mandag 11. februar 2013

Skitur til Fløtravarden, 860 moh. 8 februar 2013.

Gradestokken syner - 11, men himmelen er stjerneklar. Klokka er 6 om morgonen, eg køyrer min kjære på jobb. Eg har fri. Skal skal ikkje. Skitur, hadde jo vore fint. Det er februar og dei ligg endå på garasjeloftet.
Eg skal.
Eg køyrer heim, ventar på at dagen skal ta til. Leverer mine to herlige gutar. Køyrer vidare, høgre eller venstre i krysset. Bestemmer meg for å bestemme meg når eg kjem fram. Det står mellom Haugsvarden eller Utviken. Det blei til høgre. Utviken.


Når eg kjem opp er klokka halv ni, snøen er framleis blå og horisonten er rosa. Eit godt teikn-sola er på vei.
Kor kaldte det er veit eg ikkje, men det merkar eg snart. Når eg har gått i fem minutt må eg snøre russerhua mi ned til kjakane, dei er stive av kulde.


Det er stille, kaldt og vakkert!

Uansett kva retning eg ser er det blått i ulike nyansar.

Princess er lukkeleg for å vera med. 
Godt ho har pelsen endå.

Dei fyrste solstrålande kjem forsiktig opp bak fjella....

og kastar lange skuggar av meg sjølv og hunden

Dette ser kanskje idyllisk ut, men irritasjonen over at Princess gjekk OPPÅ skia mine.... vel eg bestemte meg for at eg ikkje skulle irritere meg, men det holdt hardt!

Kjekkare når ho sprang rundt meg i fult firsprang!
Vi var heilt aleine og ingen reinsdyr var å sjå, så då fekk ho nyte friheten ho og.

Endeleg, etter 1 time og 20 minutt var eg opp.
Unnskyldninga for at det tok så lang tid....eg måtte stoppe så ofte og nyte vakker natur...og ta bilder, sjølvsagt :-)



Eg vurderte faktisk her å gå til Sandane, tenkte eg fekk nok nokon til å hente meg, så ringde til Martin, men ikkje svar å få, og ville det gå bra med Princess? Ho var begynt å få is mellom potane og eg hadde ingen sokkar med til ho, så det vart til at eg bestemte meg for å renne ned att.

Eg happy, Princess kald på beina og rundt snuten.

Skodda låg tjukk i Nordfjorden. Vakker med regnbogefargar på toppen, men glad den låg der og ikkje steig opp til meg!



Turen ned att gjekk fint, hadde berre eit knall og fall, når Princess stilte seg midt i løypa og eg kom susande! Men det gjekk bra med ho, og i grunn var det passe bratt nedover.
Ein tur eg anbefalar for folk flest i alle aldrar. Det er ein lett tur, og når eg kom til bilen var det mange som var på veg oppover.

Recomande this website to read more: Westcoastpeak




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar