It has been cold in this part of Norway for a long time now, from 0 to -15.
There is thick ice on the fjord and we had a chance to finally use our ice skates.
We loved it!!
lørdag 16. februar 2013
Develop you photos?
I have all my photos stored at www.eurofoto.no
They have very good quality pictures. You can also print your pictures straight into a book, or on different gifts.
Have a look!
This is Leon, a cute model <3
They have very good quality pictures. You can also print your pictures straight into a book, or on different gifts.
Have a look!
This is Leon, a cute model <3
tirsdag 12. februar 2013
Mirakel
Ofte tenker vi at mirakel er når det hender noko uventa, eller noko "stort". Men legg du merke til alle mirakela som hender kvar dag i livet ditt? Når ei sky vert danna og fyk avstad, når lauv går frå grønt til oransje, når snøklokkene stikk opp av snøen, når snøen smeltar og sola varmar kalde kinn.
Kvar dag er full av mirakel! Det handlar berre om å legge merke til dei!
Kvar dag er full av mirakel! Det handlar berre om å legge merke til dei!
mandag 11. februar 2013
Skitur til Fløtravarden, 860 moh. 8 februar 2013.
Gradestokken syner - 11, men himmelen er stjerneklar. Klokka er 6 om morgonen, eg køyrer min kjære på jobb. Eg har fri. Skal skal ikkje. Skitur, hadde jo vore fint. Det er februar og dei ligg endå på garasjeloftet.
Eg skal.
Eg køyrer heim, ventar på at dagen skal ta til. Leverer mine to herlige gutar. Køyrer vidare, høgre eller venstre i krysset. Bestemmer meg for å bestemme meg når eg kjem fram. Det står mellom Haugsvarden eller Utviken. Det blei til høgre. Utviken.
Når eg kjem opp er klokka halv ni, snøen er framleis blå og horisonten er rosa. Eit godt teikn-sola er på vei.
Kor kaldte det er veit eg ikkje, men det merkar eg snart. Når eg har gått i fem minutt må eg snøre russerhua mi ned til kjakane, dei er stive av kulde.
Det er stille, kaldt og vakkert!
Uansett kva retning eg ser er det blått i ulike nyansar.
Princess er lukkeleg for å vera med.
Godt ho har pelsen endå.
Dei fyrste solstrålande kjem forsiktig opp bak fjella....
og kastar lange skuggar av meg sjølv og hunden
Dette ser kanskje idyllisk ut, men irritasjonen over at Princess gjekk OPPÅ skia mine.... vel eg bestemte meg for at eg ikkje skulle irritere meg, men det holdt hardt!
Kjekkare når ho sprang rundt meg i fult firsprang!
Vi var heilt aleine og ingen reinsdyr var å sjå, så då fekk ho nyte friheten ho og.
Endeleg, etter 1 time og 20 minutt var eg opp.
Unnskyldninga for at det tok så lang tid....eg måtte stoppe så ofte og nyte vakker natur...og ta bilder, sjølvsagt :-)
Eg vurderte faktisk her å gå til Sandane, tenkte eg fekk nok nokon til å hente meg, så ringde til Martin, men ikkje svar å få, og ville det gå bra med Princess? Ho var begynt å få is mellom potane og eg hadde ingen sokkar med til ho, så det vart til at eg bestemte meg for å renne ned att.
Eg happy, Princess kald på beina og rundt snuten.
Skodda låg tjukk i Nordfjorden. Vakker med regnbogefargar på toppen, men glad den låg der og ikkje steig opp til meg!
Turen ned att gjekk fint, hadde berre eit knall og fall, når Princess stilte seg midt i løypa og eg kom susande! Men det gjekk bra med ho, og i grunn var det passe bratt nedover.
Ein tur eg anbefalar for folk flest i alle aldrar. Det er ein lett tur, og når eg kom til bilen var det mange som var på veg oppover.
Recomande this website to read more: Westcoastpeak
Segltur langs kysten. Sommaren 2012.
Naturen i Noreg er slåande vakker, og oftast ser eg denne frå fjord og fjell landskap, men denne gongen skal eg få sjå kysten frå sitt aller vakraste.Vi har kjøpt oss ein liten segbåt nær Aukra, på Møre. Vi køyrer bil opp og etter ein rask inspeksjon var det berre å starte turen sør over.
Det var blikk stille og påhengsen måtte brukaste heile vegen. Det er ein 5 hk så farten er liten. men du verden, dette er spennande likevel.
Hjalmar er skipper på Norskekysten. Martin har utstyrt oss med kart og vi har kart/gps på mobilen som ekstrahjelp.
Det er ingen skjær i sjøen på fyrste etappe. så etter 8 timar er vi ankra opp i båthamna i Midtsund.
Der fann vi ein planke som vi brukte til å skrape avfast grodd blåskjel på båten. Ikkje løjje at det gjekk seint!
Vi koka kvelds på stormkjøkenet og etter litt rydding var det natt. Så underlig å sove ombord i VÅR seglbåt! Liten men stor nok for to som skal lære å segle!
Neste dag våkna vi til lett regn og svak motvind, ikkje det vi hadde bestilt, men skit på, det var berre å starte turen. Det var om å gjere å kome så nær Stadt som muleg. Vi studerte kartet grundig for her kom den verkeleg store navigasjonsutfordringa, når vi skulle passere området rundt Ålesund. Det var smalt og trangt og mykje båt trafikk. Men det skulle nok gå bra.
Eg køyrde bil og kringla meg nedover langs vegen. Stoppa og venta og såg, så køyrde eg litt til, samla nokre kommune skilt på vegen.
Passasjen rundt Ålesund gjekk veldig fint, ingen problem og ingen konflikter med alle ferjene som kryssa fjorden. Vi måtte begynne å leite etter plass og legge båten for nokre dagar. Mamma sat heime og følgde med på kartet og ho visste om ein plass nær Volda, og jammen etter atter nokre timar med sterk motvind kom Hjalmar seglande (les køyrande med påhengs) inn i ei lun båthamn. Der la vi oss til, førtøya båten godt og køyrde heim. Når vinden løya var det Martin sin tur å ta båten rundt Stadthavet.To dagar seinare køyrde eg han ut. Han etterspurde meir utstyr og eg handla i Volda. Etter nokre timar var han klar og sette kursen mot Stadt. Han la seg til for kvelden like nord for Stadt. Han våkna i 3 tida om natta av at det var blikk stille. NO var det berre å sette segl (igjen, les: starte påhengsen)
Han hadde ein stille og roleg seilas rundt Stadt og ankra opp hos Willhelmsen leirskule i Krokpollen. No var han lei og det var min tur å segle siste etappe.
Eg hadde litt sommarfuglar i magen, var tross alt fyrste gong eg hadde køyrt båt inn Nordfjorden, men sidan eg hadde vore med mange gongar før, følte eg meg trygg på at eg kunne vegen. Og her var ingen skjær i sjøen, når eg berre kom meg ut av pollen.Eg hadde teke med Victor, Michael og Christopher som mannskap. Var ikkje lange stunda før dei var leie, så Michael og Christopher la seg ned i lugaren og sov. Victor var kaptein. Så ville eg kvile litt og Victor var framleis kaptein. Heldigvis følgde eg med på kartet på mobilen, viss ikkje hadde vi teke ein omveg om Eid.
Det kom omsider litt medvind og Victor ville gjerne prøve å segle. Og hans iver smitta og vi heiste seglet. Det var moro! Dette kom vi til å like!
Ved Krokeneset kom Kjell susande med sin påhengs. Han og Daniel ville inspisere. Kjell hadde sett oss når han kom med ferja Stårheim - Isane. Det var kjekt med besøk! Eit lite avbrekk.
Når vi kom til Hestenesøyra sto velkomstkomiteen på kaia; mamma, Elaine, Elio og Martin. Ja og Hjalmar sjølvsagt. Det var tid for mannskapsbyte. Eg og Hjalmar skulle få segle siste biten inn til Sandane.Det kjendes utruleg godt å få båten heim! Den er liten og går seint, men so far so good!

Sjølv om draumen allerede var i gang om neste båt, ein 40 fot stor seglbåt vi kan reise verda rundt i.
lørdag 9. februar 2013
Biltur gjennom sør Norge, sør Sverige og Danmark. Påska 2012
Det er påske og fint vær, la oss ta ein biltur. Kor skal vi? Ingen veit, vi setter oss i bilen og køyrer.
Her er nokre bilder:
Her er nokre bilder:
Besøk hos Svigermor og svigerfar sommaren 2012
Øyene ble kolonisert av nordmenn på 800-tallet, og det antas at de første bosetterne kom i tiden etter år 825. Disse var hovedsakelig vikinger fra Norge, samt skotter og irer. Det er rimelig å regne med at det ensidige næringsgrunnlaget på øyene, i all vesentlighet sauehold, kystfiske og fuglefangst, allerede fra vikingtiden gjorde dem avhengige av tilførsler fra Norge, hvilket bidro til å styrke de politiske og kirkelige båndene landene imellom.[6]
For å opprettholde lov og orden ble Alltinget etablert i år 900 etter mønster fra de norske tingene på denne tiden, som Frostatinget. Alltinget er med sitt nåværende navn Lagtinget verdens eldste lovgivende forsamling, også eldre enn det islandske Alltinget. Alltinget ble samlet om sommeren på halvøya Tinganes ved Tórshavn. Stedets sentrale beliggenhet og øya Nólsoy som beskytter stedet mot de verste stormene fra øst, var avgjørende for tingets plassering. Alltingets forhandlinger ble ledet av en lagmann. På Alltingets møter tok man seg av landets anliggender, vedtok lover og meglet ved stridigheter og forente dermed både den utøvende, den lovgivende og den dømmende makt. At alle frie menn var like for loven, var et sentralt begrep.
Men eg skulle besøke svigerforeldrene for fyrste gong. Det gleda eg meg til.
Vi tok fly frå Bergen, kosta oss omlag 1500 kr tur retur. Vi landa på flyplassen Vagar. Der sto svigerfar og møtte oss.
Han køyrde oss heim til Steymnes.
I dagane som følgde fekk eg helse på heimefamilen og svigerfar køyrde oss rundt på øyane slik at eg fekk sjå kva Færøyane hadde å by på av vakker natur.
Det ville Sør Afrika, Sommaren 2012
Sommaren 2012 skulle eg ha min fyrste tur til Sør Afrika. Det var ikkje turar i bushen som var hovudformålet med turen, men kjæresten min og eg planla nokre turar slik at eg skulle få oppleve det som for meg er Afrika: løvar, elefantar, apekattar, giraffar og vakker og vill natur.
Elefantparken i Addo.
Det er mange rike farmarar som lagar "hotell" på gården sin. Vi overnatta på Woodall Butique hotell.
Det var berre såååå lekkert og eksklusivt! Soverommet innbydde til ein romantisk weekend (men sidan vi hadde to barn med oss, så....) Frå badekaret kunne vi sjå rett ut i ei lita elv kor det var rikelig med fuglar. Vi hadde eige mini basseng utanfor rommet og utedusj.
Om kvelden spiste vi superduper god mat, alt vakkert for øye og deilig for ganen.
Dagen etter køyrde vi til Addo Elephantpark.
Heile parken er inngjerda og der er alle slags ville dyr der, men fokuset var naturleg nok elefantane.
Og når vi kom nær flokken på omlag 100 elefantar, matte vi berre sitje å nyte dei. Store, sterke og vakre. Ja og so nokon små babies. Veldig søtt når elefantbabyen kom mot bilen og freste mot oss for å beskytte mammaen sin.
Bilder andre har teke frå parken.
Seaview Lion Park
Seaview Lion Park ligger rett utanfor Port Elizabeth. Det er underlig å stå så nær ein løve, dei var så majestetiske der dei var, eg fekk nesten lyst å gå bort å stryke dei under haka. Men sjølvsagt, dei var ville og dei var innelåst bak eit høgt strømgjerde. Eg hadde nok ikkje vore så høg i hatten om eg hadde møtt på dei ute i bushen...
Vi såg og tiger, zebra, giraff og mange hjortedyr.

Baviaans
Ja namnet seier sitt, no skulle vi sjå bavianar! Området Baviaans ligg på World Heritage si kulturverneliste (eller kva det no heiter) Og tanken på at Geiranger ligg på samelista og ligg laaaangt mot nord, viste meg kor forskjellige områder vi må ta vare på, på vår vakre jordklode.
Igjen overnatta vi på ein bondegård, i ei hytte denne gangen. Hytta var av MEGET enkel standard, nesten som ei shanty hytte. Den var laga av finerplater og betong. Men du verden så fint likevel. Rett ved sida av var der bålplass, og ei elv. På den andre sida var det ein svær appelsinlund. Der gjekk Bjorn og Sven og plukka appelsiner som ikkje var hausta inn, og søtare appelsiner har eg aldri smakt. NYYYYDELIG!!
Vi hadde besøk av gårdens hund, "Dipstick". Og gitt om eg kvapp når det var ein lyd i bushen rett ved sida og hunden sprang etter kvadetennnovar!
Så køyrde vi inn i det freda området av Baviaans. Vegen var stengd med port og vi måtte registrere oss. Dette for at viss vi ikkje var komne tilbake om kvelden ville dei kome og hente oss. Vi kan ikkje forlate bilen og begynne å gå. Då kunne vi møte på slangar, kudo, bavianar og apekattar og ikkje minst ende opp som leopardmat.
Vegane kan samanlignast med veien til Hestenesstøylen; smal, svingete og nokre plassar høøøøøgt utfor. Sidan det var vinter og regnet hadde sperra vegen midt inne i området, møtte vi heldigvis ikkje mange bilar. Vi hadde Landrover og vi kom oss godt fram. Vi køyrde opp på høge åskammar og ned i djupe dalar. Og plutselig sprang det nokre bavianar framfor oss på vegen. Og der var det apekattar og hjortar. Vi såg heile tida etter ville dyr, og det var ekstra kjekt når vi såg nokon.

søndag 29. april 2012
Søndagstur til Holvikfossen
Det er nydelig vår vær og det må nyttast, men kor skal me gå?
Eit blikk på området rundt og turmåla er mange, her er berre å velge å vrake her i Gloppen.
Me køyrde til E 39, parkerte rett over Holvik gard på ein tømmerplass.
Stien er godt merka og me brukte 40 minutt opp. Det er litt bratt mot slutten men stien er trygga med tau i dei brattaste partia.
Utsikten på toppen er upåklagelig.
søndag 26. februar 2012
Vikingtur til Arnanipa, 456 moh
La meg berre seia det med ein gong, dette er ein skrytetur for vikingar på tur i ukjend terreng.
Opp var greitt, då følgde me ein godt merka sti eit stykke, så gjekk me rett opp, tvers gjennom ein granskog. På denne måten sparde me oss ein omveg på grusveg.
Været var flott og det var mange folk i alle aldrar på turen. På toppen stoppa me ei dame og spurte om ho ville ta bilder av tre staute vikingar. Klart ho ville det! (Sjølvsagt sa eg ikkje akkurat dette, då hadde ho vel trudd me var nokre galne utleningar så.... og ja, igjen var eg som nordmann i mindretal, det begynner visst å bli ein normalitet i min kvardag)
På toppen såg me innover mot Osterøy og sørfjorden, kva fjella omkring heiter veit eg ikkje endå, men kanskje finn eg det ut ein dag.
Bjørgheðin, Hjalmar og meg hadde gode filosofiske historiske og menneskelege diskusjonar på veg opp.
På toppen kvila me litt før Bjørgheðin ville visa oss Arna. Då måtte me gå fram på kanten. Utsikta var så fin den berre kan bli her i Arna. SÅ var det viktingtokta tok til. Me ville gå i ukjendt og utrakka fortspor nett som våre forfedre. Dermed tok me til å følgja nokre hjortefar eit stykke før me vende nasene rett unnabakkar. Ein kan vel trygt seie at her har ingen gått før. Bjørkeskogen var tett og bakken var dekka av mose og urskog. Nokre stykker gjekk vi i småelvar og andre gongar klatra me ned små bergskrentar. Eg kan vel trygt seia at me kjende det godt i kroppen i enkelte parti nedover. Men me vikingar hadde det løje på ferda og etter omlag ein halvtime - time var me glade og fornøgde i det me kom på grusveg att.
Alle bør gå i villmark av og til, i ukjend terreng. Når du vågar det, vågar du kjenna litt på dine ukjende sider i deg sjølv. Anbefalast!

Abonner på:
Innlegg (Atom)