Sidan eg, Victor og Michael var på besøk hjå mammo på Muritunet på Sylte ville me sjå oss litt rundt i nærområdet. Og for eit nærområde!!
Me køyrde gjennom Valldal, der var så vakkert at eg holdt på å køyre av vegen fleire gongar! Store elvar og gneistrande tindar! No skjønar eg kvifor folk er så begeistra for Sunnmørsalpane!
Trollstigen er ein turistmagnet av dei store her til lands. Og for ein plass! Området på toppen er godt utbygd slik at turistar får ei skrekkeleg flott oppleving. Skriver skrekkeleg, for sjølv eg utan høgdeskrekk synes det var skummelt å stå på utkikksplatået og sjå gjennom golvet og laaangt ned! Men stilig var det!
No var det ikkje veien som fasinerte meg mest, sjekk fjella bak Victor!! Han såg ned i svingane medan eg berre måtte dra blikket oppover! Eg veit ikkje kva desse fjella heiter men her er fjell som heiter Dronninga, Kongen og Bispen i desse områda. Mektige namn på mektige fjell!!
Turistbu og høgreiste fjell! Litt "feil" dette men sånn var det no her.
Me køyrde frå Sylte og gjennom Valldalen mot Åndalsnes for å kome hit. På tilbakeveg oppdaga eg at det hadde jammen kong Haakon gjort før meg for nokre få år sidan ;)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar