Kveldssola gjekk ned bak fjella og fuglane kvitra våryre songar. Bjørka står spretteklar og månen skin så halv og fin høgt til himmels. EG VIL PÅ TUR!!!!
Ja Princess ville og så då var det å ringa til Panco si matmor og høyra om dei kunne vera med, og jippi da kunne dei!
Me Køyrde til ein lesseplass ved E39, nær Holvik gard, rett over for Sandane. Derifrå gjekk me på god sti omlag rett oppover i 35 minutt. Det var litt bratt på slutten men når turen er så kort som dette gjer da ingen ting. På toppen kan ein gå fram på kanten og sjå rett ned i fossen, ja eg blei reint svimmel men for ei flott utsikt! Den var nydelig, med eit Sandane opplyst av gatelys og måneskin.
Om ein vil, kan ein gå vidare oppover til ein kjem inn på vegen frå Engeset (Fjellbygda) Ein kan og gå ei runde og koma ned i Valborgkleiva. Det var den beste beskrivelsen eg kunne hugsa Helen sa så ikkje følg den, finn nokon som kan forklare turen betre enn eg ;-)
Men uansett så anbefalar eg turen! Og så håpar eg dette var startskotet for mange fine turar framover året :-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar