søndag 13. juni 2010
På tur med far og mor...
Når eg var 2 og eit halvt år gjekk eg frå Metteneset til Huldrebu på Metteneshesten. Turen har eg høyrt om så lenge eg kan huske, nettopp fordi eg gjekk heile vegen opp sjølv. Etterkvart som eg vart større kunne eg nesten ikkje tru det sidan turen er bratt og tek omlag 3 timar alt etter som kor sprek ein er.
Eg anar ikkje kor mange gongar eg har vore på Metteneshesten. Turen opp var både ferie og nytteturar i oppveksten.
Område rundt Metteneset er bratt. Dermed var alle turar eg gjekk på i oppveksten bratte og tunge turar. Men det var sånn det skulle vere og eg har berre gode minner om fjellturar, fisketurar, sauesanking og hjortejakt saman med familien min i barndomen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar