lørdag 9. februar 2013

Det ville Sør Afrika, Sommaren 2012

Sommaren 2012 skulle eg ha min fyrste tur til Sør Afrika. Det var ikkje turar i bushen som var hovudformålet med turen, men kjæresten min og eg planla nokre turar slik at eg skulle få oppleve det som for meg er Afrika: løvar, elefantar, apekattar, giraffar og vakker og vill natur.

Elefantparken i Addo.
Det er mange rike farmarar som lagar "hotell" på gården sin. Vi overnatta på Woodall Butique hotell.
Det var berre såååå lekkert og eksklusivt! Soverommet innbydde til ein romantisk weekend (men sidan vi hadde to barn med oss, så....) Frå badekaret kunne vi sjå rett ut i ei lita elv kor det var rikelig med fuglar. Vi hadde eige mini basseng utanfor rommet og utedusj.
Om kvelden spiste vi superduper god mat, alt vakkert for øye og deilig for ganen.







Dagen etter køyrde vi til Addo Elephantpark.
Heile parken er inngjerda og der er alle slags ville dyr der, men fokuset var naturleg nok elefantane.
Og når vi kom nær flokken på omlag 100 elefantar, matte vi berre sitje å nyte dei. Store, sterke og vakre. Ja og so nokon små babies. Veldig søtt når elefantbabyen kom mot bilen og freste mot oss for å beskytte mammaen sin.

Bilder andre har teke frå parken.

Seaview Lion Park
Seaview Lion Park  ligger rett utanfor Port Elizabeth. Det er underlig å stå så nær ein løve, dei var så majestetiske der dei var, eg fekk nesten lyst å gå bort å stryke dei under haka. Men sjølvsagt, dei var ville og dei var innelåst bak eit høgt strømgjerde. Eg hadde nok ikkje vore så høg i hatten om eg hadde møtt på dei ute i bushen...
Vi såg og tiger, zebra, giraff og mange hjortedyr.





Baviaans
Ja namnet seier sitt, no skulle vi sjå bavianar! Området Baviaans ligg på World Heritage si kulturverneliste (eller kva det no heiter) Og tanken på at Geiranger ligg på samelista og ligg laaaangt mot nord, viste meg kor forskjellige områder vi må ta vare på, på vår vakre jordklode.
Igjen overnatta vi på ein bondegård, i ei hytte denne gangen. Hytta var av MEGET enkel standard, nesten som ei shanty hytte. Den var laga av finerplater og betong. Men du verden så fint likevel. Rett ved sida av var der bålplass, og ei elv. På den andre sida var det ein svær appelsinlund. Der gjekk Bjorn og Sven og plukka appelsiner som ikkje var hausta inn, og søtare appelsiner har eg aldri smakt. NYYYYDELIG!!
Vi hadde besøk av gårdens hund, "Dipstick". Og gitt om eg kvapp når det var ein lyd i bushen rett ved sida og hunden sprang etter kvadetennnovar!

Så køyrde vi inn i det freda området av Baviaans. Vegen var stengd med port og vi måtte registrere oss. Dette for at viss vi ikkje var komne tilbake om kvelden ville dei kome og hente oss. Vi kan ikkje forlate bilen og begynne å gå. Då kunne vi møte på slangar, kudo, bavianar og apekattar og ikkje minst ende opp som leopardmat.
Vegane kan samanlignast med veien til Hestenesstøylen; smal, svingete og nokre plassar høøøøøgt utfor. Sidan det var vinter og regnet hadde sperra vegen midt inne i området, møtte vi heldigvis ikkje mange bilar. Vi hadde Landrover og vi kom oss godt fram. Vi køyrde opp på høge åskammar og ned i djupe dalar. Og plutselig sprang det nokre bavianar framfor oss på vegen. Og der var det apekattar og hjortar. Vi såg heile tida etter ville dyr, og det var ekstra kjekt når vi såg nokon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar