Kom igjen Evelyn, me går på Skåla i måro! Eg var nett ferdig på jobb og fekk SÅ lyst og gå på Skåla i det nydelige haustværet! Ho jubla og blei med, endeleg hadde eg teke til vet og funne ut at me måtte gå no, før det vart forseint på hausten.
"Skåla er et fjell ved Loen i Stryn kommune, Sogn og Fjordane. Fjellet er det 371. høyeste fjellet i landet av fjellene med primærfaktor på minst 50 meter. Skåla ligger på 1843 moh, mens den nærliggende Stryneskåla er 1848 moh.
(Primærfaktor er et mål på hvor mye en fjelltopp hever seg i forhold til terrenget omkring. Primærfaktoren til en fjelltopp er den minste vertikale avstanden (høydeforskjellen) en først må gå ned for å kunne gå opp til et høyere punkt enn den fjelltoppen man startet fra.)
På toppen står Skålatårnet (Kloumannstårnet), står et tårn murt i stein med 22 sengeplasser, som ble oppført i 1891 av doktor Hans Henrik Gerhard Kloumann, doktor av utdanning, med rekreasjon for kropp og sjel.
Frisk høyfjellsluft skulle være helsebringende for tuberkulosen som var en stor folkesykdom på slutten av 1800-tallet. Dette argumenterte doktor Kloumann i Innvik med då han klarte å skape interesse for å få bygd et tårn på Skåla, 1848 moh. Samtidig så man at dette kunne være interessant for et økande antall turister. De to hotellene i Loen støttet med 100 kr hver og i alt ble det samlet inn 1100 kr. Det ble bestemt at det skulle lages en en-meter bred ridevei opp, sånn at folk kunne fraktes på hesteryggen. Grunneierene avstod fri grunn og fikk som kompensasjon enerett til føringen.
Tårnet har over metertykke vegger og er på to etasjer. I andre etasje er det tre køyer over hverandre, i en halvsirkel, med plass til i alt syv i hver seng. Tårnet blir drevet som selvbetjent turistforeningshytte av Bergen Turlag.
I alle år har dette vore eit populært fjellmål, og mange har sprunge opp bakkane for å slå rekordane som går på folkemunne. Skåla er rekna som Norges høgaste fjelltopp som har foten i sjøen.(Primærfaktor er et mål på hvor mye en fjelltopp hever seg i forhold til terrenget omkring. Primærfaktoren til en fjelltopp er den minste vertikale avstanden (høydeforskjellen) en først må gå ned for å kunne gå opp til et høyere punkt enn den fjelltoppen man startet fra.)
På toppen står Skålatårnet (Kloumannstårnet), står et tårn murt i stein med 22 sengeplasser, som ble oppført i 1891 av doktor Hans Henrik Gerhard Kloumann, doktor av utdanning, med rekreasjon for kropp og sjel.
Frisk høyfjellsluft skulle være helsebringende for tuberkulosen som var en stor folkesykdom på slutten av 1800-tallet. Dette argumenterte doktor Kloumann i Innvik med då han klarte å skape interesse for å få bygd et tårn på Skåla, 1848 moh. Samtidig så man at dette kunne være interessant for et økande antall turister. De to hotellene i Loen støttet med 100 kr hver og i alt ble det samlet inn 1100 kr. Det ble bestemt at det skulle lages en en-meter bred ridevei opp, sånn at folk kunne fraktes på hesteryggen. Grunneierene avstod fri grunn og fikk som kompensasjon enerett til føringen.
Tårnet har over metertykke vegger og er på to etasjer. I andre etasje er det tre køyer over hverandre, i en halvsirkel, med plass til i alt syv i hver seng. Tårnet blir drevet som selvbetjent turistforeningshytte av Bergen Turlag.
Hvert år blir motbakkeløpet Skåla 1848 meter rett opp arrangert. Det går fra dalbunnen og opp og er på 1823 høydemeter. Bakkene fra Tjugen til Skålatårnet er Norges lengste sammanhengende motbakke".
(Kilde:
http://www.skaala.no/default.asp?page=758
http://no.wikipedia.org/wiki/Skåla_(Stryn )
Sjekk linkane før du les vidare:
http://www.skaala.no/default.asp?page=755
http://www.skaala.no/default.asp?page=778
Laurdag morgon køyrde me til Loen, parkerte og begynte å gå. Me skulle opp og ned same dag så me visste at me hadde ein strevsam dag framfor oss. I tillegg var Michael med, så ei viss spenning var knytt til om han klarte det eller om me måtte snu før toppen.
Sola skein og me gjekk og me gjekk. Me beundra arbeidet "sherpa folket" hadde gjort med råsa opp gjennom bakkane.
Der nede er Skålavatnet, biletet er teke ca 30 min etter at det er passert.
Klokka gjekk farleg fort og klokka 3 var me ved Skålavatnet. Eit nydeleg vatn!
Men kan tru me blei ein smule motlause når me fekk høyre at me var litt over halva og det verste partiet var igjen. Ville me kome oss ned igjen før det vart mørkt? For opp visste me at me ville kome, formen var fin og Michael fekk så mykje skryt av oss og folk me møtte at han formeleg sigla opp igjennom fjellsida!
