I dag gjekk eg frå Kleivane til Austrheimstøylen. Me parkerte på parkeringsplassen på Kleivane i fint solskin. Der er skilt som syner kor stien starta. I begynnelsen er der vått, men seinare er der stort sett fin sti.
Og no veit eg omsider kor dei vatna eg har sett frå Svinestranda høyre heime henne i terrenget. Utruleg fint å gå forbi dei!
Me gjekk innom Gloppestadstøylen på veg bort. Ein fin støyl det og!
Etter ca 30 minutt var me framme med Austrheimsstøylen. Ein veldig velholdt og sjarmerande støyl! Kjekt med elva som renn forbi kor ein kan bade og fiske eller brenne bål, slik som me gjorde:)
Turen var lett å gå og anbefalast for både små og store føter!
Dette er nok ein tur som mange går om vinteren. Så eg får prøve igjen då og sjå om turen er like flott og lett å gå med ski på beina.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar