Eg sto opp klokka 8 idag for i dag skulle eg endelig på Morafta. Ikkje det at eg veit kor det er henne sånn heilt ekstakt men det er no på det lokkande fjellet på sørstranda. Men til min store skuffelse var det snøbyger i lufta så eg gjekk beint å la meg igjen. (Vel, eg slepte ut hundane og tende fyr i begge omnane, så la eg meg)
Etter to timar fann eg ut at det var på tide å stå opp igjen, og kva hadde skjedd med været?? Det var blå himmel og sola skein, og etter nok ein time skein sola såvidt på mitt mål; toppen av sørstrandfjellet. Eg berre MÅTTE gå. skunda meg inn på OK Henden og kjøpte eit par fellar til Elizabeth. Ho ville vere med, den sporty jento. Ho skryter av at ho trenar så mykje så eg var litt betenkt; ville eg klare å halde følgje med ho??
Klokka 12 sto me på Rauset, klar for å erobre det kvite glinsande fjellet langt oppe i horisonten. Det var nokon som hadde gått før så det var lett å gå. Puddersnø. Stille. Kun fellane som laga lyd. Og praten til meg og Elizabeth sjølvsagt.
Rett før Rauset støylen og utsikta er utruleg flott!!
Etter ein time nådde me Rausetstøylen, 526 moh. Veldig bra!
Like lang tid som eg og Michael brukte når me gjekk ein sommarsdag for nokre år sidan.
Utsikta er slåande! Kanskje er dette ein av dei vakraste plassane i Gloppen?? Vanskeleg å seia sidan heile Gloppen er eit einaste stort vakkert eldorado!!
Like lang tid som eg og Michael brukte når me gjekk ein sommarsdag for nokre år sidan.
Utsikta er slåande! Kanskje er dette ein av dei vakraste plassane i Gloppen?? Vanskeleg å seia sidan heile Gloppen er eit einaste stort vakkert eldorado!!
Rausetstøylen.
Så var det å sige oppover etter ei aldri så lita fotopause.
"Mamma, eg trur ikkje dette går eg". Elizabeth var bekymra for dei store snømengdene, og "kor skal me eigentleg gå?"
Eg visste eigentleg ikkje, berre at me skulle gå oppover. Men me fann spo og me gjekk over Kvanndalsbrua. Og steikje kor takknemlig eg er for at det var 3 stykker som hadde gått der i går og laga løype. Det gjorde til at me kunne sige leikande lett oppover. Etter 40 minutt var me over skoggrensa og me vart overasska over kor langt me var komt. Då skulle me klare å kome langt på eit par timar, trudde me!
Men toppen var laaaangt oppe og Elizabeth var stadig meir sliten (Hmmm, var det ikkje ho som trena fleire gongar i veka??) Men eg fekk no pressa ho litt til, berre litt til. Og ja, eg stoppa kvart halvminutt og pausa i 15 sekund, skikkelig intervall trening. Spora til dei 3 frå dagen før var blåst igjen, og det bles kraftig, og det vart kaldt.
Me var komen til omlag 1000 moh og me var nesten opp, men me bestemte oss rett og slett for at her var vår topp idag!
Kva anna kan ein seia at her var det vakkert!! For eit himmelrike!!
Og så var det ned att då. Veldig bratt, glitrande skiføre og ute av trening, ein passe bra kombinasjon så litt knall og fall vart det ja. Trøysta var at me landa veldig mjukt :-)
Dette er ein tur eg anbefalar alle som er glad i å gå på ski. Det er strålande for telemark køyring ned att for dei som likar det. Sommar som vinter er dette ein tur eg anbefalar! Eg har seriøse planar om å ta med meg telt og godt selskap og utforske desse fjella ein vakker sommarveke! :-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar