fredag 14. oktober 2011

Gapahuken ved Veslevatnet.

Det er haustferie og då må me finna på noko gøy saman med ungane, og kva gjorde me då, me køyrde til Veslevatnet og åt middag i gapahuken! Utvalet i kjøleskapet var dårlig men me fann no litt kjøttdeig. Den laga eg karbisar av før me reiste og me laga pinnebrød deig. Og i går hadde Cherie laga deilig sjokoladekake, dermed hadde me dessert og.


Gutta boys fann noko kjekt å gjera på i vannkanten.

Elio i vogna, Elaine, Carlos og Cherie kosa seg inne i gapahuken.

Dette er moro!

"Kom igjen då tante, kom nærare!"

Snart grillklar bålpanne.

Carlos og Michael eter pinnebrød.

Karbis og pinnebrød. Nam nam.

Jepp, dette ser godt ut, og da va da!

Fjellburger a la Elaine.

Litt moro med slegga......

Strå i vatnet.

Vakkert, vakkert!

Så la vi litt ved til tørk i panna før me gjekk heim.

Så til alle i  Bukta 4 H og andre som har vore med på dugnad; det er berre å GRATULERE! De har sett opp ein flott gapahuk! Og jammen trur eg at den kjem til å verte nytta ofte!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar