søndag 4. juli 2010

Ein smak av Tafjordfjella; Zakariasvatnet. 4. juli.

Me køyrde til Zakariasvatnet for å sjå den store demninga.

 
Ei slik demning burde eigentleg ikkje få plass på denne sida, men kva anna kan eg seia enn at eg vart litt fasinert. At ein kunne kome på det!!  
 
Legge gårdar under vatn og lage eit nytt stort vatn og ein formidalbel demning slik at møringane skulle få straum! Utruleg spør du meg!
Eg, Michael og Victor gjekk langs Zakariasvatnent og mot Reindalsseter. Hadde det ikkje vore for stygge merker i vann kanten hadde dette vore ein nydeleg plass!


Fjellområdet er variert og har alt frå frodige og grøne dalar til majestetiske fjelltoppar, vidder og blå grøne fjellvatn, brear og fossar som stuper nedover høge fjellsider. Om ein vil gå dagsturar eller fleirdagsturar kan ein finne ein tur som passar i dei mektige Tafjordfjella! Eg fekk definitivt lyst til å gå meir her!



”Zakariasdemninga


Oppdemminga av Zakariasvatnet representerte det største naturinngrepet som Tafjord Kraftselskap stod for. Tre gardar vart sette under vatn, på to av dei var det framleis gardsdrift, mens den tredje, som låg i austenden av vatnet. var overtatt av Ålesund-Sunnmøre Turistforening. Gardane måtte løysast ut, og dette førte til nokså oppheita diskusjonar folk imellom og i avisene. Zakariasdemninga stod ferdig i 1968, med fallhøgde 450 til kraftstasjonen nede ved fjorden.


Den 96 meter høge betongdemninga, den høgste av sitt slag i Nord-Europa, er blitt ein stor turistattraksjon. Meir 6000 personar kjem kvar sommar for å gå ut på demningskanten. Demninga er også blitt lønna med ein pris.


Demninga fekk namn etter vatnet, som igjen har fått namn etter Zakarias Knudsson Uri som drukna i 1793. Det fanst ikkje bruer der oppe den gongen, og den smale, men ofte strie Rødalselva vart lagnaden hans. Zakarias skulle ri med hesten over elva i samband med haustonna. Det var blitt storflaum, og medan han var i ferd med å ta seg over, stupte hesten i elvestryket og både hest og mann rausa ut i vatnet og omkom. Den gongen heitte det Nestedalsvatnet, men frå då av vart det kalla Zakarisvatnet.”

Kjelde: http://loype.kulturminneaaret2009.no/kulturminneloyper/opplevingar-paa-gamlevegen-i-roedalen/zakarias-fall-av-hesten-og-drukna

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar