torsdag 17. juni 2010

Ryssdalshornet, 1201 moh. 9. juni 2010













Denne turen har me snakka om i all fall i 2 år. Gitt om eg gleda meg i det eg spratt ut av sengo, sjekka været og utsikta mot hornet, og såg at det var blå himmel og ingen skoddedott rundt toppen!



Evelyn hadde invitert med to kjekke trønderdamer så dette skulle bli bra!






















Her er me på toppen, glade og litt slitne ;)















Her set me og kosar oss før nedturen.






Turen opp var bratt, men ikkje så bratt som "alle hadde sagt". Nokre få parti var det litt klatring på alle fire. Elles synes eg det var fin sti og fint å gå.


Når me kom opp gjekk me heilt inn på det høgaste punktet. Måtte jo det sidan me fyrst var her!

På sjølve Ryssdalshornet skreiv me oss inn i turbøkene som ligg der. Derretter åt me god niste og feira med ein kaffi og baileys ;) Måtte jo feira litt :)

Me gjekk ned igjen same vegen, ned til Ryssdalsstøylen og bilvegen ned til Ryssdalen. Det verste partiet ned var bilveien. Den er bratt og med verkande lårmusklar og eller kne, virka det som om veien aldri tok slutt.

Men vel nede var me godt nøgde med dagens tur!

Neste gong har eg lyst å gå opp same vegen men over hornet og ned på Reed støylen eller ned i Kandalen.

1 kommentar:

  1. Hei! Fine bilde frå Ryssdalshornet. Vi, dvs. Reisemål Stryn & Nordfjord, held på med ei vandrebrosjyre der nettopp Ryssdalshornet er ein av turane. Kunne vi ev. få bruke eit par av dine bilde? Vi er heilt innpå deadline, så kjempefint om du gir rask tilbakemelding! Gjerne på e-post til ingerelin@nordfjord.no

    mvh Inger Elin Nes Hjelle

    SvarSlett