Hmm spennande, den må me sjekka ut!
For 3 veker sidan sendte eg ein mail til kommunen og tinga hytta i helgo. Michael har gleda seg i fleire veker til turen og Victor, ja han har eg mast på i like lenge! Den eine vil og den andre vil ikkje, men tilslutt klarte eg å få med begge to:) Og kjekt da hadde me da!!
Victor og Princess
Me spelte "Idioten" til langt på natt
Michael fann seg ein stein å stå på, den ligna faktisk litt på Eggenipa, som en ser i bakrunnen.
Hytta ligg på omlag 600 moh, rett før skitrekket. Ein kan køyre heilt fram til hytta, noko som kan ha sine fordelar, spesielt når eg måtte ut i mørkenatto for å henta Victor på Byrkjelo og det knaka i buskene rett nedforbi hytto. Og eg var akkurat like veldig lite høg i hatten når eg måtte lufte Princess. Det blei fem meter frå hytto! Ikkje berre berre å vera mørkeredd i svarte skauen!
Men til gjengjeld:
Eg er så nær
Himmelriket
Med blinkande lys
Som seier
Kom kom
Augo synker inn
Langt inn i Melkevegen
Eg vil dit
Vite kva som er
Ei stjerne reiser
Frå nord til sør
Kor skal du hen?
Eg vil vera med
Eg kjenner meg så liten
Likevel så nær
Eg strekk ut handa
Plukkar deg ned
Held deg varsamt
I mi hand
Legg deg over mitt hjarte
Kjenner ditt lys
Fylle mitt liv
Eg veks
Er overalt
Universet og meg
Ei skiljast kan
Hytta er eit fint utgangspunkt om ein vil gå turar i Breimsfjella. Der er ulike støylar i nærleiken som er korte å gå til, blant anna Støyvastøylen.
Frukosten på verandaen før me reiste vidare.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar