Årets fjelltur. Berre orda smakar godt og gjev ei kjensle av forventning og glede.
I år som i fjor ville eg og Sonja gå frå hytte til hytte der været var finast. Det peika seg ut to alternativ, Tafjordfjella eller Stølsheimen. Den endelege avgjerda fall på; "Kven ville me tilbringe tid saman med? Møringar eller Bergensarar?" Det blei Bergenserane som vann :-)
På kartet under har eg teikna inn kor me gjekk.
Midt mellom Vik i Sogn og Voss, på toppen av Vikafjellet går der ein annleggsveg inn til Bjergane. Der parkerte me bilen. Forventningsfulle og i godt vær rusla me oss inn til Selhammer hytto med "svintunge" sekkar.
Selhammerhytto i bekrunnen, den ligg flott til mellom to vatn. Me brukte 3.5 timar hit frå Bjergane.
Hytto ligg 880 moh. Det er lov å ha hund inne i sikringsbuo.
"Selhamarhytten er Bergen Turlags største hytte i Stølsheimen. Den ligger ved utløpet av Selhamarvatn og nås fra Eksingedalen og Vikafjellet. Hytten er stor og egnet til opphold over flere dager for skoleklasser og større grupper. Det er fine turmål både for barnefamilier og de som ønsker lengre turer i området. Det er også mulig å padle kano inn til hytten.
Bergen Turlag anbefaler Selhamarhytten for turer med barn. Selv om man ikke er fjellvant, er det lett å komme seg inn hit, og man får gode tur- og naturopplevelser i flott høyfjellsterreng. Og om man er fjellvant, er Selhamar alltid en grei hytte å komme til, den ligger høyt i terrenget med god utsikt over landskapet. Hytten er godt egnet til fast opphold over noen dager, og man behøver ikke bestille på forhånd.
Hytten er åpen og ulåst hele året. Det er mulig å kjøpe proviant som hermetikk, posemat, pålegg osv - på hytten. Det finnes knekkebrød, havregryn og ingredienser til baking." (Kilde: http://www.bergen-turlag.no/cabin.php?ca_id=151 )
Dagen etter gjekk i dalane rundt fjella, nedforbi Røbergfjellet bla. Me gjekk langs vatn på superfine "rekkjer", so dei seie i Sogn. (stiar) Været var fint idag og so me tok oss god tid med lange pausar og god niste. Utruleg kor godt det er å være langt inn i fjellheimen i uberørt, vakker natur. Alle vatna som spegla seg i små brear som låg att etter vinteren gjorde det heile ekstra vakkert.
På Åsedalen var der allerie ein familie. Dei hadde komt dagen før og ville vere på denne fine plassen i nokre dagar til. Utruleg kor me kosa oss om kvelden med god mat og drikke.
Åsedalen ligg 822 moh og ligg i hjartet av Stølsheimen. Me brukte 5.5 timar hit. Me gjekk den lengste vegen sidan me ville spare den kortaste turen på tilbakevegen. På denne hytto sette eg igjen litt proviant. Typisk meg å ta med for mykje mat. Dette letta sekken litt før me skulle ta til på den lengste etappen over til Solrenningen.
Åsedalen ligg i Vik kommune.
Hyttene i Åsedalen bak. På desse hyttene er det ikkje lov å ha hund.
Her er me på veg opp til Uranipa. Me gjekk i skaret rett nedforbi og på det høgaste gjekk me på 1100 moh.
Laaaangt der nede ser me Solrenning støylen og hytto.
Ålrekstølen er verneverdig og ei "severdighet" med sine mura hytter.
Litt ekkelt å gå over "gyngete" hengebru.
Frå Ålrektstølen til Solrenningen var der myrete i stien, men elles flatt og fint.
Me brukte omlag 6 timar mellom Åsedalen og Solrenningen, pluss pauser.
På Solrenningen var er to Bergensarar som tydeleg hadde gått mykje i fjellet. Når dei til og med jobba med ein Gloppar me visste kven var, ja då var praten i gong og me hadde ein triveleg kveld. I 12 tida kom der eit par og som hadde berekna litt feil tidsbruk. Solrenningen ligg 645 moh.
"Lenge før det oppsto organisert turvirksomhet på Vestlandet, var Solrenningen et attraktivt turområde. Her var fast overgangssted fra Modalen til Sogn, og seterdriften begynte tidlig.
Sommeren 2010 ble det bygget ny hytte på Solrenningen. Den gamle fra 1965 ble revet pga. dårlige grunnforhold. Den nye hytten står i 2011 klar til å ta i mot mange besøkende gjennom hele sesongen, med god plass til store og små fjellturister. Hytten er egnet for barnefamilier, grupper, tradisjonelle fjellvandrere og alle som vil prøve det enkel hyttelivet under gode forhold. Etter at anleggsveien kom, er der ingen stigninger frem til hytten. Det er en tur i et grønt og vennlig landskap der er mye vann og mange bekker. Fra parkeringen ved Stølsdammen, tar det knapt 2 - 3 timer å gå til Solrenningen. Et litt lenger men litt tørrere trasevalg er å gå opp og inn Blådalen, der man møter t-merkingen fra Norddalen, som man følger ned til hytten.
Solrenningsstølene ligger 5-10 minutter fra turisthytten. Selene er i hovedsak bygd i stein, og tre, og er godt vedlikeholdt." (Kilde: http://ut.no/hytte/solrenningen )
Her set me klar på Solrenningen dagen etter, klare for å gå tilbake til Åsedalen. Karane skulle gå til Modalen, ein tur på omlag 2 timar. Me hadde 4.5 timar framfor oss og i dei to siste gjekk me i plaskregn og vind. Me var glad me gjekk i dalane idag og ikkje over høgfjellet.
Det var superdeilig å kome fram til ei varm hytte. # tyskarar hadde kome litt før oss og sat der i berre trusene medan dei sprengfyrde i omnen med klea hengande til tørk. Ein kan seia at lukta i hytto var ikkje den beste, men lykka over å vere framkomne gjorde at sånne bagatellar.....ja det må ein rekna med og det gjer absolutt ingenting. Litt seinare kom det ein Nordlening og dotter hans. Så når me ut på kvelden tok til å spele eit kortspel eg ikkje skjøna fanari av, ja då vart det mykje latter i hytto.
Åsedalen ligg i Høyange kommune. Her stå eg og ser ned på Åsedalen hytto og vatnet ved Hallsetstølen.
Når me gjekk over fjellet ved Tindafarangen (1197 moh) såg me over til Raudbergfjellet som me tidlegare både hadde gått på baksida av på veg mot Selhammer og ved foten av på veg til Åsedalen.
"Raudberget ved Selhamar er en attraksjon i Stølsheimen. Når fjellet bader i kveldslys er det skinnede rødt. Selv i overskyet vær ser du tydelig rødfargen som kommer av høyt innhold av serpentenitt, og skiller fjellet fra alle andre fjell i Stølsheimen. Raudberget nås lett fra Selhamar både sommer og vinter."
(Kilde: http://ut.no/tur/raudberget-og-gryteberg-%C2%96-verdt-aa-oppleve-i-stoelsheimen )
Mykje flott flora.
Pause
Å gitt om me gleda oss til desse "pinnane" frå Bakaren på Sandane. Dei har eg draksa med meg og spart heilt til siste dagen. Kake og Cola i den nest siste pausa i Stølsheimen. Det er då ein veit kvifor ein elskar slike dagar med mykje gåing, sliten kropp, vakker natur og godt selskap.
Typisk Stølsheimen! Her kviler nokre uredde sauer på Rappen støylen.
Rappen støylen.
Det var fine og gode stiar det meste av rundturen. Godt merka var dei og.
Eit siste blikk innover i Stølsheimen. Eit vakkert fjellområde som eg anbefalar alle å gå. Der er mange portar inn til dette himmelriket, så her er noko for alle!
Takk til Sonja som ville dele denne turen med meg! :-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar