Atter ein dag med nydeleg fint haustvær. Kom igjen Evelyn, bli med ein tur på Eikeneshesten. Det er einaste målet me ikkje har nådd i år av planlagde felles "toppturar".
Evelyn er sporty og stiller opp som vanleg! Så kom eg til å tenke på alle dei som seier "kvifor sa du ikkje frå at du gjekk?" Eg sendte nokre meldingar og inviterte dei og, og heldigvis passa det for Eva (etter at ho droppa komparmiddag for tur)
Me begynte å gå litt over kl 14, litt seint på dag, men dette er jo ingen lang tur....tenkte me....
Me nådde Eikenes støylen, og hadde den fyrste pausen ved det nydelige vatnet over støylen. Ein flott gapahuk var der, så med ein kaffi skvett på termosen synes vi livet var godt!! (Men likevel undrar eg meg over at dei ikkje laga dette fine vatnet nærare støylshusa...sikkert ein god grunn men....)
Eva ved det nylaga støylsvatnet.
Motbakke motbakke.... Skjerdalen i bakrunn.
Utsikta er slåande vakker!! Mi kjære heimbygd, Hestenesøyra låg så vakkert der nede ved Nordfjordens bredde! Kan ein bu på ein vakrare plett på jord? Jo sjølvsagt, på Lote er det litt finare, dei har jo verdas beste utsikt!!
Utsikt ned på Hestenesøyra.
Eg undra meg fleire gongar på kvifor eg aldri hadde gått opp her før. Eg budde jo 27 år på Hestenesøyra så eg hadde jo god tid....
Ingenting er så godt som rennande fjellvatn!
Når vi nærma oss toppen synes me at "me har berre litt igjen". Men det stykket var drygt. Det var bratt og glatt, faktisk is fleire plassar. Eg var klissvåt på føtene, og mot den kalde bakken vart eg etterkvart ganske så kald på føtene. Men det var berre å halde stimen oppe. Skulle vi rekke ned igjen før månen kom på himmelen var det berre å gje på. Etter ein liten "kle på kroppen og fyll den med sjokolade pause" steig energien.
Eit oppmuntrande smil på vegen.
Ohhh yes!! Ved varden på Eikeneshesten!!
Eva, Chico og Princess. (Princess stjeles Evelyn sin pizza...)
Endeleg sto me på toppen!! Nydelig utsikt og glad for å ha nådd nok eit mål! Frå 0 til 1093 moh på 3, 5 timar, veldig nøgd med den!! Underleg å sjå rett over til Hyeneshesten, fjella ser litt annleis ut når ein kjem i same høgd. Me såg ned til Hesteneøyra, Skjerdalen, Hyeneset, Hyen, Lote, Gloppen og Blakset. Me såg til og med nesten heilt til Skåla! For ei utsikt!!!
Brodd IL har poeng bok på toppen. Turen er verd sine 10 poeng!
Utsikt mot Sandane.
Me ser ned i Skjerdalen og Hyeneset.
Etter ein liten rast med chilli sterk pizza og mykje fotografering begynte me på heimturen. Fargane på lyngen var flotte og når sola gjekk ned og farga fjella raude, DÅ var det flott å vere på tur!
Ved vatnet på Eikenesstøylen
Princess kviler litt medan me skreiv oss i boka på Eikenesstøylen. Eikeneshesten høøøgt der oppe.
Idet me kom til bilen sto månen så rund og fin og skrein over tretoppane, ein betre slutt på ein kjekk og flott tur kan ein neppe få!
Takk for turen Evelyn og Eva, eg er så glad for at de ville vera med og dele turopplevinga med meg!
Er det OK at jeg bruker bildet "Utsikt ned på Hestenesøyra." i en turbeskrivelse til Eikeneshesten?
SvarSlettSkal skrive under bildet at det er hentet fra helenepaatur.blogspot.no