Utviken er vel mest kjend for ein kjekk plass å vere når der er mykje snø. Der er 2 skitrekk kor det lengste tek deg opp til 950 moh. Men meg finn du i det eine barnetrekket, det som er tilpassa funksjonshemma. Ikkje fordi eg er nybegynnar (sjølv om det kjennes ut som det kvart år) men fordi Michael er med. Det er ein yppelig plass å lære!
I dag gjekk vi fyrst karusellrenn. Det er ein fin motivator for å gå på "bortoverski".
Så var det til trekket. Fyrste turane var det godt å ha hjelp. Ikkje lett å kome seg opp trekket på ski når ein er heilt fersk, og slett ikkje på snowboard! Men Michael lærte det fort!
Konsentrasjon må til!
Dette går så fint atte!
Etter ei lang økt ute er det godt å kome seg inn i varmestova og eta og drikke litt, og ikkje minst varme seg litt.
Freistar det med ein dag i alpinbakken eller ein dag i fine preparerte løyper, ja då er Utvikfjellet ein fin plass å være.
Her kan du sjekke vær og føreforhold:
Rypeskarrennet er eit årlig langrennsrenn og turlangrenn på om lag 24 kilometer, arrangert sidan 1979. Rennet, som arrangerast av Fjellhug/Vereide Idrettslag går frå Utvikfjellet vestover fjella via Rypeskaret til Fjellbygda ved Sandane. Det er og ei rundløype med start og målgang på Utvkfjellet. Rennet arrangerast oftest i forbindelse med påska.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar