Endeleg nokon som ville vera med på skitur til Masto. Har vore på veg opp der før, men rett før toppen snøa det så tett at eg såg ikkje næraste vegstikke. Då fann eg det for godt å snu (inga skam å snu)
Guttorm ville gå opp med sonen Bjørn Sigurd i pulk og hunden Tan som dra hjelp. Trur han synes det var litt tungt opp, men ingen av oss klaga.
Oppe pausa me litt før me begynte på nedoverturen. Då køyrde eg plog bak pulken for å halde den igjen. Gitt om knea brann!! Men me kom oss vel ned og turen blei eit godt minne! Er glad eg omsider kom meg opp der på ski!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar