
Vi har kjøpt oss ein liten segbåt nær Aukra, på Møre. Vi køyrer bil opp og etter ein rask inspeksjon var det berre å starte turen sør over.
Det var blikk stille og påhengsen måtte brukaste heile vegen. Det er ein 5 hk så farten er liten. men du verden, dette er spennande likevel.
Hjalmar er skipper på Norskekysten. Martin har utstyrt oss med kart og vi har kart/gps på mobilen som ekstrahjelp.
Det er ingen skjær i sjøen på fyrste etappe. så etter 8 timar er vi ankra opp i båthamna i Midtsund.
Der fann vi ein planke som vi brukte til å skrape avfast grodd blåskjel på båten. Ikkje løjje at det gjekk seint!
Vi koka kvelds på stormkjøkenet og etter litt rydding var det natt. Så underlig å sove ombord i VÅR seglbåt! Liten men stor nok for to som skal lære å segle!
Neste dag våkna vi til lett regn og svak motvind, ikkje det vi hadde bestilt, men skit på, det var berre å starte turen. Det var om å gjere å kome så nær Stadt som muleg. Vi studerte kartet grundig for her kom den verkeleg store navigasjonsutfordringa, når vi skulle passere området rundt Ålesund. Det var smalt og trangt og mykje båt trafikk. Men det skulle nok gå bra.
Eg køyrde bil og kringla meg nedover langs vegen. Stoppa og venta og såg, så køyrde eg litt til, samla nokre kommune skilt på vegen.

To dagar seinare køyrde eg han ut. Han etterspurde meir utstyr og eg handla i Volda. Etter nokre timar var han klar og sette kursen mot Stadt. Han la seg til for kvelden like nord for Stadt. Han våkna i 3 tida om natta av at det var blikk stille. NO var det berre å sette segl (igjen, les: starte påhengsen)
Han hadde ein stille og roleg seilas rundt Stadt og ankra opp hos Willhelmsen leirskule i Krokpollen. No var han lei og det var min tur å segle siste etappe.

Eg hadde teke med Victor, Michael og Christopher som mannskap. Var ikkje lange stunda før dei var leie, så Michael og Christopher la seg ned i lugaren og sov. Victor var kaptein. Så ville eg kvile litt og Victor var framleis kaptein. Heldigvis følgde eg med på kartet på mobilen, viss ikkje hadde vi teke ein omveg om Eid.
Det kom omsider litt medvind og Victor ville gjerne prøve å segle. Og hans iver smitta og vi heiste seglet. Det var moro! Dette kom vi til å like!
Ved Krokeneset kom Kjell susande med sin påhengs. Han og Daniel ville inspisere. Kjell hadde sett oss når han kom med ferja Stårheim - Isane. Det var kjekt med besøk! Eit lite avbrekk.

Det kjendes utruleg godt å få båten heim! Den er liten og går seint, men so far so good!


Sjølv om draumen allerede var i gang om neste båt, ein 40 fot stor seglbåt vi kan reise verda rundt i.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar