Rundtur over øya-skogsvegen-Reset-Svanevatnet.
Starta turen heima. Gjekk vegen over øya, hovedvegen 2-300 m før eg tok av på skogsvegen. Der står skilt.
Eg fylgde skogsvegen til endes, og der var det utsikt inn over vakre Nordalsfjorden; Solheim og Midtbø.
Litt lenger oppe såg eg ned att på øya og brua.
Litt vanskelig å halde stien innover, kunne godt vore betre merka. Men vi fann no fram, Princess og eg.
Så kom vi fram til Svanevatnet.
My kingdom! (Vi eig ein teig her)
Uti her landa ein meteoritt på 70 talet. (Den er aldri funnen, så kom å leit! Det ligg ei bøye her som er eit merke på kor den landa)
My kingdom!
Solheimsfossen. Her kan ein kjøpe fiskekort og få fin fin laks. (Les meir her:http://norddalsfjord.no/fiske )
Om du vil gå motsatt veg, så står dette skiltet ved hovedvegen. Rett etter ei sjøbu og ei bru. Fiskekort kan kjøpast på sms. Mykje fin fisk i vatna oppi her, så anbefalast!
Ein flott tur!
Om du vil lese meir om Nordalsfjorden, gå til www.norddalsfjord.no
Fantastiske naturbilder! Viser vårskogen og fjellet på en inspirerende måte. Må si jeg er imponert over badingen!! Har oppdaget bloggen din nå, gøy å følge livet på farmen med dyr og natur! Ønsker deg en fortsatt god vår med nye fjellsko som fungerer godt!.
SvarSlett