lørdag 20. mai 2017

Ein veit jo aldri om skoa er gode før dei er testa ute!


Nye fjellsko, og desse må jo testast og gåast inn. 

Rundtur over øya-skogsvegen-Reset-Svanevatnet. 

Starta turen heima. Gjekk vegen over øya, hovedvegen 2-300 m før eg tok av på skogsvegen. Der står skilt. 
 Eg fylgde skogsvegen til endes, og der var det utsikt inn over vakre Nordalsfjorden; Solheim og Midtbø. 
Mykje vakrare enn bildet viser!

Litt lenger oppe såg eg ned att på øya og brua. 

Litt vanskelig å halde stien innover, kunne godt vore betre merka. Men vi fann no fram, Princess og eg. 

Eg elskar lukta av skog, lyng og fjell! *lykke*

Vakker furu, prega av vêr og vind. Nett som livet sjølv!

Så kom vi fram til Svanevatnet. 


Desse to øyane gjekk eg over til når isen låg tjukk.... Det er SÅ fint her! 
My kingdom! (Vi eig ein teig her)

Uti her landa ein meteoritt på 70 talet. (Den er aldri funnen, så kom å leit! Det ligg ei bøye her som er eit merke på kor den landa)

Vi måtte bade litt, herlig!



Skikkelig ur eit lite stykke på vegen ned frå Svanevatnet. Og utsikta!! 
My kingdom!
Farmen vår. Vårt paradis! Love it!!!

Ville jordbær plantar. For eit nydelig skue!


Solheimsfossen. Her kan ein kjøpe fiskekort og få fin fin laks. (Les meir her:http://norddalsfjord.no/fiske )

Om du vil gå motsatt veg, så står dette skiltet ved hovedvegen. Rett etter ei sjøbu og ei bru. Fiskekort kan kjøpast på sms. Mykje fin fisk i vatna oppi her, så anbefalast!

Om ein vil fiske ved elva/sjøen. 

Theo snusar inn alle luktene som han gjekk glipp av. Neste gong Theo, skal du få vera med. 
Ein flott tur!

Om du vil lese meir om Nordalsfjorden, gå til www.norddalsfjord.no



1 kommentar:

  1. Fantastiske naturbilder! Viser vårskogen og fjellet på en inspirerende måte. Må si jeg er imponert over badingen!! Har oppdaget bloggen din nå, gøy å følge livet på farmen med dyr og natur! Ønsker deg en fortsatt god vår med nye fjellsko som fungerer godt!.

    SvarSlett