Klokka 17 var me oppe, kjempeglade over å ha nådd endå eit mål! Og Michael, jo han var det berre å ta av seg hatten for! For ein uthaldenhet!
Me diskuterte litt fram og tilbake kva me skulle gjera, men fann ut at me måtte overnatte til søndag. Elles risikerte me å mørkne ute! Mat og kle hadde me. Eg måtte berre avlyse søndagens avtale om å gå på Eikeneshesten og ringe til besto og få ho til å passe Princess og Victor som var aleine heima. Når det var i boks slappa me av og verkeleg kjende kor glade me var for å vere her og me gledde oss til ei natt i det berømmelege tårnet.
Eg må seie eg blei overraska når Anne Marie og Jarle kom, endå meir overraska vart eg når Ingunn med familie kom!
At Michael skulle vere her høgt til fjells og oppleve at Amalie som går i same klasse skulle kome opp her og, nei det var ikkje til å tru!! Og gitt om dei koste seg! Der var og to andre 6 åringar på Skåla frå Volda. Og jammen trur eg ikkje det er ofte at der er FIRE 6 åringar i Skålatårnet samtidig!
Folk støymde på og når sistemann var komen var me 31 stk. Der er sengeplass til 22 så her kom det til å verte trongt om plassen, men ingen bekymra seg over det, her skulle me få plass til alle.
Michael som hadde fått sukkersjokk etter all sjokoladen på veg opp hadde problem med å roe ned, så nokon sette han til å bære inn ved, eit smart trekk! Sjølv etter å ha gått i 6, 5 timar (inkl pausar) sto han på og bar ved til den store gullmedaljen! Etterpå leika han med dei andre ungane.
Det er stupbratt på begge sider av Skålatårnet så ungane måtte passast på.
Dei lagde vardar i ulike fasongar.
Me vaksne sette oss utforbi hytta og naut solnedgangen. Eit vakkert skue å sjå sola gå ned over Nordfjorden!
Evelyn vart ekstra nøgd med ein liten Brimi i koppen.
Klokka 21 var folk flest ferdige med å lage seg mat og folk å legge seg. Ikkje lenge etterpå var det ro i hytta. Alle hadde funne ein plass å sove. Me var 9 stykker i senga så det var trangt om plassen ja! Me pakka oss inn i dyner og ulltepper for ryktet sa at det kunne bli opp mot 6 minus ut og iskaldt i hytto. Men trur nok dei fleste oppe i sovesalen hadde det varmt og godt.
Klokka 06.10 ålte eg meg ut av senga. Når eg for ein gong skuld var på Skåla skulle eg ha med meg soloppgangen og. Eg var ikkje den einaste som hadde tenkt det, me var 3 stykke som sto ute og sugde inn inntrykket av sola som våkna og vekte liv i fjellheimen i Nordfjord! Vakkert!!
I omlag 2 -3 grader pluss og vindstille venta eg på soloppgangen
Gjegnen og Hyeneshesten.
Å Nordfjord Nordfjord når eg ser deg slik.....
Sjekk skuggen av Skåla i fjella bak i der.
Dette var prikken over i'en! Men no vart eg raskt klar til å starte turen ned att. Me åt frukost og kl 8 var eg, Evelyn og Michael klar for turen ned. Var faktisk nokon som gjekk ned 06.30. Det var nok dei som måtte ligge på gulvet. Dei hadde nok frøse slik i natt at dei var glade for å røre på seg..
Me skal heilt ned der.. (sukk)
Steinrøysa kvidde me oss mest til, men den gjekk overraskande bra. Ved Skålavatnet pausa me lenge, åt og fylte flaskene med vatn. Vel me ombestemte oss faktisk med omsyn til det å fylle vatn i flaskene sidan nokon bada der....
Ved Skålavatnet.
Me ser Loen laaaangt der nede.
Michael spretter nedover råsa... verre med meg og Evelyn
Der har eg vore!!
Men takknemligheten for at kroppen er så frisk at eg kan gå ein slik tur kan eg ikkje beskrive!
TAKK TAKK TAKK!!
Vil og takke Michael og Evelyn for at dei ville vere med meg på nok ein opplevelsesrik tur!
Takk og til alle dei andre på vegen som gjorde turen til den den var:
EIT MINNE FOR LIVET!
Dekerten !! Du er jammen rask å blogge :) Som vanleg veeeeldig bra,og så flotte bilder !!!!
SvarSlettHei, Helene! Takk for sist :-) Så ut som en kjempeflott tur, skulle gjerne vært med! Er det alltid så fint vær hos dere? Fin blogg og fine bilder! Berit
SvarSlettTusen takk for at du sendte denne linken, Helene! Dette turmålet såg utruleg fristande ut! Nydeleg! Og spennande med det runde tårnet med så store senger. :) Skal visa bildene til gutane. Både den store og dei "små". :) Klem frå meg og mine.
SvarSlettSpektakulært. Trur eg og Hege lyte ha oss ein tur opp og.
SvarSlettJa det lyte vi! Dette såg ut som ein knallfin tur, trur vi skal satse på overnatting og. Og då må en jamment det ha med seg soloppgongen!
SvarSlett