utsikta.
Her var det vakkert!
Gjengen på tur pluss fotografen. 


Når det bles godt slår bølgene opp her som eg set, 40 moh.

Her er ein film frå youtube som viser Kråkenes i storm og stille:


 
Elisabeth


Elisabeth, Michael og Ola klatra opp på ein topp ved sida av fyret.


To gode venner

Jepp her er me, ytterst i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane.
På fjellet ved Mehuken vindpark

Mehuken vindpark
er et vindkraftverk i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane. Mehuken ligger tett ved Kråkenes fyr og toppen av fjellet er på 433 moh. Byggetrinn 1 stod ferdig i 2001, med 5 vindturbiner av typen Vestas V52-850 kW, hver på 76 meters høyde. Installert effekt er 4,25 MW og årsproduksjon er på 12 GWh. Mehuken I var i 2001 Norges største vindpark.

I 2010 ble parken utvidet med 8 nye vindturbiner av typen Enercon E-70 2.3 MW. Totalt er årsproduksjonen på ca. 65 GWh, noe som tilsvarer energiforbruket til de ca. 6000 innbyggerne i Vågsøy kommune. Turbinene på Mehuken II er 64 meter høye og har en rotordiameter på 71 meter.

Anlegget ble offisielt åpnet 29. oktober 2010 av fylkesordfører i Sogn og Fjordane, Nils R. Sandal.
Anlegget eies av Kvalheim Kraft AS, som igjen eies av Østfold energi og Vardar".
(Kilde: Wikipedia)

 
 Gutta likte veldig godt vindmølleparken.


Eg synes det var flott med vindmøllene, sjølv i dette robuste kyst landskapet.

Refviksanden
"Refviksanden ligger i Refvik i Vågsøy kommune. Den er en naturlig hvit sandstrand dannet av skjellfragmenter og er omtrent 1,5 kilometer lang. På folkemunne kalles den bare Revikja.

Refviksanden er et yndet utfluktssted for lokalbefolkningen, såvel som et populært turistmål for både norske og utenlandske tilreisende. Ettersom stranden er langgrunn er den også godt egnet for mindre barn. I tilknytning til stranden er det også en liten campingplass. Tidligere kommunalt driftet, men i 2008 tok innbyggere i Refvik over den daglige driften av anlegget.

Da campingplassen ble driftet av Vågsøy kommune, var det ingen restriksjoner med tanke på parkering. Biler stod parkert der det passet, også på selve sanden. Det hendte at biler ble stående fast i sanden og måtte trekkes/dyttes løs. Det er ikke lenger anledning til å kjøre ut på sanden og det har i stedet blitt opparbeidet rudimentære parkeringsområder som kan avnyttes mot et mindre gebyr i sommersesongen.

I tilknytning til campingplassen finnes kiosk og et sanitærannlegg med dusj og toalett, i tillegg er det etablert tømmestasjon for bobiler.

Refviksanden ble i 1988 kåret til Norges fineste badestrand av Dagbladet. I 2001 fikk den tredjeplassen. Samme året kåret Nitimen og NRK den til den nest fineste. Også i 2010 ble den kåret til Norges fineste badestrand, av nettstedet klikk.nos lesere".
(Kilde: Wikipedia)
 
Å hjælp, den bølga er stor....

spring!!!! bølga kjem! begge guttane sprang så fort ein gong at dei landa på magen, lange som dei var i sanden, kliss blaute vart dei.....



kontaktannonse ;-) "Helene elskar havet, viss her er ein flott ungkar så berre ring......."

Ikkje langt frå Kråkenes fyr ligg Skongenes fyr. Der er leigd/eigd av DNT så her kan alle som vil overnatte.
Då må ein gå ein time, i motsetning til her kor me køyrde omlag til døra.
Les meir på DNT sine heimesider:


Arnestadnakken, 771 moh, med Barnas turlag 29.05.11

Sesongen med barnas turlag opna idag. Det var på nippet at me vart heime sidan det var kaldt og reg i lufta, men Michael ville så gjerne gå og då let eg meg overtale.

Me køyrde forbi Veslevatnet og opp til Fitjestøylen. Der møtte me dei andre som skulle på skattejakt. Det var opplett når me gjekk og Michael han forsvann opp bakkane. Men etter ca 30 minutt starta det å regna og blåse og når me nådde toppen snøa og hagla det om ein annan. Men me fann turboksane, skreiv oss inn og fann ei lun hole kor me åt maten i ein rasande fart. Det var kaldt og surt, men me kosa oss likevel.

Sidan me er så heldige å bu på Mardal kunne me gå strake vegen heim. Det blei mykje betre å være ute når me kom oss ned frå toppen. Dermed hadde me stopp i skogen før Veslevatnet, ved veslevatnet og når me var nesten nede på Mardal. Ein fin tur.



Michael

Cherie May

Det er mange som likar å gå på Arnestadnakken, det er lett terreng å gå i og utsikta på toppen er flott. Om ein vil kan ein gå over og gå ned på Arnestad.

tirsdag 10. mai 2011

Ryssfjøra


Ei skjult perle i Nordfjorden!
Skal du kjenna sjøluft, bade, grille, nyte sola eller rett og slett ha deg ein tur i fjøra er Ryssfjøra ein perfekt plass å gå!

Er du riktig heldig kan du sjå cruise båtane som går ut eller inn fjorden på nært hald.

Cherie May, tante Oddrun og meg.


Tante Oddrun's supergode sveler! :-) Altid har ho noko godt i "bagasjen"!

tirsdag 12. april 2011

Måneskinstur til Holvikfossen, ca 350 moh.

Kveldssola gjekk ned bak fjella og fuglane kvitra våryre songar. Bjørka står spretteklar og månen skin så halv og fin høgt til himmels. EG VIL PÅ TUR!!!!





Ja Princess ville og så då var det å ringa til Panco si matmor og høyra om dei kunne vera med, og jippi da kunne dei!

Me Køyrde til ein lesseplass ved E39, nær Holvik gard, rett over for Sandane. Derifrå gjekk me på god sti omlag rett oppover i 35 minutt. Det var litt bratt på slutten men når turen er så kort som dette gjer da ingen ting. På toppen kan ein gå fram på kanten og sjå rett ned i fossen, ja eg blei reint svimmel men for ei flott utsikt! Den var nydelig, med eit Sandane opplyst av gatelys og måneskin.

Om ein vil, kan ein gå vidare oppover til ein kjem inn på vegen frå Engeset (Fjellbygda) Ein kan og gå ei runde og koma ned i Valborgkleiva. Det var den beste beskrivelsen eg kunne hugsa Helen sa så ikkje følg den, finn nokon som kan forklare turen betre enn eg ;-)

Men uansett så anbefalar eg turen! Og så håpar eg dette var startskotet for mange fine turar framover året :-)


mandag 28. mars 2011

Yksnelvane i Bremanger kommune

Var på besøk hjå mammo og fann dette bildet som eg ville dele.
Det syner Yksnelvane slik dei er meint å væra. Desverre er den utbygd, men denne dagen var det overløp.
Eit vakkert syn!

I same slengen anbefalar eg dykk å ta turen opp i Yksnelvedalen, det er eit paradis! Vilt og vakkert, mektig og majestetisk (mange klisje ord her men må bruke dei for å skildre kor vakkert det er) Som Cherie sa når ho såg bildene, "du må føle deg nær himmelen når du går der". Og det er heilt sant!

Frå Yksnelvane mot Ålfoten

 På veg opp i Yksnelvedalen. Utsikt innover fjorden mot Metteneset.
 Bukkenibba 1515 moh
Gjegnen 1670 i bakrunnen.

Området er her utbygd men vakkert likevel. Verd turen!
Trur eg har nemd det tidlegare her i bloggen men i tilfelle ikkje så var me her og feira pappa sin 80 års dag.
Og for å seia det slik, når eg vert 80 vil eg og feire den på fjellet ein slik vakker sommardag :-)