søndag 13. juni 2010

Jomfrutur til Gjegnen ca 2000

Endeleg skulle eg oppleve Gjegnen, eit fjell eg hadde høyrt om, drøymt om og sett på heile livet. Eg har stått i tunet mang ein gong og snakka med folk som skulle på tur til Gjegnen.
Martin ville vera kjentmann for meg og Sonja Hestenes.
Me gjekk frå Metteneset, opp Sælbotskora til Skarven, 927 moh, og vidare til Gullsmedhytta på Metteneshesten,718 moh. Der overnatta me til dagen etter. Det var fint vær då me starta på siste stykke opp til Gjegnen. Me gjekk over elva op oppsida av Skarvevatnet og følgde elles ein fjellrygg til me kom til Breen. Me gjekk utan tau over breen, noko som absolutt ikkje er å anbefale!!! På den andre sida av breen og heilt til toppen gjekk me i ur. Det er viktig å sjå ned, så me stoppa kvar gong me ville nyta utsynet.
Omsider kom me til toppen på Gjegnen, 1670 moh.
Utsynet der er slåande!
Etter ei pause på toppen gjekk me ned til Gjegnabu. Akkurat i det me kom i hytta kom regnet. Men kva gjorde no det, når me hadde hatt fint vær og god sikt heile turen.

Me gjekk frå hytta, ned Skordalen. Og eg må berre seia at folk som går der er galne!! For eitt ekstremt terreng!! Men me kom oss vel ned og takka Martin for turen.
Turen var flott og eg skreiv om turen i Firda Tidend.

Det var ei god kjensle å endeleg ha bestege Gjegnen!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar