søndag 3. juli 2016

Askrova, besøk til Torunn og mamsen



For ei fin utsikt!!

Gode Torunn!!
Klar ferdig posér....







Glade "Storda-damer" !
Å så utsikt!
Selfie må til-sjølvsagt. 
Litt yoga måtte til. Solhilsen og namaste.

Der baki er Norddalsfjorden. 

Så takknemlige for at Torunn tok oss opp til Skaret. 
Vakkert mot vest
Fin lyng. 
Litt led måtte vi gjennom. 
Kart over Askrova. 

tirsdag 21. juni 2016

Fisketur til Storevatnet 21.06.16


Rette tida for Myrull. Veldig fint å gå over myrene når desse blømer. 

Mjuk og fin
Her er eg komen til Svanevatnet. Det ryktast at her er lite fisk, så idag passerer eg og tek min aller fyrste tur forbi og vidare til Storevatnet. 

Fint når det er godt merka!!

Mellom trea ser eg vatnet! Steikje kor vakkert her er!!



Jippi! No skal eg prøve fiskelukka!
Utstyret i orden. Skulle nok hatt makk og dupp, men eg klarar ikkje å tre makken på ångelen....gale nok å drepa fisken...
Vakkert, vått (da veit eg for eg sklei rett uti og blei våt til rumpa!! Men men, ingen skade då eg må berre tåla da....)

Eg må berre seia da; på det aller aller fyrste kastet fekk eg den blanke ørreten!!! 
Magisk!! Den fiskehistoria kan ingen ta frå meg, og Storevatnet vil alltid ha litt magi over seg!!
Sluken

Stilig berg! Ser ut som USA!



Ååå såååå fiiiiiin! Nett som ein Lotus!

Ser heim.... Så koselig!!
Runkeper seier 5 km. Flott tur!!

tirsdag 12. april 2016

Svanevatnet 9. april 2016


Dette fine vatnet ligg i Norddalsfjorden. Eg er ikkje noko god på vegbeskrivelse her inne endå, sidan eg ikkje veit nokon stadnamn. Men frå huset vårt brukar vi ca 15 minutt å gå...eller 30 minutt om ein går skikkelig seint....


Het gjekk Leon, Michael og eg opp ein dag i påska. Er jo så spennande med den meteoritten som kom susande på 70 talet og landa midt i vatnet. Der ligg framleis ei bøye som viser sånn ca kor den ligg 🤓

søndag 10. april 2016

Lav sjø og mykje sand


Evening walk on low tight. 

onsdag 30. mars 2016

Eit lite fiske-øyeblikk


Øyeblikket varte akkurat so lenge at eg mista ein sluk på fyrste kast, blei klissvåt i regnet og fekk (sjølvsagt) ingen fisk...

Skitur i Seterdalsheiane vest

Turen gjekk frå Ådneram-> Taumevatn -> Grauthella -> Ådneram 19. - 22. mars 2016

















tirsdag 29. mars 2016

Blodgiver

Eg prøvar å gje blod, eg er den perfekte kandidat, med god helse, høgt jernlager og store blodårar å stikka i. 

Eg får ikkje betalt, anna enn at eg set att med ei god kjensle av at eg kan vera til hjelp for nokon som treng da. 

DET ER TAKK NOK!!

Men så har dei ei lita gåve, i Florø; du får ein Mummikopp kvar gong du gjev blod. 

Og idag skulle eg få min fyrste kopp. Men dengang ei, eg var nemlig ikkje "frisk nok"! Ein må vere 110% frisk og absolutt ikkje ha vore saman med ungar med snott i naso dei siste dagane!

SKUFFA forlet eg den kjekke damo. Var inga trøyst at ho hadde avvist nesten alle idag...

Men eg syntes eg fortjente ein kopp likevel. Så på butikken eg gjekk og kjøpte meg min fyrste "du-får-dessverre-ikkje-gje-blod-idag-kopp".

Valget fall på kjærleikskoppen. Passa ekstra godt sidan eg saknar min halvdel som er på den a der sida av kloden, men som endeleg kjem heim dinna veko 🙃



fredag 26. februar 2016

Off grid

Jepp, eit virkelig norsk ord, men kva skal eg omsetje det med? Det betyr i all fall at ein er sjølvforsynt med straum og mykje meir. 

Her kan de lese om nokon i Nord Noreg som lever slik vi ynskjer å gjere det... Men ting tek tid, og kunnskap må ein og ha...

http://okologisklofoten.blogspot.no/?m=1